Forskrift om tildeling av løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2009
I kraft fra: 2009-03-12 – 2009-12-31
Kapittel I. Generelle føresegner
§ 1 . Formål
Forskrifta skal medverke til at havbruksnæringa med laks, aure og regnbogeaure blir lønnsam og konkurransekraftig innanfor rammene av ei berekraftig utvikling, og bidra til verdiskaping på kysten.
§ 2 . Verkeområde
Forskrifta gjeld tildeling av 65 løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn, medrekna 5 løyve til økologisk havbruk.
Kapittel II. Fordeling og tildeling
§ 3 . Fordeling av løyve i denne runde
7 løyve til Finnmark 8 løyve til Troms 15 løyve til Nordland 7 løyve til Nord-Trøndelag 8 løyve til Sør-Trøndelag 5 løyve til Møre og Romsdal 5 løyve til Sogn og Fjordane 5 løyve til Hordaland.
I tillegg kan 5 løyve til økologisk havbruk tildelast uavhengig av fylke eller region.
§ 4 . Utlysing av løyve
opplysningar om kvar søknadene skal sendast, jf. § 6 og § 7 søknadsfrist og at søknader som kjem inn til Fiskeridirektoratet etter søknadsfristen ikkje vil bli behandla krav til søknaden storleiken på vederlaget.
§ 5 . Innhald i søknaden
opplysningar om søknaden gjeld eit geografisk fordelt løyve, jf. § 3 første ledd eller eit økologisk havbruksløyve jf. § 3 andre ledd opplysningar som er relevante i høve til tildelingskriteria i § 6 og § 7 kvittering for innbetalt søknadsgebyr dokumentasjon av økonomisk evne til å betale vederlaget.
Fiskeridirektoratet fastset krav til innhaldet i søknaden ved utlysing og i søknadsskjema. Fiskeridirektoratet kan i tillegg krevje dei opplysningar frå søkjaren som direktoratet meiner er nødvendig for å behandle søknaden.
§ 6 . Tildeling av geografisk fordelte løyve
Fiskeridirektoratets regionkontor står for tildelinga av geografisk fordelte løyve. Fiskeridirektoratet er klageinstans.
Fiskeridirektoratets regionkontor skal konsultere den aktuelle fylkeskommunen om næringspolitiske vurderingar i lys av fylkesplanen, medrekna kvar i fylket det er ønskjeleg med meir oppdrettsverksemd. Vurderingane til fylkeskommunen skal dokumenterast.
Det kan berre gjevast tilsegn til søkjarar som dokumenterer økonomisk evne til å betale vederlaget til staten og som planlegg drift på lokalitetar i kommunar med godkjent arealdel av kommuneplan.
om søkjar er ein mindre aktør i næringa om søkjar vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Noreg.
Innanfor PD-sona på Vestlandet skal det i tillegg leggjast vekt på om nytt løyve vil bli nytta på ein slik måte at den samla drifta til selskapet etter tildelinga vil stå fram som meir berekraftig i nedkjempinga av PD, jf. forskrift 20. november 2007 nr. 1315 om sone for å hindre smitte og bekjempe pankreassjukdom hos akvakulturdyr.
§ 7 . Tildeling av økologiske løyve
Eitt av Fiskeridirektoratets regionkontor står for tildelinga av økologiske løyve. Fiskeridirektoratet er klageinstans.
Tildeling kan skje til søkjarar som er sertifiserte for økologisk havbruksproduksjon, eller som erklærer at dei med ein gong etter tilsegn om løyve vil starte sertifiseringsprosessen.
§ 6 andre, tredje, fjerde og femte ledd gjeld for desse søknadene.
Produksjonen kan ikkje starte før det ligg føre sertifikat.
Kapittel III. Vederlag og gebyr
§ 8 . Vederlag
Ved tilsegn om løyve skal søkjar betale vederlag til statskassa. Vederlaget per løyve er 8 millionar kroner, med unntak av løyva til Finnmark der vederlaget er 3 millionar kroner.
Vederlag for løyve skal betalast seinast innan 30 dagar etter at søkjaren har motteke tilsegna. Tilsegna fell bort dersom vederlaget ikkje er betalt innan denne fristen.
Tilsegna gjev rett til å søkje om lokalitet(ar). Retten til drift startar når løyvedokumentet er skrive ut.
Dersom tildeling av løyve blir omgjort i samband med klage eller etter forvaltninga sitt eige tiltak, får søkjar vederlaget refundert. Vederlaget blir ikkje refundert ved eventuell seinare inndraging av løyve på grunn av tilhøve som nemnt i akvakulturlova § 9. Det same gjeld dersom andre tilhøve gjer at løyvet taper sin verdi.
§ 9 . Søknadsgebyr
For behandling av søknad som nemnt i denne forskrifta, skal søkjar betale gebyr, jf. forskrift 21. desember 2001 nr. 1597 om gebyr og avgift i forbindelse med akvakulturvirksomhet § 2 første ledd. Kvittering for betalt gebyr skal leverast saman med søknaden. Manglande innbetaling av gebyr fører til at søknaden ikkje blir behandla.
Kapittel IV. Avsluttande føresegner
§ 10 . Vilkår
Det kan setjast vilkår som medverkar til at dei kriteria som er avgjerande for tildelinga blir etterlevde, jf. § 6 og § 7.
Vilkåra skal gå fram av løyvedokumenta.
§ 11 . Ikrafttreding
Forskrifta trer i kraft straks.