Forskrift om endring i forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet
I kraft fra: 2009-01-01
I
I forskrift 21. februar 2005 nr. 168 om gebyr til Post- og teletilsynet blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 skal lyde:
Gebyr vert utmåla anten som eit eingongsgebyr eller som årleg gebyr for heile kalenderår (gebyrperiode).
Det skal betalast gebyr for kalenderåret når løyve, registrering eller autorisasjon er gyldig ved starten av kalenderåret. Det skal òg betalast gebyr for heile kalenderåret i det år registrering vert gjort, eller løyve eller autorisasjon vert gitt. Dersom løyve, registrering eller autorisasjon er oppsagt innan starten av eit kalenderår, skal det ikkje betalast gebyr for det følgjande året.
for 5-sifra nummer kr 3 300 for kvart nummer. For 5-sifra nummer til ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter er gebyret kr 2 000 for kvart nummer
§ 6 nytt tredje ledd skal lyde:
Post- og teletilsynet kan fordele gebyret etter andre kriterium enn omsetning, for å oppnå ei betre forholdsmessig fordeling av gebyret. Slike kriterium kan mellom anna vere brøkdel av talet på abonnentar eller brøkdel av trafikkvolum på sluttbrukarnivået. Der anna kriterium vert nytta, skal det gjelde for heile marknader eller delar av enkeltmarknader, jf. andre leddet. Fordelinga av gebyret etter slike kriterium skal skje etter tilsvarande retningslinjer som ved fordeling etter omsetning i andre leddet så langt dei passar. Det gjeld òg vurderinga av den samla aktiviteten eller andre grunnlag for kriteriet, blant anna det samla talet på abonnentar og det samla trafikkvolumet i konsern. Omsetningsgrensa i andre leddet første punktum gjeld tilsvarande.
Kapittel III § 7 – § 12 skal lyde:
Innehavar av løyve for radioamatørar skal betale kr 2 000 i eingongsgebyr.
Frekvensløyve er løyve til å ta i bruk delar av frekvensspekteret. Sendarløyve er eit frekvensløyve som gir rett til å ta i bruk spekteret med konkrete radiosendarar. Spektrumsløyve er eit frekvensløyve som gir rett til å nytte ein del av spekteret i eit geografisk område utan at det er definert kor radiosendarane skal plasserast.
Samla gebyr som skal fordelast mellom innehavarane av frekvensløyve etter § 8 til § 12, er beløpet etter § 1 andre ledd nummer 2, fråtrekt gebyr etter § 7 og § 13.
40 % mellom dei med frekvensløyve for Profesjonell Mobil Radio og sendarløyve for lågeffektssystem. 8 % mellom dei med sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester unnateke sendarar for analog TV-kringkasting. Gebyr for vidaresending av kringkasting skal òg reknast ut etter denne bokstaven. 3 % mellom dei med sendarløyve for analog TV-kringkasting, men ikkje sendarløyve for vidaresending. Gebyret for sendarløyve for analog TV-kringkasting, men ikkje sendarløyve for vidaresending, skal krevjast inn av innehavarane av løyve i frekvensbandet 470-790 MHz frå og med det tidspunktet alle løyve for analog TV-kringkasting, bortsett frå løyve for vidaresending, opphøyrar eller vert sagde opp. 10 % mellom dei med andre sendarløyve enn dei som fell inn under bokstavane a, b og c. 39 % mellom dei med spektrumsløyve.
Innehavar av spektrumsløyve for Profesjonell Mobil Radio skal betale kr 100 000 for kvart PMR-nett dei har, og kr 6 250 for kvar 12,5 kHz kanal som vert disponert. Om det regionale løyvet dekkjer meir enn to regionar, skal innehavaren betale som for eit landsdekkjande spektrumsløyve.
Innehavar av regionale spektrumsløyve for Profesjonell Mobil Radio skal betale eit fast beløp for kvar region løyvet gjeld, og kr 2 000 for kvar 12,5 kHz kanal som vert disponert. Fastbeløpet som innehavarane skal betale, går fram av tabellen under. Region 1 Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Buskerud, Telemark kr 40 000 Region 2 Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland kr 20 000 Region 3 Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal kr 20 000 Region 4 Oppland, Hedmark kr 20 000 Region 5 Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag kr 20 000 Region 6 Nordland, Troms og Finnmark kr 20 000
Samla gebyr etter § 9 første og andre ledd skal trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd bokstav a. Beløpet som då kjem fram, skal fordelast mellom innehavarane av sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio og sendarløyve for lågeffektssystem på denne måten: Basestasjonar og lågeffektsløyve vert tilordna ei vekt på 5. Mobile stasjonar vert tilordna ei vekt på 1. Gebyret for stasjonar og løyve for lågeffektssystem vert lik deira eiga vekt dividert på det samla talet på vekta stasjonar med sendarløyve og løyve for lågeffektsutstyr multiplisert med beløpet etter § 9 tredje leddet første punktum.
Dei som har sendarløyve for riksdekkjande kringkastingsnett, skal betale ein gebyrkomponent på kr 500 000 for kvart nett, pluss gebyr for kvar sendar etter tredje ledd.
Dei som har sendarløyve for andre kringkastingsnett, skal betale ein gebyrkomponent på kr 2 000 for kvart nett, pluss gebyr for kvar sendar etter tredje ledd.
Samla gebyr etter første og andre ledd skal trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd bokstav b, men i perioden fram til og med det tidspunktet alle løyve for analog TV-kringkasting, bortsett frå løyve for vidaresending, opphøyrer eller vert sagde opp, skal i staden det samla gebyret etter første og andre ledd trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd bokstav b og c. Beløpet som då kjem fram, skal fordelast mellom dei som har sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester, på denne måten: Gebyret for kvar sendar vert lik sendaren si vekt dividert på det samla talet vekta sendarar og deretter multiplisert med beløpet etter tredje ledd første punktum.
