Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

LTI/forskrift/2009-03-05-289·Kunngjort 13. mars 2009·Journalnr. 2009-0235

I kraft fra: 2009-03-05

Endrerforskrift/2005-12-09-1715
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-2lov/2005-04-01-15 § 3-3lov/2005-04-01-15 § 3-4lov/2005-04-01-15 § 3-5lov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 3-8lov/2005-04-01-15 § 3-9lov/2005-04-01-15 § 3-10lov/2005-04-01-15 § 3-11lov/2005-04-01-15 § 4-2lov/2005-04-01-15 § 4-5lov/2005-04-01-15 § 4-6lov/2005-04-01-15 § 4-7lov/2005-04-01-15 § 4-8lov/2005-04-01-15 § 5-1lov/2005-04-01-15 § 5-2lov/2005-04-01-15 § 5-3lov/2005-04-01-15 § 7-1

Kapittel 1. Definisjonar og vedtaksmynde

§ 1-1 . Definisjonar

Lova: Lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler. Forvaltningslova: Lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker. Opptak: Opptak vil seie at ein har søkt, fått vurdert sin kompetanse og er innvilga studierett til eit studieprogram. Studieprogram: Eit studieprogram er ei sjølvstendig eining godkjend av styret for Høgskulen i Volda eller Kunnskapsdepartementet som studentar får opptak og studierett til. Eit studieprogram har eit definert innhald i ein studieplan og fører fram til avsluttande eksamen eller grad. Student: Ein student er ein person som er teken opp til eit studieprogram ved HVO. Privatist: Ein privatist er ein person som framstiller seg til eksamen ved høgskulen utan å vere teken opp og registrert som student. Studierett: Studierett til eit studieprogram vil seie at ein har tilgang til undervisning og eksamen i emne som inngår i programmet, og eventuelt også praksis og andre obligatoriske eller valfrie element i programmet. Studieplan: Ein studieplan konkretiserer innhaldet i eit studieprogram med m.a. læringsmål, faginnhald og plan for gjennomføring. Ein studieplan er sett saman av eitt eller fleire emne med tilhøyrande emneplanar. Studiepoeng: Studiepoeng (stp.) er eit mål for omfanget av studieprogram og emne. 60 studiepoeng tilsvarar fulltids arbeidsinnsats i eit heilt studieår. Eit studieår skal tilsvare 1600 arbeidstimar, og eit studiepoeng 26,7 arbeidstimar. Emne: Med emne meiner ein ei eining innanfor eit studieprogram. Eit emne har eit definert innhald i ein emneplan og gjev utteljing i form av studiepoeng. Emneplan: Med emneplan meiner ein ei konkretisering av innhaldet i eit emne med m.a. læringsutbytte, undervisningsform, pensum og vurdering. Eksamen: Med eksamen meiner ein prøving med påfølgjande sensur, der resultatet av sensuren anten står på vitnemål/karakterutskrift eller vert rekna inn i ein karakter som står på vitnemål/karakterutskrift. Eksamen er normalt individuell. Eksamensdel: Med eksamensdel meiner ein prøving med påfølgjande sensur, der resultatet av sensuren vert rekna inn i ein karakter som står på vitnemål/karakterutskrift. Sensureining: Ei sensureining er det arbeidet/materialet som ein eksamenskarakter blir sett på grunnlag av. Mappe: Ei mappe er ei samling tekstar og/eller andre produkt som er produserte gjennom ein viss periode. Heile mappa eller utvalde element frå mappa kan danne grunnlag for eksamen. Prosessen for å velje ut kva element i mappa som skal telje med i mappeeksamenen, skal gå fram av emneplanen. Mappeeksamenen er ei sensureining. Skriftleg skuleeksamen eller munnleg eksamen kan ikkje inngå i mappa. Arbeidskrav: Med arbeidskrav meiner ein alle former for prøving som ikkje er eksamen, men som er vilkår for å gå opp til eksamen. Vurdering: Vurdering kan omfatte arbeidskrav, praksis og eksamen. Krav til kva som inngår i vurderinga, skal gå fram av studie- og emneplanar for studieprogrammet.

§ 1-2 . Vedtaksmynde

I saker der vedtaksmyndet i denne forskrifta ikkje eksplisitt er lagt til nokon annan instans, er det direktøren eller den han gjev fullmakt som har avgjerdsrett. Direktøren godkjenner retningslinjer med grunnlag i forskrifta. Strategisk studienemnd er høyringsinstans for alle nye retningslinjer med grunnlag i forskrifta.

§ 1-3 . Generelle reglar

Denne forskrifta gjeld for studentar og privatistar ved Høgskulen i Volda. Alle studentar har plikt til å setje seg inn i gjeldande regelverk ved Høgskulen i Volda og spesifikt for studium dei følgjer. Vidare pliktar studenten å setje seg inn i studieplanar, emneplanar, eksamensplanar, retningslinjer for eksamen og fusk og vilkår for å gå opp til eksamen.

Kapittel 2. Gradar

§ 2-1 . Bachelorgrad, normert tre år

Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av fullført treårig rammeplanfesta utdanning (180 stp.) som ifølgje rammeplan eller forskrift gjev bachelorgrad. Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av fullført treårig integrert utdanning utan rammeplan (180 stp.) som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gjev bachelorgrad. Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av tre års studium (180 stp.) som inneheld minst ei eining på minimum 80 stp. i eit fagområde, der minimum 20 stp. er på fordjupingsnivå, eller eit integrert studium på 120 stp. ei eining på minimum 30 stp. i eit anna fagområde enn i punktet ovanfor. eit sjølvstendig arbeid knytt til fordjupingsdelen på minimum 15 stp. Høgskulen i Volda kan berre tildele grad eller skrive ut vitnemål for fullført utdanning på grunnlag av utdanning som stettar krav gjeve i forskrift om godskriving av høyere utdanning.

