Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø
I kraft fra: 2010-01-01
Kapittel I. Allmenne føresegner
§ 1 . Verkeområde
Denne forskrifta gjeld utdanninga som fører fram til graden philosophiae doctor (ph.d.). Ho gir reglar om opptak til, gjennomføring av og avslutning av ph.d.-graden ved Universitetet i Tromsø. Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø gjeld for eksamenar i opplæringsdelen av studiet så langt ho høver.
§ 2 . Målsetjing
Doktorgradsutdanninga skal kvalifisera for forskingsverksemd på høgt faglig nivå og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt høge krav til vitskapleg innsikt og analytisk tenking.
§ 3 . Ansvar for doktorgradsutdanninga
gir reglar for organisering av utdanninga gjer vedtak om oppretting og nedlegging av ph.d.-program og studieretningar gjer vedtak om opptakstal dersom eit fakultet ynskjer opptaksregulering på eit program eller ei studieretning gjer vedtak om oppretting av fellesgradar med andre institusjonar.
Fakulteta sjølv kan fastsetja utfyllande reglar til forskrifta for program dei er fagleg ansvarlege for. Universitetsdirektøren skal informerast om utfyllande reglar som vert fastsette.
Fakulteta skal ha programstyre. Programstyret skal oppnemnast av fakultetsstyret. Medlemmene skal vera forskarar med doktorgrad eller tilsvarande og ph.d.-studentar. Studentane skal ha minst 20 % av medlemmene. Dersom studentane berre får ein medlem, skal dei ha rett til å møta med ein student til. Han/ho skal ha tale- og forslagsrett.
§ 4 . Terminologi
Diploma Supplement Vitnemålstillegg på engelsk med informasjon om utdanningssystemet ved norske universitet og høgskolar, og den enkelte student si utdanning. Disputas Offentleg drøfting og forsvar (mot kritikk frå opponentane) av ei doktoravhandling før ein får doktorgrad. Doktorand Person som forsvarar doktoravhandlinga si i ein disputas. Doktorgradsprogram (ph.d.-program) Eit treårig studieprogram som fører fram til graden ph.d. Studieprogram kan etablerast som fellesgrad. Eksamen Prøving av studenten sine kunnskapar og dugleik når det vert gitt ein karakter som skal stå på vitnemålet eller karakterutskrifta, eller som går inn i berekningsgrunnlaget for ein karakter som står på vitnemålet eller karakterutskrifta. Emne Den minste eininga som kan gå inn i eit fag eller eit studieprogram. Alle emne skal vera studiepoengfesta. Emne i opplæringsdelen til ph.d.-studiet er kalla 8000-emne. Emnebeskriving Beskriving av læringsmål, faglege komponentar, oppbygging og gjennomføring av emnet. Det finst emnebeskriving for alle emne ved Universitetet i Tromsø. Erfaringsbasert mastergrad Ein grad som er oppretta med yrkesretta vidareutdanning som føremål. Det er ikkje krav om fagspesifikk/disiplinær fordjuping i bachelordelen ved opptak til erfaringsbasert master. Ex auditorio «Frå auditoriet». Ein tilhøyrar ved ein disputas har høve til å melda seg som opponent ex auditorio. Fellesgrad Ein grad etablert i samarbeid mellom norske institusjonar eller norske og utanlandske gradsgivande institusjonar. Finansieringsplan Plan for finansiering av ph.d.-studiet. Både sum, finansieringskjelde og fordeling over år. Kandidat Ph.d.-student som har levert avhandlinga til vurdering. Kreere Nemna ut nokon til ein akademisk grad. Opplæringsdel Organisert utdanning innafor forskaropplæringa – etikk, vitskapsteori og faglege emne. Opponent Komitémedlem som ved ein doktordisputas går kritisk igjennom avhandlinga til doktoranden. Ph.d.-student (doktorgradsstudent) Ein person som er teken opp til eit ph.d.-studium ved Universitetet i Tromsø. Programstyre Fakultetsorgan som har ansvar for den organiserte forskarutdanninga (ph.d.-studiet) og for saker som gjeld graden dr.philos. Rettleiar Ein fagperson som er oppnemnd for å sikra at studenten får god fagleg støtte i sitt arbeid. Rettleiar sine plikter går fram av Etiske retningslinjer for veiledning ved Universitetet i Tromsø. Studieplan Ein plan som beskriv læringsmål, faglege komponentar, oppbygging og gjennomføring av studiet. Studieretning Definerte fagretningar innafor eit studieprogram. Studierett Rettar knytt til eit studium, t.d. rett til rettleiing og til eit tilbod innafor opplæringsdelen. Innafor ph.d.-studiet vert studieretten tildelt gjennom tilbod frå institusjonen og avtale mellom fakultet og student. Studiepoeng Mål på arbeidsmengde. 60 studiepoeng tilsvarar arbeidsinnsatsen i eitt studieår. Utdanningsplan Plan for gjennomføring av studiet avtala mellom institusjonen og kvar enkelt student. Planen inneheld vedtak om plikter og ansvar institusjonen har overfor studenten, og studenten sine plikter overfor institusjonen og medstudentar. I ph.d.-studiet skal planen omfatta opplæringsdel og avhandling med beskriving av forskingsprosjektet.
