Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kultur- og kirkedepartementet

Forskrift om endring i forskrift om skrivemåten av stadnamn

LTI/forskrift/2009-11-03-1333·Kunngjort 6. november 2009·Journalnr. 2009-1003

I kraft fra: 2009-11-03

Endrerforskrift/2007-06-01-592

I

I forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn blir det gjort følgjande endringar:

§ 5 overskriften skal lyde:

§ 5 . Særlege reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn

§ 9 femte ledd skal lyde:

Vedkommande kommune skal syte for å gjere vedtaket kjent for dei i kommunen som har klagerett etter stadnamnlova § 10 første ledd men som ikkje er part i saka.

§ 11 andre ledd første punktum skal lyde:

Nemnda skal ha ein fast leiar som er jurist og to andre faste medlemmer oppnemnd på fritt grunnlag etter forslag frå KS (kommunenes arbeidsgiver-, interesse- og medlemsorganisasjon).

§ 11 tredje ledd første punktum skal lyde:

Klagenemnda vil etter dette ha fem medlemmer ved behandling av norske stadnamn, elles minst fire medlemmer.

§ 11 fjerde ledd skal lyde:

Når det gjeld norske stadnamn, er klagenemnda vedtaksfør når minst fire medlemmer er til stades, av desse leiar eller nestleiar. I saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, må nemnda vere fulltalig, det vil seie leiar eller nestleiar, to medlemmer oppnemnd på fritt grunnlag og den sakkunnige i samisk eller kvensk.

§ 15 tredje ledd skal lyde:

Når eit namn ikkje er behandla etter reglane i lov om stadnamn, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og er registrerte i Sentralt stadnamregister (SSR) som godkjende skrivemåtar, bør ein i offentleg bruk velje den skrivemåten som er brukt på namneeiningsplassen i SSR.

I rettleiing til forskrifta under nr. 3 Kommentarar til forskrifta punkt 1 litra b punkt ii Bøyingsverk under overskrifta Eintal skal andre ledd lyde:

Sterke hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a. Når dialekten har endinga -i eller -ei, brukar ein -i. Når dialekten har endinga -e brukar ein -e. Bergensk får -en. Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -na, -ne eller -ni brukast.

Til § 5 i forskrifta: Særlege reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn

I rettleiing til forskrifta under nr. 3 Kommentarar til forskrifta punkt 3 skal første ledd lyde:

Vi gjer merksam på at dei alminnelege reglane om saksbehandling i forvaltningssaker, jf. kapittel 3 i forvaltningslova, utfyller føresegnene om saksbehandling i stadnamnlova, forskrifta og rettleiinga.

I rettleiing til forskrifta under nr. 3 Kommentarar til forskrifta punkt 3 litra a punkt ii skal ordet «óg» endrast til «òg».

I rettleiing til forskrifta under nr. 3 Kommentarar til forskrifta punkt 3 litra a punkt vi skal ordet «óg» endrast til «òg».

Statens namnekonsulentteneste for Nord-Noreg: Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn i Finnmark og Troms og i desse kommunane i Nordland: Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Lødingen, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Gildeskål, Fauske, Saltdal, Beiarn. Adresse: Stedsnavntjenesten for norske namn i Nord-Norge Det humanistiske fakultet Universitetet i Tromsø 9037 Tromsø Statens namnekonsulentteneste for Midt-Noreg: Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn frå og med Midsund kommune i Romsdalen, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland til og med Meløy og Rana kommune. Adresse: Stedsnavntjenesten for Midt-Norge NTNU Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap 7491 TRONDHEIM Statens namnekonsulentteneste for Vestlandet: Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre så langt nord som til Haram. Adresse: Stadnamntenesta på Vestlandet LLE, UiB Postboks 7805 5020 Bergen Statens namnekonsulentteneste for Austlandet og Agderfylka: Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn i Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus, Hedmark og Oppland. Adresse: Stedsnavntjenesten for Østlandet og Agderfylkene Institutt for lingvistiske og nordiske studier Navnegransking Universitetet i Oslo Pb. 1011 Blindern 0315 Oslo Stedsnavntjenesten for samiske stadnamn: Gir tilråding om skrivemåten av samiske navn på norsk side av Sápmi. Adresse: Sámediggi Sametinget Oahpahus-, giella- ja kulturossodat Avdeling for opplæring, språk og kultur 9520 Guovdageaidnu 9520 Kautokeino Statens namnekonsulentteneste for kvenske stadnamn: Gir tilråding om skrivemåten av kvenske stadnamn. Adresse: Kvensk stedsnavntjeneste – PaikannimipalvelusHøgskolen i Finnmark 9509 Alta Klagenemnda Sekretariatet for klagenemnda er lagt til namnekonsulenttenesta ved Universitetet i Oslo. Adresse: Klagenemnda for stedsnavnsaker Institutt for lingvistiske og nordiske studier Navnegransking Universitetet i Oslo Pb. 1011 Blindern 0315 Oslo Stadnamnregisteret Sentralt stedsnavnregister (SSR) ved Statens kartverk på Hønefoss er Noregs nasjonale register for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Alle vedtak om skrivemåte skal meldast til registeret, jf. § 12 i lova og § 15 i forskrifta. Adresse: Statens kartverk Sentralt stedsnavnregister 3507 Hønefoss Nettsider www.språkrådet.no/stadnamn www.sprakradet.no/stadnamn www.statkart.no

II

Endringane trer i kraft straks.