§ 2-2 . Allmennlærar, normert fire år

Høgskulen i Volda tildeler graden allmennlærar (240 stp.) på grunnlag av gjeldande rammeplan. I fireårig allmennlærarutdanning inngår ein treårig bachelorgrad.

§ 2-3 . Mastergrad, normert to år

Høgskulen i Volda tildeler mastergraden etter reglane i gjeldande forskrift om krav til mastergrad.

Kapittel 3. Studieprogram og emnestruktur

§ 3-1 . Utforming av studieplanar

Direktøren godkjenner studieprogram- og emnestruktur. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for dette arbeidet. Emne skal normalt vere på 15 stp. Utdanningar som følgjer rammeplanar der andre emnestorleikar er definerte, og der berre ei studentgruppe tek studiet, er unnatekne frå dette punktet. Emnenivået skal gå fram av emnekode/-namn. Følgjande kodar viser nivået til emna: 100-emne er på grunnivå (grunnemne) 200-emne er på fordjupingsnivå (fordjupingsemne) 300-emne er på mastergradsnivå (masteremne). Alle fordjupingsemne må byggje på minst to grunnemne. Emneplanane viser kva grunnemne som er forkrav til fordjupingsemne. Masteremne byggjer normalt på fullført bachelorstudium eller tilsvarande. Eit studieprogram kan ha både lukka og opne emne. Lukka emne kan berre takast av studentar som har studierett på eitt eller fleire definerte studieprogram. Opne emne kan takast også av andre studentar enn primærmålgruppa.

§ 3-2 . Etablering og godkjenning av studieprogram

Den strategiske studienemnda vedtek etablering av studieprogram på inntil 30 stp. Styret vedtek etablering av studieprogram på meir enn 30 stp.

§ 3-3 . Nedlegging av studieprogram

Den strategiske studienemnda vedtek nedlegging av studieprogram på inntil 30 sp. Styret vedtek nedlegging av studieprogram på meir enn 30 stp.

§ 3-4 . Godkjenning av studie- og emneplanar

Nye studie- og emneplanar skal først godkjennast av dekanen på den avdelinga studieprogrammet/emnet er knytt til. Nye studie- og emneplanar skal vedtakast av den strategiske studienemnda etter godkjenning av dekanen. Revisjonar av eksisterande studie- og emneomtalar skal godkjennast av dekanen på den avdelinga studieprogrammet/emnet er knytt til.

§ 3-5 . Publisering av studieplanar

Alle studieplanar blir publiserte i studiehandboka på Internett etter godkjenning. Studiesjefen er ansvarleg redaktør for studiehandboka.

Kapittel 4. Studieår og fristar

§ 4-1 . Studiekalender

Direktøren vedtek for kvart studieår ein studiekalender som inneheld tidfesting av og fristar for opptak, undervisning, eksamen, betaling av studentavgifter og andre høve som gjeld ved HVO. Studiekalenderen vert kunngjord på høgskulen sine nettsider.

§ 4-2 . Manglande oppfylling av fristar

Manglande oppfylling av fristar som er knytte til betaling og registrering, kan føre til inndraging av studierett. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for studierett.

Kapittel 5. Studentavgifter

§ 5-1 . Semesteravgift

Om reglar for betaling av semesteravgift til studentsamskipnaden, sjå lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader og tilhøyrande forskrift.

§ 5-2 . Materiellpengar

Direktøren fastset storleiken på materiellpengar til Høgskulen i Volda.

§ 5-3 . Rett til semesterkvittering

Betalt semesteravgift og materiellpengar etter § 5-1 og § 5-2 vil, saman med gyldig studierett, gje rett til semesterkvittering som stadfestar at ein er student eit gitt semester.

§ 5-4 . Studieavgifter

Styret kan vedta at studentar på studieprogram som ikkje er dekte av § 7-1 (1) i lova, skal betale studieavgift som heilt eller delvis dekkjer kostnadene som er knytte til studieprogrammet. Andre studie- og studentavgifter enn i § 5-1 og 5-4 skal godkjennast av styret.

Kapittel 6. Studieløp

§ 6-1 . Studierett

Studieretten kan regulerast med særskilde krav for kvart einskilt studieprogram. Slike krav skal gå fram av studieplanen for studieprogrammet. Studieretten til eit studieprogram fell normalt bort ved fullføring av studieprogrammet eller ved oppnådd grad som studieprogrammet fører til. Eit studieprogram kan, etter avtale med HVO, gjennomførast med redusert progresjon dersom studieopplegget gjer dette mogleg.

