Forskriftsendring
Fiskeridepartementet
Forskrift om endring i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn
LTI/forskrift/2009-09-16-1196·Kunngjort 18. september 2009·Journalnr. 2009-0891
I kraft fra: 2009-09-16
I
I forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 første ledd første punktum skal lyde:
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4-nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B.
II
Endringa trer i kraft straks.