Sendarar som fell inn under fleire kategoriar, vert tilordna ei vekt som er lik produktet av vekta i kvar kategori. Sendarar vert tilordna vekt som i tabellen under. Kategori Vekt Sendareffekt mindre enn 50 W 3,0 Sendareffekt frå og med 50 til og med 1 000 W 5,0 Sendareffekt større enn 1 000 W 10,0 Sendar i frekvensband under 30 MHz 50,0 Sendar i riksnett 0,5
Gebyr for sendarløyve som ikkje fell inn under § 9 tredje ledd og § 10, vert fastsett etter denne paragrafen.
Dei som har sendarløyve for offentleg elektronisk kommunikasjonsnett på skip, skal betale ein gebyrkomponent for kvart løyve på kr 5 000 pluss kr 2 000 per skip løyvet gjeld for.
Sendarløyve for jordstasjonar for satellitt og stasjon til bruk til forsking vert tilordna ei vekt på 55.
Stasjonar med effekt under eller lik 0,5 W, vert tilordna ei vekt på 2. Stasjonar med effekt høgare enn 0,5 W, vert tilordna ei vekt på 8.
Andre sendarar vert tilordna vekt som i tabellen under. Frekvensband Bandbreidd Vekt Frekvensband lågare enn 1 GHz Til og med 25 kHz 5,0 Frekvensband lågare enn 1 GHz Frå 25 kHz til og med 150 kHz 8,0 Frekvensband lågare enn 1 GHz Over 150 kHz 25,0 Frekvensband frå og med 1 GHz til 4 GHz Til og med 2 MHz 8,0 Frekvensband frå og med 1 GHz til 4 GHz Over 2 MHz 12,0 Frekvensband frå og med 4 GHz til 9 GHz Til og med 25 MHz 10,0 Frekvensband frå og med 4 GHz til 9 GHz Frå 25 MHz til 55 MHz 14,0 Frekvensband frå og med 4 GHz til 9 GHz Frå og med 55 MHz 25,0 Frekvensband frå og med 9 GHz til 20 GHz Til og med 25 MHz 6,0 Frekvensband frå og med 9 GHz til 20 GHz Frå 25 MHz til 55 MHz 8,0 Frekvensband frå og med 9 GHz til 20 GHz Frå og med 55 MHz 13,0 Frekvensband frå og med 20 til 40 GHz Til og med 25 MHz 3,0 Frekvensband frå og med 20 til 40 GHz Frå 25 MHz til 55 MHz 4,0 Frekvensband frå og med 20 til 40 GHz Frå og med 55 MHz 7,0 Frekvensband frå og med 40 GHz Til 2,5 GHz 2,0 Frekvensband frå og med 40 GHz Frå og med 2,5 GHz 4,0
Samla gebyr etter andre ledd skal trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd bokstav d. Beløpet som då kjem fram, skal fordelast mellom dei som har sendarløyve, slik at gebyret for kvar sendar vert lik sendaren si vekt delt på det samla talet vekta sendarar og deretter multiplisert med beløpet etter sjette ledd første punktum.
Gebyr for spektrumsløyve som ikkje fell inn under § 9 første og andre ledd, vert fastsett etter denne paragrafen.
20 % av beløpet etter § 8 tredje ledd bokstav e skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer. Dei skal òg betale gebyr etter tredje ledd.
Beløpet etter § 8 tredje ledd bokstav e, minus summen av dei faste gebyrkomponentane etter § 12 andre ledd, skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve i forhold til den bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar. Bandbreidda vert tilordna ei vekt lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Bandbreidda vert òg tilordna ei vekt som i tabellen under. Frekvensband som ikkje er nemnde i tabellen, vert tilordna ei vekt lik 1. For regionale løyve vert denne vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. Gebyret som vert rekna ut på grunnlag av disponert bandbreidd, er lik den vekta bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar, delt på den samla vekta bandbreidda multiplisert med beløpet etter tredje ledd første punktum. Frekvensband Vekt 47-68 MHz 0,1 174-240 MHz 7,0 380-430 MHz 3,0 450-470 MHz 5,0 470-790 MHz 2,0 870-880/915-925 MHz 4,0 880-915/925-960 MHz 9,0 1785-1805 MHz 7,0 1710-1785/1805–1880 MHz 17,0 1900–1980/2110-2170 MHz 20,0
Noverande § 14 vert til § 13 og skal lyde:
Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr for internasjonal koordinering for satellittverksemd, gebyr for Forsvaret sine frekvensløyve, gebyr for frekvensløyve for maritim radioverksemd og gebyr for frekvensløyve knytt til luftfartsverksemd.
Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr for frekvensløyve som ikkje er omfatta av reglane i fyrste ledd eller reglane i § 7 – § 12.
Noverande § 15 og § 16 vert til § 14 og § 15.
Noverande § 17 vert til § 16 og skal lyde:
Gebyr for registrert leverandør av radio- og terminalutstyr er kr 6 000.
Gebyr for registrert radioforhandlar er kr 1 200.
Ny § 17 skal lyde:
Samla gebyr etter § 14 – § 16 og § 18 skal trekkjast frå beløpet etter § 1 andre ledd nummer 3. Gebyret for kvar autorisasjon vert då beløpet som følgjer av første punktum, dividert på det samla talet på autorisasjonar innan kategoriane teleinstallatør, radioinstallatør og kabel-TV-installatør.
§ 18 skal lyde:
Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr for nasjonal godkjenning av radio- og terminalutstyr og for løyve for radioutstyr som ikkje er omfatta av reglane i § 14 – § 16.
II
Endringane gjeld frå 1. januar 2009.