§ 6-2 . Utdanningsplanar og utdanningsrettleiing

Studentar på studieprogram på 60 stp. eller meir skal ha ein utdanningsplan, jf. lova § 4-2. Utdanningsplanen viser innhaldet og progresjonen i den planlagde utdanninga for studenten. Studentar på studieprogram på inntil 60 stp. kan ha ein utdanningsplan. Dekanen ved kvar avdeling peikar ut utdanningsrettleiar for studentar på studieprogram på 60 stp. eller meir. Utdanningsrettleiarane gjennomfører utdanningssamtalar med sine studentar. Studentar har kvart semester rett til ein utdanningssamtale om utdanningsplanen sin. Utdanningssamtalen kan gjennomførast individuelt eller i grupper. Dersom ein av partane ønskjer det, skal samtalen gjennomførast individuelt. Studenten kan skifte utdanningsrettleiar. Slikt skifte kan i regelen ikkje skje oftare enn éin gong kvart semester, og grunngjeven søknad om skifte skal rettast til dekanen ved avdelinga. Utdanningsrettleiaren kan be om at dekanen peikar ut ny utdanningsrettleiar for studenten dersom han/ho ikkje har høve til å følgje opp rettleiingsavtalen. Dekanen kan ved behov og på eige initiativ peike ut ein ny utdanningsrettleiar for studenten.

§ 6-3 . Godkjenning

Ein student kan få godkjent emne tekne ved HVO eller ved andre institusjonar i eit studieprogram, jf. lova § 3-4. Studiesjefen avgjer søknader om godkjenning i samråd med den studieprogramansvarlege. Ved godkjenning skal det vurderast om studenten får dobbel utteljing for same faginnhald og dermed skal ha studiepoengutteljinga i eitt eller fleire av emna i studieprogrammet redusert.

§ 6-4 . Praksis

Vurderingsuttrykket for praksis skal gå fram av studieplanen. For dei utdanningane som er styrte av rammeplan, gjeld rammeplanen sine føresegner om praksis. For å kunne ta til i praksis kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat. Medisinske eller sterke velferdsgrunnar kan gje grunnlag for særordningar knytte til gjennomføring av praksis. Dekanen, eller den dekanen gjev fullmakt, avgjer søknader om dispensasjon. Ved godkjenning av praksis skal prosessen som fører fram til eit vedtak om godkjenning/underkjenning av praksis, i størst mogleg grad vere skriftleg og kunne dokumenterast. Dekanen avgjer om praksisopplæring skal godkjennast eller ikkje. Ved ikkje-godkjend praksis er det normalt høve til å framstille seg på nytt ein gong til ny eller alternativ prøving og vurdering. Dekanen vedtek retningslinjer som spesifiserer kriteria for gjennomføring og vurdering/godkjenning av praksis. I alle studieprogram/emne med rettleidd praksis vedtek dekanen i tillegg retningslinjer som spesifiserer kriteria for oppfølging av og tilbakemelding på praksis.

§ 6-5 . Særskild tilrettelegging av studiesituasjonen

Ein student kan søkje om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen så sant studieopplegget gjer dette mogleg. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Det skal gå fram av attesten kva som trengst av særskild tilrettelegging. Ved varige behov for tilrettelegging skal studenten normalt fremje søknaden seinast i tilknyting til at studenten takkar ja til studieplassen etter opptaket. Ein student som får behov for særskild tilrettelegging av studiesituasjonen etter å ha teke til på studieprogrammet, skal søkje snarast råd etter at behovet oppstod. Studiesjefen avgjer i samråd med dekanen søknader om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen.

§ 6-6 . Overgang mellom studieprogram

Studentar som er tekne opp til eit studieprogram ved HVO, kan få overgang til eit anna studieprogram i same fagområdet dersom studenten har fått studierett gjennom ordinært opptak, møtt til studiestart og registrert seg på det studieprogrammet han/ho vart teken opp til studieprogrammet studenten søkjer overgang til, ikkje er lukka ved poengrangering studenten fyller opptakskravet til studieprogrammet. Ved poengrangering kan overgang vurderast dersom studenten sin poengsum er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak. Studentar søkjer om overgang til Studieadministrasjonen innan fastsett frist. Den som får innvilga overgang, misser studieretten på det gamle studieprogrammet og får tildelt studierett på det nye studieprogrammet. Studentar som ønskjer overgang til eit studieprogram som ikkje er dekt av denne overgangsordninga, må søkje om opptak på vanleg måte.

§ 6-7 . Permisjon

Studentar som for ein avgrensa periode ikkje har høve til å følgje undervisning og ta eksamen på studiet dei er tekne opp på, kan søkje permisjon frå studiet. Permisjon skal søkjast skriftleg. Om fødselspermisjon, jf. lova § 4-6. Det blir normalt ikkje gjeve permisjon for å ta til på eit anna studieprogram eller for å gå over i arbeid. Studentar i fleirårige program kan likevel få permisjon for å ta valfri del av utdanninga ved ein annan institusjon. Permisjon blir innvilga for eitt eller fleire semester, men normalt ikkje lenger enn to år. Det blir ikkje gjeve permisjon for kortare periodar enn eitt semester. Ved nokre utdanningar, der praksis tilseier ei slik ordning, blir det ikkje gjeve permisjon for kortare periodar enn eitt år. Retten til permisjon gjeld normalt berre for ordinære studieprogram med oppstart kvart år. På studieprogram som ikkje har oppstart kvart år, blir søknader om permisjon vurdert særskilt i kvart tilfelle. Ein student som ikkje følgjer normal studieprogresjon må følgje gjeldande studieplan og dei vurderingsordningane som går fram av denne planen. Ein student i permisjon kan innan oppmeldingsfristen i kvart semester annullere permisjonen sin. Studenten avgjer dette i samråd med den studieprogramansvarlege. Annulleringa skal skje ved skriftleg melding til høgskulen.

