Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og regionaldepartementet

Forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2009-06-19-699·Kunngjort 23. juni 2009·Journalnr. 2009-0635

I kraft fra: 2009-07-01

Endrerforskrift/2004-12-22-1755
Hjemmellov/1946-03-01-3 § 1lov/1946-03-01-3 § 16lov/1946-03-01-3 § 17lov/1946-03-01-3 § 21

Kapittel 1. Føremål og vilkår for rett til bustøtte

§ 1 . Føremål

Bustøtta skal sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

§ 2 . Kven kan få bustøtte

er over 18 år, med mindre han har eigne barn som bur i bustaden, er folkeregistrert og lovleg busett i Noreg, svarer for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 4 og sjølv bur i bustaden.

§ 3 . Unntak for visse personar

personar som avtener fyrstegongsteneste i forsvaret eller sivilteneste, studentar som ikkje har barn. Alle som har rett til yting frå Statens lånekasse for utdanning blir rekna som studentar. Dei som studerer som eit ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering, kan likevel ha rett til bustøtte, personar som bur saman med person som ikkje har rett på bustøtte i medhald av a) eller b). Unntak gjeld dersom ein student bur saman med sine foreldre, bebuarar i institusjon som er etablert etter lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjeneste i kommunene (kommunehelsetenestelova) eller lov 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester m.v. (sosialtenestelova), eller der det etter nærare forskrift kan bli kravd vederlag for opphaldet på grunnlag av inntekt, til dømes sjukehus og sjuke- og aldersheim, bebuarar i mellombels buform som hospits, pensjonat, hotell o.a.

§ 4 . Krav til bustaden

er godkjend for heilårs bruk, er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og har eige bad og toalett og gir høve til kvile og matlaging.

§ 5 . Unntak for kommunalt disponerte utleigebustader

Krava i § 4 punkt b) og c) kan fråvikast for kommunalt disponerte sosiale utleigebustader som er organiserte som bufellesskap eller liknande.

Kapittel 2. Utrekning av bustøtte

§ 6 . Utgangspunktet for utrekninga

Ved utrekning av bustøtte blir det teke omsyn til godkjende buutgifter, jf. § 7. Buutgifter som overstig ei øvre grense blir det ikkje teke omsyn til, jf. § 8.

Ein eigendel av buutgiftene blir halden utanfor utrekninga. Eigendelen blir fastsett med grunnlag i inntekta og formuen til husstanden, jf. § 9.

Bustøtta er 70 prosent av differansen mellom godkjente buutgifter og eigendelen. For dei som bur i kommunalt disponerte sosiale bustader er bustøtta 80 prosent av differansen.

§ 7 . Utrekning av godkjente buutgifter

For leigde bustader inngår husleiga i utrekninga. For bustader med felleskostnadar (burettslag, bustadsameiger, aksjeleilegheiter og obligasjonsleilegheiter) inngår følgjande i utrekninga: ordinære felleskostnader, utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån som er brukte til finansiering av den bustaden som søknaden gjeld for. For bustader utan felleskostnader går følgjande inn i utrekninga: årlege driftsutgifter med eit sjablongbeløp, for tida 12 000 kroner per år, utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån som er brukte til finansiering av den bustaden som søknaden gjeld for, kommunale avgifter med ein sjablong. Sjablongen blir fastsett på grunnlag av innhenta opplysningar frå kvar kommune, utlikna eigedomsskatt, og festeavgift. For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje får dekte utgifter til oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter går i tillegg utgifter til oppvarming inn i utrekninga. Her blir det nytta ein sjablong som for tida er 6 000 kroner per år.

§ 8 . Øvre grenser for buutgifter

Berre dei buutgiftene som ligg innafor ei øvre grense går inn i utrekninga av bustøtta. Grensa er per år: a) for husstandar med 1 person 61 000 kroner b) for husstandar med 2 personar 64 000 kroner c) for husstandar med 3 personar 67 000 kroner d) for husstandar med 4 personar eller fleir 70 000 kroner

I Oslo er grensa 20 000 kroner høgare, i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum 15 000 kroner høgare og i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes 10 000 kroner høgare per år.

