Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2009-11-09-1356·Kunngjort 13. november 2009·Journalnr. 2009-1027

I kraft fra: 2009-11-09

Endrerforskrift/2006-07-14-932

I

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endring:

Nytt kapittel 5A skal lyde:

(Heimel: Privatskolelova § 2-3 andre ledd tredje punktum.)

elevar som får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5 elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk elevar som har finsk som andrespråk elevar som får opplæring i teiknspråk som førstespråk.

Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-21.

For å få utferda vitnemål, må som hovudregel alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 vere bestått, jf. § 3-41 andre ledd. Dagleg leiar kan likevel etter søknad gi fritak frå opplæring i fag som inngår i fagfordelinga, dersom eleven tidlegare har bestått det same faget eller har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget.

For den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving kan dagleg leiar etter søknad gi fritak frå opplæring når ei fråsegn frå lege dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og tilpassa opplæring ikkje er mogleg.

II

Endringa trer i kraft straks.