Kapittel 7. Undervisning

§ 7-1 . Undervisningspåmelding og opptak

For kvart semester blir det gjennomført eit undervisningsopptak der studentar i fleirårige løp melder seg på undervisning i emna dei planlegg å ta i følgjande semester. For å kunne melde seg på undervisning kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat. Dekanen vedtek kor stor kapasitet emna har. På emne med avgrensa kapasitet blir det gjennomført eit opptak til undervisning i emna. Ved slikt opptak prioriterer ein søkjarane normalt slik: Studentar på studieprogram der emnet er obligatorisk På engelskspråklege emne studentar i Erasmus-program Studentar på studieprogram der emnet kan inngå som valbart emne Studentar på studieprogram der emnet kan inngå som valfritt emne Studentar på andre studieprogram og emnestudentar. Innanfor kvar søkjargruppe kan ein nytte følgjande måtar å rangere søkjarane på: Opptakspoengutrekning til einskildemne kan gjerast etter mønster av poengutrekninga for studieprogrammet som emnet er ein del av. Poeng rekna ut på grunnlag av karakterar frå tidlegare høgare utdanning (frå HVO og eventuelt også frå andre institusjonar). Motivasjonssøknad. Arbeids- eller opptaksprøver. Studiesjefen kan setje ned ein opptakskomité som skal avgjere søknader om emneopptak på grunnlag av motivasjonssøknader og arbeids- eller opptaksprøver. Studentar må svare på eventuelle tilbod om undervisning innanfor dei fastsette fristane for å behalde retten til undervisning og eksamen på dei aktuelle emna.

§ 7-2 . Arbeidskrav

Vurderingsuttrykket for arbeidskrav skal vere godkjent/ikkje godkjent. I alle emne med arbeidskrav skal det normalt ligge føre ein semesterplan som spesifiserer fristar for gjennomføring/innlevering av arbeidskrav. Den emneansvarlege er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrav, eventuelt for koordineringa av slik godkjenning der fleire fagtilsette er involverte. Dersom studenten av særskilde grunnar ikkje kan gjennomføre/levere eit arbeidskrav som planlagt, skal han søkje til dekanen om forlengd frist innan rimeleg tid før fristen for arbeidskravet går ut. Med særskilde grunnar meiner ein medisinske grunnar eller andre velferdsgrunnar som fører til forseinkingar for studenten sitt arbeid. Slike søknader skal vere dokumenterte med attest frå lege eller annan sakkunnig. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav, får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet. Ved klage på underkjenning av eit arbeidskrav skal arbeidskravet vurderast på nytt. Klagehandsaminga skal følgje lova § 3-9 og § 5-3, dvs. at ein skal foreta ei ny vurdering med to sensorar, av dei minst ein ekstern. Studentar som ikkje får gå opp til eksamen på grunn av manglande oppfylling av arbeidskrav, må melde seg opp til emnet på nytt ved neste ordinære avvikling.

§ 7-3 . Frammøte/deltaking

Studieplanane skal vise kva undervisning, aktivitetar og arbeidsoppgåver som har obligatorisk frammøte. Semesterplanen i kvart emne skal vise korleis dei obligatoriske delane fordeler seg i studieåret. Ein krev normalt 80 prosent frammøte i den obligatoriske delen av eit emne. Ved meir fråvær skal emnet normalt takast på nytt. Dersom studenten av særskilde grunnar ikkje klarer å innfri kravet til 80 prosent frammøte, skal han sende søknad om dispensasjon til dekanen til vurdering og avgjerd. Dekanen kan då påleggje studenten eit arbeidskrav som erstatning. Med særskilde grunnar meiner ein medisinske grunnar eller andre velferdsgrunnar. Slike søknader skal vere dokumenterte med attest frå lege eller annan sakkunnig. Ved undervisning med obligatorisk frammøte skal den emneansvarlege syte for at det blir ført logg over frammøtet til kvar student. Studenten skal sjølv halde seg orientert om fråværet sitt. Dersom ein student ikkje får godkjent frammøtet i eit emne, misser han retten til å gå opp til eksamen i emnet. Etter søknad kan dekanen gje studenten fritak frå obligatorisk frammøte/deltaking for å ivareta valde tillitsverv i styringsordningar ved HVO og Studentsamskipnaden for Sunnmøre, eller verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar.

§ 7-4 . Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studieplanen skal vise obligatorisk undervisningsaktivitet for studium og emneplanen for emne. Obligatorisk undervisningsaktivitet er ein sjølvstendig del av gjennomføringa av studiet eller emnet. Ein student som har gjennomført og fått godkjent ein undervisningsaktivitet, får ikkje følgje undervisningsaktiviteten fleire gonger. I særlege tilfelle kan dekanen likevel innvilge ny deltaking etter søknad. Undervisningsaktivitet som ikkje er godkjend og der det ikkje er registrert gyldig fråvær, gjev rett til ny undervisningsaktivitet, men først når kapasiteten tillet det. Ikkje-godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet vil føre til at emnet eller studiet ikkje vert rekna som gjennomført, og ein får ikkje vitnemål eller karakterutskrift før den obligatoriske undervisningsaktiviteten er godkjend. Det gjeld same krav til dokumentasjon av gyldig fråvær frå obligatorisk undervisningsaktivitet som ved eksamen.

§ 7-5 . Teieplikt

Om teieplikt for studentar, jf. lova § 4-6.

