Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova
I kraft fra: 2008-10-03
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 14-6, § 14-7 og ny § 14-8 skal lyde:
Personar med utdanning og praksis frå andre land må ha sentral godkjenning av yrkeskvalifikasjonane før dei kan bli tilsette som lærarar i grunnopplæringa. Slik godkjenning kan berre bli gitt av Utdanningsdirektoratet.
Godkjenninga skal ta utgangspunkt i om kvalifikasjonane for å utøve læraryrket kan seiast å vere likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-4. I tillegg til dette gjeld særlege vilkår for godkjenning av statsborgarar frå EØS-land og frå Sveits i § 14-8.
Vedtak eller mangel på vedtak frå Utdanningsdirektoratet kan klagast inn for Kunnskapsdepartementet.
I tillegg til å krevje godkjenning frå Utdanningsdirektoratet skal arbeidsgivaren før tilsetjing stille krav om kunnskapar, dugleik og innsikt i norsk språk og i norske samfunnsforhold og skoleforhold som er nødvendige for stillinga. Arbeidsgivaren skal også før tilsetjing stille krav om at vedkommande legg fram attest frå politiet i samsvar med reglane i opplæringslova § 10-9 med tilhøyrande forskrifter.
Søknad på eige formular utarbeidd av Utdanningsdirektoratet skal sendast til Utdanningsdirektoratet.
tilfredsstillande kopi av dokumentasjon for kvalifikasjonar bevis for nasjonalitet bevis for at søkjaren ikkje er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep frå tida før søkjaren kom til Noreg. Beviset skal utferdast av kompetent styresmakt i vedkommande land. Beviset må ikkje vere eldre enn tre månader. Dersom vedkommande land ikkje utferder slike bevis, eller andre forhold gjer det umogleg å skaffe bevis frå styresmaktene i landet, skal det leggjast fram ei eigenerklæring på ære og samvit gjeven til aktuell styresmakt i vedkommande land.
Utdanningsdirektoratet skal handsame søknadar så raskt som mogleg. Innan ein månad etter at søknad er motteken, skal mottaket vere stadfest eller søkjaren få informasjon om manglande dokumentasjon. Avgjerd i ei sak skal gjerast seinast innan fire månader etter at all nødvendig og tilfredsstillande dokumentasjon er lagd fram.
Sjølv om ein person har dei yrkeskvalifikasjonane som skal til for å få godkjenning etter § 14-6 eller § 14-8, kan Utdanningsdirektoratet avslå å gi vedkommande godkjenning ut frå manglande dokumentasjon.
Statsborgarar frå EØS-land og Sveits har rett til godkjenning, dersom dei har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-4.
Statsborgarar frå Sveits har dessutan rett til godkjenning når denne følgjer av reglane i direktiv 89/48/EØF, direktiv 92/51/EØF og direktiv 2001/19/EF, sjølv om dei ikkje har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-4.
Søkjaren er godkjend i ein annan medlemsstat der læraryrket er regulert, og har eit utdanningsnivå frå EØS-land som minst tilsvarer nivået like under det nivået som følgjer av krava i § 14-1 til § 14-4. I samanlikninga av utdanningsnivå skal ein nytte desse fem nivåa: Nivå a: Kompetansebevis for bestått utdanning og erfaring som ikkje femner om krava i nivåa b-e Nivå b: Bevis for fullført og bestått vidaregåande opplæring Nivå c: Eksamensbevis for bestått utdanning ut over vidaregåande opplæring på minst eit år, eller av tilsvarande lengd på deltid, men som ikkje er omfatta av nivåa d og e. I tillegg, dersom det måtte gå fram av krava, eksamensbevis for yrkesopplæring i vidaregåande opplæring, eller Eksamensbevis for bestått utdanning som går fram av vedlegg II til direktiv 2005/36/EF. Nivå d: Eksamensbevis for bestått utdanning ut over vidaregåande opplæring i minst tre år og høgst fire år, eller av tilsvarande lengd på deltid Nivå e: Eksamensbevis for bestått utdanning ut over vidaregåande opplæring i minst fire år eller av tilsvarande lengd på deltid, eller Søkjaren har utdanning frå EØS-land der læraryrke ikkje er regulert, at utdanninga er relevant og minst på nivået like under det aktuelle kravet, og at søkjaren i løpet av dei ti siste åra har arbeidd som lærar i eit omfang tilsvarande minst to år i heiltid i eit slikt land, eller Søkjaren har relevant utdanningsnivå frå eit anna land enn EØS-land, at denne utdanninga er godkjend av eit EØS-land, og at søkjaren har tre års godkjend erfaring som lærar frå dette EØS-landet.
at utdanninga søkjaren legg fram kvalifikasjonsbevis for, er minst eitt år kortare enn den samla utdanningstida som følgjer av § 14-1 til § 14-4, eller at innhaldet i søkjaren si utdanning avvik vesentleg frå innhaldet i den aktuelle norske utdanninga, eller at læraryrket i heimlandet til søkjaren ikkje er omfatta av dei reguleringar som gjeld læraryrket i Noreg, og at forskjellen består i at den norske lærarutdanninga inneheld vesentleg andre tema enn det søkjaren kan dokumentere.
Søkjaren kan sjølv velje mellom prøveperiode og test på om han er eigna.
Nærmare utdjupingar av vilkåra for godkjenning av statsborgarar frå EØS går fram av direktiv 2005/36/EF. Nærmare utdjupingar av vilkåra for godkjenning av statsborgarar frå Sveits går fram av direktiv 89/48/EØF, direktiv 92/51/EØF og direktiv 2001/19/EF.
Noverande § 14-8 blir ny § 14-9.
Noverande § 14-9 blir ny § 14-10.
II
Endringane trer i kraft på tidspunktet for kunngjeringa.