Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2009-07-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir det gjort følgjande endring:
Vedlegget skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.
Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11-14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 2 998 4 199 4 974 5 674 Buutgifter 1 912 1 912 1 912 1 912
Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 498 Deltid, park 199
Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 25 timar per veke 428 SFO inntil 10 timar per veke 241
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)
Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 7 246 6 135 Buutgifter 6 113 4 323
Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 2 614 1 307
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 28 prosent og trygdeavgifta til 7,8 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11-14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2-3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 189 270 331 382 Samværsklasse 2 (4-8 netter per månad) 625 893 1 096 1 265 Samværsklasse 3 (9-13 netter per månad) 1 607 1 982 2 265 2 501 Samværsklasse 4 (14-15 netter per månad) 2 018 2 488 2 843 3 140
II
Endringa gjeld frå 1. juli 2009.