Kapittel 8. Kjeldebruk

§ 8-1 . Krav om kjelde- og sitatbruk

ikkje ha vore brukt ved annan eksamen ved HVO utan at studieplanen opnar for det ikkje ha vore brukt i eksamen ved institusjonar innanlands eller utanlands ikkje referere til eller vere basert på andre sitt arbeid utan at dette er oppgitt ikkje referere til eller vere basert på eige tidlegare arbeid utan at dette er oppgitt gi opp alle kjelder som har vore nytta. Avskrift eller kopi utan tilvising til kjelde vert rekna som fusk, uavhengig av kjelda alltid vere originale, sjølvstendige og individuelle arbeid, med mindre det tydeleg går fram av oppgåva at ho kan avvike frå hovudregelen.

§ 8-2 . Eigenmelding om kjelde- og sitatbruk

Studentar skal levere eigenmelding om kjelde- og sitatbruk for eksamensarbeid. Eigenmelding skal leverast inn samtidig med eksamenssvaret. Manglande eigenmelding kan føre til at innleveringa blir underkjend eller karakteren halden tilbake.

Kapittel 9. Eksamen

§ 9-1 . Eksamensordning

Studentar skal normalt vurderast individuelt. Gruppeeksamen kan berre gjennomførast for avgrensa delar av eit studieprogram. Når alle arbeidskrav i eit emne er godkjende, kan alle eller eit utval arbeidskrav gå inn som del av eksamen i emnet. Der arbeidskrav går inn som del av ein eksamen, skal godkjenninga av arbeidskrava ikkje leggje føringar for sensuren av eksamenen. Ved eksamen utan tilsyn kan einskildstudentar eller grupper av studentar kallast inn til tilleggseksamen. Tilleggseksamenen skal normalt vere ein individuell eksamen. Direktøren avgjer om slik eksamen skal arrangerast.

§ 9-2 . Eksamensplan

Høgskulen utarbeider ein eksamensplan for kvart semester. Eksamensplanen vert kunngjord for studentane i Studentweb. Eksamensplanen vert lagd opp etter dei emna som er lagde til dei enkelte semester i tråd med studieprogrammet studenten er teken opp til. Høgskulen er ikkje ansvarleg for kollisjonar mellom eksamensdatoar for studentar som vel eit anna studieløp enn det som er tilrådd, eller som tek fleire emne i tillegg til studieprogrammet.

§ 9-3 . Eksamenstidspunkt

Eksamen skal normalt arrangerast innanfor vedteken eksamensperiode. Ny og utsett eksamen vert normalt arrangert innan utgangen av semesteret etter ordinær eksamen. Det vert normalt arrangert berre ein utsett og ein ny eksamen for kvar ordinære eksamen. Studiesjefen avgjer i samråd med dekanane om det skal arrangerast ny og utsett eksamen.

§ 9-4 . Ny og utsett eksamen

Pensum ved ny og utsett eksamen skal vere det same som ved den siste ordinære eksamenen som vart arrangert ved høgskulen. Eksamensforma ved ny og utsett eksamen skal normalt vere den same som ved ordinær eksamen. Dekanen kan i samråd med studiesjefen gjere unntak frå denne regelen dersom utsett eller ny eksamen med ordinær eksamensform er uråd å gjennomføre. Kandidatar som får karakterane F eller ikkje stått på semesteroppgåver, prosjektoppgåver og liknande kan bruke den same problemstillinga eller det same eksamenssvaret ved eit nytt eksamensforsøk. Dersom kandidatane får karakteren F eller ikkje stått også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Ny og utsett eksamen i emne som ikkje lenger er aktive ved høgskulen, kan arrangerast i inntil eitt år etter den siste ordinære eksamenen i emnet ved høgskulen. Ved slik eksamen gjeld same pensum som ved den siste ordinære eksamenen.

§ 9-5 . Eksamensstad

Eksamensstad er normalt Høgskulen i Volda, inkludert HVO sitt datanettverk og e-læringsverktøy. For einskildemne kan eksamen arrangerast desentralisert. Direktøren avgjer om og kvar desentralisert eksamen skal arrangerast. Direktøren kan krevje at studentar som går opp til desentralisert eksamen etter dette punktet, dekkjer dei faktiske meirkostnadene ved ei slik eksamensavvikling. Studentar som har behov for å nytte PC til skriftleg skuleeksamen, kan ikkje samstundes få innvilga desentralisert eksamen. Eksamensstad er då Høgskulen i Volda.

§ 9-6 . Hjelpemiddel/fusk

Oversyn over lovlege hjelpemiddel ved eksamen under tilsyn skal gå tydeleg fram av eksamensoppgåva. Dersom oppgåveteksten ikkje nemner hjelpemiddel ved eksamen, tyder dette at ingen hjelpemiddel er lovlege. Ved eksamen under tilsyn blir bruk av ulovlege hjelpemiddel sett på som fusk. Har studenten ulovlege hjelpemiddel til disposisjon etter at eksamen er sett i gang, vert det sett på som fusk. Studentar har ikkje høve til å nytte mobiltelefonar eller anna kommunikasjonsutstyr ved eksamen under tilsyn utan at dette går fram av oppgåveteksten eller er innvilga i samband med eksamen under særlege vilkår.

