Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om særtilskot

LTI/forskrift/2008-12-15-1368·Kunngjort 17. desember 2008·Journalnr. 2008-1114

I kraft fra: 2009-01-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 121 om særtilskot blir det gjort følgjande endring:

§ 1, § 2 og § 3 skal lyde:

Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Dersom foreldra ikkje blir samde om å halde ei markering av konfirmasjonen saman, kan begge foreldra påleggjast å yte særtilskot til den andre forelderen si markering. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.

Særtilskot blir fastsett av tilskotsfuten på grunnlag av dei faktiske utgiftene som blir dokumenterte. Det kan ikkje påleggjast særtilskot dersom utlegget er lågare enn fullt tilskotsforskot per månad etter forskotteringslova.

Særtilskot skal fastsetjast slik at dei dokumenterte nettoutgiftene blir fordelte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira etter forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Særtilskot skal ikkje reduserast for samvær. Det skal ikkje fastsetjast særtilskot dersom den tilskotspliktige manglar full bidragsevne. Der foreldra held to markeringar av konfirmasjonen som fell tett saman i tid, skal særtilskotet fastsetjast som eit nettobidrag.

Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

Særtilskot skal betalast i ein samla sum. Særtilskot kan likevel betalast i terminar dersom utlegget skal gjerast opp slik.

II

Endringa gjeld frå 1. januar 2009.