Har husstanden særskilt høge buutgifter som følgje av at nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene bli auka med inntil 3 000 kroner per år.

§ 9 . Eigendel

Alle får trekte 15 000 kroner per år frå i dei buutgiftene som i medhald av § 6 – § 8 blir tekne med i utrekninga.

For inntekter over 90 000 kroner blir det i tillegg trekt 17 prosent av den inntekta som overstig 90 000 kroner.

For inntekter over 131 000 kroner kjem i tillegg eit trekk som blir rekna av heile inntekta. Dette blir rekna med 0,3 prosent av ein inntekt på 131 001 kroner, deretter aukande med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner i auka inntekt.

Inntektsgrensa i tredje ledd er 169 001 kroner for husstandar med medlem som har ordinær, ikkje tidsavgrensa, uførestønad etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, eller tilsvarande pensjon med yrkesskadedekning etter kapittel 13, og som i tillegg er ung ufør etter lov om folketrygd § 3-21 og § 3-22.

Kapittel 3. Fastsetting inntekt

§ 10 . Inntekta til husstanden

Inntektsopplysningar frå siste tilgjengelege skattelikning blir nytta ved utrekning av bustøtte. Opplysningane for alle i husstanden blir tekne med.

Det høgste beløpet av berekningsgrunnlaget for trygdeavgift til folketrygda (personinntekt) og allmenn inntekt blir nytta. Dersom allmenn inntekt blir nytta, skal eit beløp tilsvarande minstefrådraget i skattelikninga bli lagt til inntekta.

§ 11 . Inntekta til barn

Barn under 18 år som bur hos foreldra per situasjonsdato, jf. § 19, kan ha ei inntekt på 30 000 kroner per år utan at den blir teke med i grunnlaget for bustøtta.

§ 12 . Leigeinntekter

Bustøttesøkjar pliktar å gi opplysningar om skattefrie leigeinntekter som husstanden har frå utleige i eigen bustad. Slike leigeinntekter skal reknast som inntekt ved utrekning av bustøtte.

§ 13 . Formue som blir lagt til inntekt

16 prosent av netto formue til husstanden, med fråtrekk for eit fribeløp, blir lagt til inntekta. Fribeløpet er 250 000 kroner for husstand i leid bustad. For andre husstandar er fribeløpet likningsverde av eigen bustad inntil 500 000 kroner.

§ 14 . Inntekt og formue i eller frå utlandet

Inntekt i eller frå utlandet blir rekna som inntekt med brutto beløp omrekna i norske kroner.

Bustøttesøkjar pliktar å gi opplysningar om slik inntekt som ved siste skattelikning ikkje var skattepliktig eller trygdeavgiftspliktig i Noreg.

Føresegna gjeld tilsvarande for formue i eller frå utlandet.

§ 15 . Bruk av faktisk inntekt og formue ved utrekning av eigendelen

Fastsetjinga av inntekt etter sist tilgjengelege likning kan fråvikast dersom den samla inntekta/formuen til husstanden er vesentleg redusert og det vil verke urimeleg om det ikkje blir teke omsyn til endringa. I så fall kan faktisk inntekt og formue i den perioden det er søkt om nyttast ved utrekning av eigendelen, jf. § 9.

Mottakar pliktar å melde frå dersom den faktiske inntekta/formuen for den perioden det er søkt om er så høg at bustøtte ikkje vil bli utbetalt dersom denne inntekta/formuen blir nytta i utrekninga. Rett til bustøtte fell då bort.

§ 16 . Omrekning av inntekt etter storleiken til husstanden

Ved utrekning av bustøtte blir inntekta omrekna etter storleiken til husstanden. Inntekta blir dividert med ein vekt etter kor stor husstanden er. Vekta til husstanden kjem fram ved å summere dei einskilde vektene til personane i husstanden. Fyrste person i husstanden har vekta 1 og kvar einskild av dei andre personane har ei vekt på 0,1 per person.

Kapittel 4. Reglar for sakshandsaming

§ 17 . Frist for å søkje bustøtte

Husbanken fastset frist for å søkje.