Kapittel 10. Eksamensrett

§ 10-1 . Oppmelding til eksamen

Oppmelding til ordinær eksamen skjer normalt i samband med registrering og godkjenning av utdanningsplanen i Studentweb. For studentar utan utdanningsplan skjer oppmelding til ordinær eksamen i samband med semesterregistreringa. For å kunne gå opp til eksamen kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat, eller det kan vere krav om å ha følgt obligatorisk undervisning og/eller praksis. Det kan også vere krav av andre typar, til dømes innlevering av individuell pensumliste. Studentar som er lovleg hindra i å gå opp til ordinær eksamen, kan melde seg opp til utsett eksamen. Studentar som ikkje har greidd ordinær eksamen og studentar som har trekt seg under ordinær eksamen, kan melde seg opp til ny eksamen. Studentar som ikkje har møtt til ordinær eksamen og studentar som ønskjer å forbetre karakteren, kan melde seg til ny eksamen når dette vert arrangert, jf. punkt 4. Ein student har rett til å framstille seg til eksamen i det same emnet tre gonger. Ein student kan melde seg av ein eksamen seinast fjorten dagar før eksamen skal ta til.

§ 10-2 . Eksamensforsøk

Dersom ein student melder seg av eksamen etter at den fastsette avmeldingsfristen er ute, trekkjer seg under eksamen eller ikkje møter til eksamen, vert det rekna som at han/ho har framstilt seg til eksamen. Studentar som er lovleg hindra frå å gå opp til eksamen, vert rekna for ikkje å ha framstilt seg til eksamen. Med «lovleg hindra» meiner ein her dokumentert sjukdom eller sterke velferdsgrunnar som gjer det vanskeleg eller uråd å gjennomføre eksamenen. Annullering av eksamen vert rekna som eitt eksamensforsøk.

§ 10-3 . Gjennomføring av eksamen

Dersom ein student har levert eit eksamenssvar til ein eksamen utan tilsyn, kan han fram til innleveringsfristen er ute erstatte det eksamenssvaret som allereie er levert, med eit nytt eksamenssvar. Dersom ein student meiner at ein gruppeeksamen ikkje reflekterer hans eige kunnskapsnivå, kan han innan to timar etter eksamenen/innleveringsfristen søkje om å få gå opp til individuell tilleggseksamen. Resultatet av tilleggseksamenen vil påverke berre denne studenten sitt resultat ved gruppeeksamenen og vil ikkje telje som eit eige eksamensforsøk. Ein student som har vore oppe til eksamen, kan ikkje unndra seg sensur etter at eksamenssvaret er levert. Ved eksamenar under tilsyn kan studentar som ikkje rettar seg etter høgskulen sine retningslinjer for eksamen, visast bort frå eksamenslokalet.

§ 10-4 . Eksamen under særlege vilkår

Ein student som av medisinske eller sterke velferdsgrunnar har vanskar med å gjennomføre eksamen på ordinær måte, kan søkje om særskild tilrettelegging av eksamen. Tilrettelegginga skal kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden, samtidig som studentane i størst mogleg grad skal prøvast likt. Særskild tilrettelegging kan vere utvida tid, bruk av PC, desentralisert eksamen m.m. Studiekalenderen gjev frist for søknad om særskild tilrettelegging av eksamen. Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Det skal gå fram av attesten kva som trengst av særskild tilrettelegging. Det skal normalt søkjast for kvar eksamensperiode, men dersom grunnlaget for søknaden er av permanent karakter, kan det gjerast unntak frå dette. Ved særlege omstende kan ein student få høve til å ta eksamen andre stader i landet. Direktøren kan vedta at studenten skal dekkje ekstrautgifter i samband med den desentraliserte eksamensavviklinga.

§ 10-5 . Fritak for eksamen

Ein student kan søkje om fritak frå eksamen eller arbeidskrav når det kan godtgjerast at tilsvarande eksamen eller arbeidskrav er greidd ved HVO eller ein annan institusjon, eller på bakgrunn av dokumentert realkompetanse, jf. lova § 3-5. Studiesjefen avgjer søknader om fritak for eksamen i samråd med den emneansvarlege.

Kapittel 11. Privatistar

§ 11-1 . Rett til privatisteksamen

Personar som ikkje er tekne opp på eit studieprogram, kan søkje om å få ta eksamen i einskildemne ved høgskulen dersom dei fyller dei generelle opptakskrava til studieprogram ved HVO og forkrava til det særskilde emnet, jf. lova § 3-10. Studiesjefen avgjer i samråd med dekanen søknader om privatisteksamen. Ein kan lempe på krava til tidlegare utdanning dersom det er sannsynleggjort at søkjaren er kvalifisert.

§ 11-2 . Eksamensordning ved privatisteksamen

Studiesjefen fastset i samråd med dekanen eksamensordning ved privatisteksamen. Eksamen for privatistar skal normalt vere ein eksamen under tilsyn.

§ 11-3 . Avgifter ved privatisteksamen

Privatistar skal betale semesteravgift til Studentsamskipnaden det semesteret dei går opp til eksamen. Privatistar skal betale eksamensavgift som dekkjer HVO sine meirutgifter ved eksamenen. Dersom ein privatist er lovleg hindra frå å gå opp til eksamen, kan han ta utsett eksamen utan å betale nye avgifter.

§ 11-4 . Dokumentasjon til privatistar

Privatistar får karakterutskrift som dokumentasjon for fullførte emne. Det vil gå fram av utskrifta at eksamenen er teken som privatist.