§ 5 . Innhaldet i doktorgradsutdanninga
eit sjølvstendig forskingsarbeid i aktivt samarbeid med rettleiar(ar) og andre forskarar ein godkjend opplæringsdel deltaking i aktive forskarmiljø, nasjonalt og internasjonalt fagleg formidling som er nært relatert til forskingsarbeidet.
Arbeidet skal munna ut i ei vitskapleg avhandling – doktoravhandlinga.
godkjend gjennomføring av opplæringsdelen godkjend doktoravhandling, minst ei godkjend prøveførelesing og tilfredsstillande forsvar i ein offentlig disputas.
Fakultetet avgjer i sine utfyllande reglar om det skal haldast ei eller to prøveførelesingar.
Kapittel II. Opptak, studierett og permisjon
§ 6 . Opptakskrav til ph.d.-program
For å bli teken opp på eit doktorgradsprogram må søkjar enten ha ein integrert mastergrad på 300 studiepoeng, ein mastergrad på 120 studiepoeng som byggjer på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng, eller tilsvarande utdanning som fakultetet har godkjent som grunnlag for opptak til det programmet søknaden gjeld.
Erfaringsbasert mastergrad på 120 studiepoeng kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-studiet. I slike tilfelle skal fakultetet på førehand ha henta inn ei ekstern vurdering av om det sjølvstendige arbeidet i mastergraden har så høg kvalitet, fagleg, metodisk og vitskapsteoretisk, at det kan vera grunnlag for opptak til ph.d.-studiet. Slik vurdering skal gjerast av minst ein professor/førsteamanuensis frå eit relevant fagområde ved eit anna universitet. Opptakskomiteen skal leggja avgjerande vekt på den eksterne vurderinga.
Søkjarane må dokumentera engelskkunnskapar som tilfredsstiller kravet i norsk generell studiekompetanse. Fakultetet kan i spesielle tilfelle, og på vilkår av at søkjar kan norsk, dispensera frå dette kravet.
Fakulteta kan fastsetja faglege minstekrav, t.d. krav til karakternivå, ved opptak til ph.d.-studiet.
Eit krav for å bli teken opp er tilfredsstillande finansiering av studiet, som hovudregel lønn på nivå med stipendiatlønn. For deltidsstudentar føreset ein at minst 50 % av arbeidstida kan nyttast til doktorgradsstudiet.
§ 7 . Søknaden
plan med beskriving av forskingsprosjektet utdanningsplan finansieringsplan utgreiing om kva infrastruktur som trengst utgreiing om behov for rettleiing og forslag til rettleiar(ar) plan for fagleg formidling plan for tilknyting til forskarmiljø og eventuelle opphald ved andre forskings-institusjonar eller verksemder – også utanlandske, jf. § 17 dokumentasjon av den utdanninga som skal liggja til grunn for opptaket opplysningar om eventuelle immaterialrettslege restriksjonar for å verna andre sine rettar opplysningar om kva språk avhandlinga skal skrivast på, jf. § 19 siste ledd opplysningar om engelskkunnskapar.
Eit doktorgradsstipend universitetet lyser ut er ein studieplass. Søkjarar skal levera søknad om opptak til ph.d.-studiet i lag med søknad på stilling. Søkjarar med ekstern finansiering må søkja direkte til opptakskomiteen og oppgi finansieringskjelda mv. i søknaden.
Søknaden skal skrivast på fastsett søknadsskjema.
§ 8 . Opptakskomité
Fakulteta skal ha ein opptakskomité som har ansvar for opptaket. Komiteen skal oppnemnast av fakultetsstyret. Medlemmene skal vera forskarar med doktorgrad eller tilsvarande, og ph.d.-studentar. Programstyret kan vera komité. Studentane skal ha minst 20 % av medlemmene. Der dette ikkje er meir enn eitt medlem, skal studentane ha rett til å møta med ein til student med tale- og forslagsrett.