Søknader som ikkje er fullstendige blir rekna som om dei ikkje er komne innan søknadsfristen, dersom dette kan leggjast søkjar til last.

§ 18 . Søknadsskjema

Husbanken fastsett kva for søknadsskjema som skal nyttast. Søknad kan òg leverast elektronisk gjennom Altinn.

§ 19 . Situasjonsdato

Den 1. i kvar månad er definert som situasjonsdato og er utgangspunktet for alle opplysningar om husstanden og bustaden, som blir nytta.

På situasjonsdato skal søkjar både bu i bustaden og vere registrert i folkeregisteret som busett i bustaden det blir søkt om bustøtte for.

§ 20 . Husstanden

Både dei som faktisk bur i bustaden og dei som er registrerte i folkeregisteret som busette på adressa, blir rekna med i husstanden.

Alle som inngår i husstanden må vere lovleg busette i Noreg.

Det kan i særlege tilfelle bli gitt dispensasjon frå kravet om folkeregistrering.

§ 21 . Plikt til å gi opplysningar

Søkjar har plikt til straks å gi opplysningar til kommunen om endra forhold som søkjar forstår eller bør forstå har betyding for utrekning og utbetaling av bustøtta.

§ 22 . Medverknad frå kommunane

Kommunane skal medverke til å innhente, kontrollere og registrere data i bustøtteregisteret. Kommunane skal òg forberede klagesaker.

Kommunane dekkjer sjølve sine administrasjonsutgifter.

§ 23 . Medverknad frå andre

Utleigarar, forretningsførarar i burettslag og styreleiarar i sameiger skal medverke ved handsaming av søknader, kontroll og utbetaling, jf. § 16 i husbanklova.

Kapittel 5. Reglar om utbetaling o.a.

§ 24 . Minste utbetaling

Minste utbetaling er 300 kroner per månad.

§ 25 . Utbetaling

Bustøtte blir utrekna og utbetalt ein gong i månaden. Husbanken fastsett tidspunktet for utbetaling.

Husbanken utbetalar bustøtte direkte til søkjar.

Dersom det er inngått avtale mellom søkjar og kommunen, kan utbetalinga skje til kommunen, jf. § 17 i husbanklova.

Når særlege grunnar talar for det, kan Husbanken fastsetje at ein kommune kan tre inn i retten til bustøtte.

§ 26 . Rett til motrekning

Om mottakar av bustøtte står med forfalne ubetalte rente- og avdragsterminar på lån i Husbanken, kan bustøtta bli nytta til motrekning av skyldige terminbeløp. Det gjeld òg om Husbanken har eit krav om tilbakebetaling som følgje av feil utbetalt bustøtte.

§ 27 . Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Dersom nokon har motteke bustøtte i strid med ærlegdom og god tru, kan Husbanken krevje beløpet betalt tilbake. Det same gjeld dersom mottakaren, eller nokon som har handla på hans vegne aktlaust har gitt feilaktige, mangelfulle eller misvisande opplysningar.

Bustøtte kan òg bli kravd tilbake dersom feil frå Husbanken eller kommunen er årsak til utbetalinga og mottakaren burde ha forstått det.

Kapittel 6. Ikraftsetjing og overgangsreglar

§ 28 . Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 1. juli 2009.

Frå same tidspunkt blir forskrift 22. desember 2004 nr. 1755 om bostøtte fra Den Norske Stats Husbank oppheva.

§ 29 . Overgangsordning som sikrar uendra støttenivå

Krava til bustad i § 4 bokstav b) og c) gjeld ikkje for personar som fekk bustøtte i same bustad i juni 2009. Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt etter omlegginga som følgje av at reglane for bustøtte er endra, eller som følgje av auka trygdar og pensjonar i 2008. § 24 om minste utbetaling skal likevel gjelde. For andre enn unge uføre, jf. § 8 flg., blir overgangsordninga trappa jamt ned med 20 % kvart år over 5 år. Overgangsordninga gjeld mellom anna ikkje dersom bustøttemottakaren flytter, husstanden endrar seg, eller som følgje av anna inntektsauke enn endringar i trygder eller pensjonar eller nedgang i buutgifter.