Kapittel 12. Resultat av eksamen

§ 12-1 . Karaktersystemet

Karaktersystemet går fram av lova § 3-9 (6). Ved karaktersamanslåing skal talekvivalentar nyttast for å rekne ut ein gjennomsnittskarakter, med A som den høgaste verdien og E som den lågaste. Ved samanslåing skal avrunding gjerast til næraste karakter. I tvilstilfelle skal avrunding gjerast til gunst for studenten. Vurderingsuttrykket stått/ikkje stått kan berre nyttast for avgrensa delar av eit studieprogram. Når karakter i eit emne vert fastsett på grunnlag av fleire eksamenar, skal alle vere greidde før det vert gjeve endeleg karakter. Ein student som har greidd ein eksamensdel, skal normalt ikkje måtte ta denne delen på nytt sjølv om ein del eller fleire andre eksamensdelar i same emnet ikkje er greidde. Når ein student har teke den same eksamenen fleire gonger, vert den beste karakteren gjeldande. Karakterar blir normalt kunngjorde i Studentweb.

§ 12-2 . Sensur

Dekanen er ansvarleg for å få oppnemnt sensorar til alle eksamenar. Dekanen avgjer kva emne som skal ha ekstern sensur i eit gjeve semester, og korleis eventuell ekstern sensur skal gjennomførast. Alle eksamenar skal vurderast av minst to sensorar. Ved intern sensur skal alle eksamenssvar vurderast av minst to sensorar. Det skal vere ekstern sensur på alle eksamenar på høgare grad. Alle emne skal ha hatt ekstern sensur minst ein gong i løpet av ein periode på tre år. Ved sensurering av masteroppgåver skal kommisjonen ha tre sensorar om kandidaten sin rettleiar skal vere med på å fastsetje karakteren på oppgåva. Ved eksamenar der studentane ikkje har klagerett, skal alltid minst to sensorar vurdere alle eksamenssvara, jf. lova § 5-3 (5). Til ordinære eksamenar skal det normalt utarbeidast sensorrettleiing, der kriteria for karaktersetjinga ved eksamenen går fram. Sensorrettleiinga er offentleg etter at den ordinære sensuren er avslutta. Sensorrettleiinga skal også nyttast ved klagesensur. Jf. lova § 5-3 (3). Det skal gå klart fram av sensurlista kva sensorar som har vore med på sensurvedtaket for kvart einskilt eksamenssvar. Alle sensorane som har vore med på fatte eit sensurvedtak, skal signere den aktuelle sensurlista. Dersom usemje om fastsetjing av karakterar gjer det uråd å kome fram til ein felles sensur, skal sensurarbeidet sendast attende til studieadministrasjonen med melding om kva punkt det er usemje om. Arbeidet vil bli sendt til ein ny sensor for avgjerd. Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk råd.

§ 12-3 . Særskilt ved ekstern sensur

Dekanen er ansvarleg for å nemne opp og skrive kontraktar med eksterne sensorar. Eksterne sensorar kan ikkje vere tilsette ved Høgskulen i Volda eller ha undervist i emne ved høgskulen dei siste to åra. Sensorkontrakten skal stadfeste den eksterne sensoren sine arbeidsoppgåver i sensurarbeidet. Kontrakten skal minst innehalde følgjande: Om den eksterne sensoren skal evaluere vurderingsordninga i emnet. Om den eksterne sensoren skal vurdere og godkjenne eksamensoppgåvene til eksamenen/eksamenane. Om den eksterne sensoren skal vere med i utarbeidinga av sensorrettleiinga. Ved ekstern sensur skal den eksterne sensoren utarbeide ein sensorrapport som skal leggjast ved sensurlista. Rapporten skal minst innehalde følgjande: Fråsegn om kriteria som har vore nytta i utveljinga av eksamenssvar, dersom han ikkje var med på vurderinga av alle eksamenssvara. Fråsegn om eventuell sensorrettleiing. Eventuell evaluering av vurderingsordninga i emnet. Eventuell fråsegn om eksamensoppgåvene til eksamenen/eksamenane.

§ 12-4 . Grunngjeving/klage

Om grunngjeving for og klage over fastsetjing av karakterar, jf. lova § 5-3. Om klage over formelle feil ved eksamen, jf. lova § 5-2. Ved klagehandsaming skal klagekommisjonen ha tilgang til alt relevant materiale som dokumenterer klaga og den opphavlege sensuren. Ein student har berre klagerett på heile sensureiningar, ikkje på einskilddelar innanfor ei sensureining. Ein har ikkje klagerett på ei sensureining dersom ein av delane i eininga er dekt av lova § 5-3 (5). Ved klage på gruppeeksamenar må alle medlemene i gruppa samtykke i og skrive under på klaga.

§ 12-5 . Forbetring av eksamensresultat

Studentar som har levert bacheloroppgåve, semesteroppgåve, prosjektoppgåve eller tilsvarande innanfor eit emne, kan levere oppgåva igjen innanfor same emnet dersom oppgåva er ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ei ny oppgåve. Dersom studenten leverer ei omarbeidd oppgåve, må dette dokumenterast. Ein student som har levert inn masteroppgåve i eit studieprogram, kan levere masteroppgåve igjen innanfor same studieprogrammet dersom oppgåva er ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ei ny oppgåve. Dersom studenten leverer ei omarbeidd oppgåve, må dette dokumenterast. Studentar har normalt ikkje rett til rettleiing ved forbetring av eksamensresultat.