§ 9 . Avgjerd om opptak
Avgjerd om opptak skal vera basert på ei samla vurdering av søknaden. Dersom det er fastsett opptakstal, og det er fleire søkjarar enn det er plassar, skal rangeringa skje etter ei samla vurdering av prosjektbeskrivinga, søkjarane sitt potensiale for forsking slik dette går fram av søknaden og fagleg relevans for fagmiljøet.
Opptaket kan skje med atterhald om finansiering, opptakskapasitet, utarbeiding av individuell utdanningsplan, tilleggsutdanning og immaterialrettslege avtalar.
I opptaksvedtaket skal det oppnemnast rettleiar, ansvaret for løysing av andre behov som er skissert i søknaden skal plasserast, og avtaleperioden skal fastsetjast med startdato og tidslengd. Eventuell forlenging av avtaleperioden må knytast til rettar som arbeidstakar, eller avklarast spesielt.
avtalar er til hinder for publisering og open disputas dei immaterialrettslege avtalane som er inngått er så urimelege at institusjonen ikkje bør ta del i prosjektet.
§ 10 . Opptak til emne i opplæringsdelen
kategori 1: Personar som er tekne opp på ph.d.-program ved UiT/personar som er tilsette i stipendiatstilling ved UiT. kategori 2: Deltakarar på førstelektorprogrammet kategori 3: Doktorgradsstudentar frå andre universitet kategori 4: Personar med minimum mastergrad (eller tilsvarande) som ikkje er tekne opp på eit ph.d.-program.
Forskarlinjestudentar ved Det helsevitskaplege fakultetet som har fått oppnemnt rettleiar kan ta ph.d.-emne som ligg i studieplanen for forskarlinjestudiet, og ph.d.-emne som er godkjende i den enkelte student sin rettleiingskontrakt for forskarlinjestudiet. Dei skal rangerast etter gruppe 1. Eventuelle forskarlinjestudentar frå andre medisinske fakultet skal rangerast etter gruppe 3 ved opptak.
Fakultetet kan fastsetja spesielle opptakskrav innafor denne ramma. Dette må gjerast i emnebeskrivinga.
Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn plassar, skal søkjarane prioriterast i rekkefølgja kategori 1 til kategori 4.
Studentar i gruppe 2, 3 og 4 må søkja om opptak på fastsett søknadsskjema. For søkjarar i gruppe 1 og 2 og forskarlinjestudentar bestemmer fakultetet om det skal brukast søknadsskjema.
§ 11 . Avtale
Opptak skal formaliserast i skriftlig avtale om doktorgradsutdanninga. I del A er ph.d.-studenten og det fakultetet han/ho er teken opp ved avtalepartar. I del B er student, rettleiar og fakultet avtalepartar.
Dersom studenten er knytt til annan arbeidsplass, skal det gjerast avtale (del C) mellom fakultetet, studenten og den eksterne parten. Avtalen skal regulera arbeidsvilkåra, med tid til doktorgradsarbeidet, driftsmidlar og behov for vitskapleg utstyr. Han skal sikra at studenten er fast med i eit aktivt forskarmiljø og leggja til rette for at utdanninga skal kunna gjennomførast til avtala tid.
Vert studenten teken opp til eit program som leier fram til ein fellesgrad, skal det gjerast avtale mellom universitetet, studenten og den/dei andre institusjonane universitetet har ein fellesgrad i lag med (del D).
§ 12 . Studierett
Den som har teke imot tilbod om studieplass beheld studieretten i ein periode som tilsvarar to år effektiv studietid ut over normert studieprogresjon i heil- eller deltidsstudiar. Fakulteta kan utvida denne tidsramma for sitt/sine program. Utsett studiestart, permisjonar, utestenging frå universitetet og fagleg forseinking skal ikkje reknast med som studietid. Studentar som står i fare for å mista studieretten etter denne regelen skal få skriftlig varsel om det seinast eitt år før studieretten går ut. Den som mister studieretten, kan søkja om nytt opptak.
§ 13 . Permisjon
Ein ph.d.-student som får barn skal få permisjon frå studiet under svangerskap og til omsorg for barn, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-5. Militærteneste gir og rett til permisjon.
Stipendiatar får automatisk permisjon frå studiet i samband med permisjon frå stillinga.
Fakultetet kan gi permisjon frå studiet i inntil to år i løpet av studiet på grunnlag av deltaking i internasjonale forsvarsoperasjonar, studentpolitisk arbeid, langvarig sjukdom og andre viktige faglege, sosiale eller personlege grunnar. Fakultetet får fullmakt til å utvida høvet til permisjon for sine ph.d.-studentar i utfyllande reglar.
