Forskriftsendring
Justis- og politidepartementet
Forskrift om overgangsreglar ved iverksetjing av lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova
LTI/forskrift/2009-09-04-1153·Kunngjort 8. september 2009·Journalnr. 2009-0861
I kraft fra: 2009-10-01
Hjemmellov/2009-06-19-76
§ 1 .
Lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova § 37 skal gjelde der krav om innløysing vert fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. oktober 2010 eller seinare.
§ 2 .
Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringa i § 37 der festaren døyr 1. oktober 2009 eller seinare.
§ 3 .
Forskrifta gjeld frå 1. oktober 2009.