Kapittel 13. Annullering av eksamen eller prøve. Utestenging og bortvising

§ 13-1 . Fusk ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel ved skuleeksamen er omtalte under § 9-6. Dersom det under eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at dette vil bli rapportert. Det gjeld også ein student som eventuelt yter hjelp. Studenten vel sjølv om han vil halde fram eller avbryte eksamen. Dersom det i samband med eksamen utan tilsyn skriftlege arbeid som inngår i mappevurdering skriftlege arbeid som er vilkår for å gå opp til eksamen oppstår situasjonar som fører til at det endelege resultatet for kandidaten viser seg å ikkje vere eit individuelt eller sjølvstendig arbeid, skal administrasjonen varslast. Kopiering, tekstnær parafrasering eller avskriving utan kjeldetilvisning vil bli vurdert som fusk. Dersom det i etterkant viser seg at to eller fleire eksamenssvar klart byggjer på det same originalarbeidet eller har same opphavsmann eller felles disposisjon, kan dette bli rekna som fusk for alle det gjeld. Fusk eller forsøk på fusk ved eksamen kan føre til annullering av eksamen, utestenging frå institusjonen og tap av retten til å gå opp til eksamen ved institusjonar under lova i inntil eitt år, jf. lova § 4-7 og § 4-8. Klagenemnda ved høgskulen handsamar saker om fusk ved eksamen. Studiesjefen er ansvarleg for handsaming av saker om fusk ved eksamen.

§ 13-2 . Annullering av eksamen eller prøve

Jf. lova § 4-7.

§ 13-3 . Utestenging og bortvising

Klagenemnda ved høgskulen kan gjere vedtak om bortvising eller utestenging i inntil eitt år dersom ein student fer fram på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentar eller for verksemda ved institusjonen, jf. lova § 4-8. Klagenemnda ved høgskulen kan gjere vedtak om utestenging i inntil tre år for studentar som fer fram på ein grovt klanderverdig måte i samband med praksisopplæring, jf. lova § 4-8. Ein student som er dømd, sikta eller tiltalt for visse straffbare forhold, kan nektast opptak til eller utestengjast frå praksisopplæring ved visse studium, jf. lova § 4-9. Ved utdanningar som har fastsett at det skal vere «skikkethetsvurdering», kan klagenemnda etter innstilling frå skikkanemnda vedta at ein student skal utestengjast frå studiet, jf. lova § 4-10. Klageretten er regulert i lova § 4-7 – § 4-11.

Kapittel 14. Dokumentasjon for fullført utdanning

§ 14-1 . Generelt om vitnemål og karakterutskrift

Jf. lova § 3-11.

§ 14-2 . Rett til vitnemål/karakterutskrift

Studentar som oppnår ein grad eller fullfører ei yrkesutdanning, får vitnemål. Grunnlaget for graden/yrkesutdanninga skal gå fram av vitnemålet. Det skal samtidig skrivast ut Diploma Supplement. Studentar som fullfører studieprogram eller emne som ikkje gjev vitnemål, kan få karakterutskrift. Ved godskriving av utdanning som tidlegare har gått inn i grunnlaget for ein grad eller ei yrkesutdanning, må ein student i tillegg ha fullført minst 60 nye studiepoeng før det kan gje grunnlag for eit nytt vitnemål eller ny grad. Styret kan fastsetje krav om inntil 90 nye studiepoeng for bestemte utdanningar. Ved klage på karakter som skal gå inn på vitnemål eller karakterutskrift, kan høgskulen halde tilbake vitnemålet/karakterutskrifta til klaga er handsama. Dersom ein student har fått utskrive vitnemål eller karakterutskrift som etter klagehandsaming ikkje lenger er gyldig, skal studenten snarast råd levere inn att vitnemålet/karakterutskrifta. Normalt vert det utskrive berre eitt vitnemål for kvar student og kvart studieprogram. Det kan skrivast ut duplikatvitnemål. Direktøren kan krevje at studentar som får utskrive duplikatvitnemål, dekkjer dei faktiske kostnadene ved utskrivinga.

§ 14-3 . Utforming av vitnemål/karakterutskrift

Direktøren fastset utforminga av vitnemål og karakterutskrifter. Ved godskriving av ekstern utdanning skal det gå fram av dokumentasjonen for fullført utdanning når og ved kva institusjon utdanninga er teken. Dersom studenten i løpet av eit studieprogram som gjev vitnemål fullfører emne i tillegg til studieprogrammet, kan desse emna bli førte på vitnemålet som overskytande emne. Ein student som tek eksamen i emne med innhald som delvis overlappar kvarandre, skal ha utteljinga i studiepoeng for eitt av emna redusert. Studiepoengreduksjonen vert gjord i det emnet som gjev det gunstigaste resultatet for studenten.

Kapittel 15. Klagenemnd ved Høgskulen i Volda

§ 15-1 . Om klagenemnda

Jf. lova § 5-1 og forvaltningslova kapittel VI.

§ 15-2 . Saksfeltet til klagenemnda

Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-7 om annullering av eksamen eller prøve. Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-8 om utestenging og bortvising. Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-9 om utestenging grunna straffbare forhold. Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-10 om utestenging etter skikkavurdering. Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 5-2 om klager over formelle feil ved eksamen. Klagenemnda sine vedtak i klagesaker kan ikkje påklagast.

Kapittel 16. Iverksetjing/oppheving av tidlegare forskrifter

§ 16-1 . Iverksetjing og overgangsordning

Denne forskrifta blir sett i verk frå og med 5. mars 2009. Denne forskrifta kan fråvikast i einskilde tilfelle i vårsemesteret 2009 dersom endring frå oppheva til ny forskrift er til ugunst for studenten.

§ 16-2 . Oppheving av forskrifter

Forskrift 9. desember 2005 nr. 1715 om studium og eksamen i Høgskulen i Volda.

Rettelser

Publisert: I 2011 hefte 2 (Rettelse)

Det som er rettet er satt i kursiv.

Om fødselspermisjon, jf. lova § 4-5.