Avtaleperioden skal forlengast med ein periode tilsvarande permisjonen.
Kapittel III. Studiet
§ 14 . Doktorgradsutdanninga
Doktorgradsutdanninga er på 180 studiepoeng fordelt med 30 studiepoeng på opplæringsdelen og 150 studiepoeng på avhandling. I normeringa for avhandlinga er prøveførelesing(ar) og disputas inkludert. Utdanninga skal vera lagt opp i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning og skal kunna fullførast innafor normert tidsramme, tre år effektiv tid.
Fakulteta skal gi tilbod om opplæring på høgt vitskapleg nivå.
§ 15 . Opplæringsdelen
Emne i opplæringsdelen skal normalt vera på ph.d.-nivå (8000-emne) og skal mellom anna omfatta opplæring i vitskapsteori og etikk.
Fakultetet kan gi fritak/fagleg godkjenning for deltaking i delar av opplæringsdelen dersom tilsvarande krav er oppfylt ved anna eining eller institusjon som gir godkjend opplæring. I emne der det ikkje finst kurstilbod, kan individuelt lesepensum godkjennast som element i opplæringsdelen.
Dersom fakultetet ikkje sjølv arrangerer heile opplæringsdelen, skal fakultetet syta for at studentane får tilsvarande opplæring ved andre fakultet/institusjonar som gir godkjend doktorgradsutdanning.
Opplæringsdelen skal vera gjennomførd og godkjend av programstyret før studenten leverer avhandlinga. Søknad om endringar i godkjend plan for opplæringsdelen skal utarbeidast i samråd med hovudrettleiar og avgjerast av programstyret
§ 16 . Rettleiing
Ein ph.d.-student skal få individuell rettleiing i arbeidet med avhandlinga i samsvar med Etiske retningslinjer for veiledning ved Universitetet i Tromsø og etter fastsett tidsnorm. Han/ho skal ha kontakt med sin(e) rettleiar(ar) med jamne mellomrom.
Minst ein av rettleiarane skal vera tilsett der studenten er teken opp. Rettleiar(ane) skal ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse.
Dersom studenten har fleire rettleiarar, skal det oppnemnast ein hovudrettleiar med primært ansvar for den faglege oppfølginga av han/henne. Hovudrettleiar skal som hovudregel vera tilsett ved universitetet.
Både rettleiar og student pliktar å rapportera i samsvar med dei reglane fakultetet har fastsett, jf. § 22.
§ 17 . Tilknyting til forskarmiljø
Fakulteta har, i samråd med rettleiar(ane), ansvar for å leggja til rette for ph.d.-studentane slik at dei tek regelmessig del i eit aktivt forskarmiljø med seniorforskarar og andre studentar. For studentar som har hovudtilknyting ved annan institusjon skal det gjerast avtale mellom universitetet og samarbeidande institusjon som regulerer arbeidsvilkåra og sikrar at studenten tek del i eit aktivt forskarmiljø, jf. § 11.
Arbeidsvilkåra skal vera i samsvar med prinsippa i The European Charter for Researchers og The Code of Conduct for the Recruitment of Researchers.
§ 18 . Utstyr
Ph.d.-studenten skal ha til disposisjon nødvendig utstyr for gjennomføring av forskingsprosjektet. Institutt/fakultet avgjer kva som er nødvendig utstyr. For studentar med ekstern finansiering og/eller arbeidsplass skal det gjerast avtale mellom institusjonen og ekstern part i samband med kvart enkelt forskingsprosjekt. Slik avtale skal vera gjort ved vedtak om opptak, eller rett etterpå, jf. § 11.
Kapittel IV. Doktoravhandlinga
§ 19 . Krav til doktoravhandlinga
Avhandlinga skal vera eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar innafor fagområdet. Ho skal vera med på å utvikla ny fagleg kunnskap og liggja på eit nivå som tilseier at ho vil kunna publiserast som ein del av den vitskaplege litteraturen i faget.
Avhandlinga kan vera ein monografi eller ei samanstilling av fleire mindre arbeid – ei artikkelsamling. I ei artikkelsamling må det vera samanheng mellom delane og det må gjerast greie for denne samanhengen i eit samandrag.
Del av fellesarbeid vert godteke som avhandling i den grad ph.d.-studenten sin sjølvstendige innsats kan identifiserast og dokumenterast.
Fakultetet kan i sine utfyllande reglar opna for ei ordning med at fleire studentar skriv avhandling i lag.
Språket i avhandlinga skal avtalast mellom rettleiar, student og fakultet.
