Forskrift om unnatak frå konkurranselova for samarbeid mv. for einskilde grupper privatpraktiserande legar, psykologar og fysioterapeutar
I kraft fra: 2009-06-19 – 2012-06-19
§ 1 . Føremål
Føremålet med denne forskrifta er å avgrense bruken av forboda i konkurranselova mot avtaler om basisgodtgjering/driftstilskot og takstar som vert inngått mellom staten, ved Helse- og omsorgsdepartementet, dei regionale helseføretaka og KS på den eine sida, og Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund på den andre sida.
§ 2 . Unnatak for samarbeid innan grupper av helsepersonell som har avtale med helseføretak eller kommune om drift av privat praksis
Konkurranselova § 10 og § 11 vert ikkje nytta på avtaler, avgjerder, samordna praksis mellom, eller einsidige handlingar gjort av legar, psykologar, fysioterapeutar eller deira organisasjonar. Dette gjeld berre når handlingane er naudsynte for å kunne forhandle fram og gjennomføre avtaler mellom desse, staten og kommunane om basisgodtgjering/driftstilskot og takstar.
§ 3 . Plikt til å påvise heimel
På førespurnad frå konkurransestyresmaktene pliktar alle som vil nytte unnataket i § 2 å gjere greie for kva for avtale nemnd i § 2, som regulerer forholdet.
§ 4 . Virketid
Forskrifta trer i kraft straks og gjeld i 3 år.