§ 20 . Arbeid som ikkje vert godtekne
Arbeid som har vore godteke som grunnlag for tidlegare eksamenar, kan ikkje leverast til vurdering, med mindre arbeidet er ein mindre del av ei avhandling med fleire arbeid som heng saman.
Eit arbeid eller delar av eit arbeid som er godkjent for doktorgrad ved norsk eller utanlandsk institusjon tidlegare, vil ikkje bli vurdert sjølv om arbeidet er omarbeidd.
§ 21 . Offentleggjering
Avhandlinga skal være offentlig tilgjengeleg seinast to veker før disputasen.
Det kan ikkje leggjast restriksjonar på offentleggjering og publisering av ei doktoravhandling, med unntak for ei utsetjing av dato for offentleggjering/publisering som er avtala på førehand. Slik utsetjing kan avtalast mellom ph.d.-studenten og finansieringskjelder/arbeidsgivar når føremålet er at desse skal kunna ta stilling til patentering/kommersialisering, jf. det som er bestemt i lov om retten til oppfinnelser som er gjort av arbeidstakere.
Finansieringskjelder/arbeidsgivar kan ikkje stilla som vilkår at heile eller delar av avhandlinga ikkje skal kunna offentleggjerast eller publiserast.
Kapittel V. Kvalitetssikring og rapportering
§ 22 . Kvalitetssikring og rapportering
Alle aktuelle nivå ved universitetet har ansvar for at Kvalitetssystem for utdanningsvirksomheten ved Universitetet i Tromsø vert følgt. Eit ledd i kvalitetssikringa er årleg rapportering frå ph.d.-student og rettleiar.
Kapittel VI. Plikt til å melda frå om resultat
§ 23 . Plikt til å melda frå om resultat
Ein ph.d.-student som er tilsett ved Universitetet i Tromsø har plikt til å melda frå om arbeidsresultat i samsvar med Reglement for arbeidsgivers rett til arbeidsresultater.
For studentar med ekstern arbeidsgivar skal det gå fram av avtalen mellom universitetet, studenten og arbeidsgivaren (avtalen del C) om studenten har meldeplikt.
Kapittel VII. Heving av avtalen
§ 24 . Frivillig avslutning
Ph.d.-student og fakultet kan avtala at utdanninga skal avsluttast før avtala tid. Ved slik heving av avtalen skal det fastsetjast i eigen avtale korleis spørsmål som er knytte til eventuelle tilsetjingsforhold, finansiering, rett til resultat mv. skal ordnast.
Ved frivillig avslutning fordi studenten ynskjer å skifta prosjekt eller å gå over til eit anna program, skal han/ho søkja nytt opptak på grunnlag av det nye prosjektet. I denne samanhengen er overgang til fri grad (dr.philos.) det same som frivillig avslutning.
§ 25 . Tvungen avslutning
ph.d.-studenten har brote informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikta fleire gonger eller på vesentlege punkt framdrifta av forskingsprosjektet er så mykje forseinka at det skaper rimeleg tvil om studenten vil kunna fullføra prosjektet innafor avtala tid, og forseinkinga skuldast forhold som han/ho sjølv har herredømme over. gjennomføringa av opplæringsdelen er vesentlig forseinka, av grunnar studenten sjølv har herredømme over studenten har brote dei forskingsetiske retningslinjene som gjeld for fagområdet studenten har handla på ein måte som er i strid med den tilliten som må vera mellom universitet og student under gjennomføringa, medrekna ulovlege forhold knytt til gjennomføring av utdanninga.
Studenten og vedkommande grunneining/institutt skal få høve til å uttala seg før vedtak om tvungen avslutning vert gjort. Dersom studenten er tilsett, kan avtalen berre avsluttast dersom vilkåra i tenestemannslova er oppfylt.
Kapittel VIII. Vurdering av avhandlinga
§ 26 . Innlevering
Opplæringsdelen skal vera gjennomførd og godkjend før levering av avhandlinga, jf. § 15 siste ledd. Universitetsdirektøren bestemmer korleis avhandlinga skal leverast. Med avhandlinga skal det følgja eit samandrag på nynorsk eller bokmål.
§ 27 . Oppnemning av komité
begge kjønn, så langt råd er, er representerte minst eitt av medlemmene ikkje er knytt til universitetet minst eitt av medlemmene, så langt råd er, skal vera frå ein utanlandsk institusjon alle medlemmene har doktorgrad eller tilsvarande kompetanse minst eitt medlem har kompetanse over førstestillingsnivå.
Instituttet føreslår komité. Forslaget skal vera grunngitt og bør visa til korleis komiteen samla sett dekker fagfelt for avhandlinga.
Fakultetet peikar ut leiar mellom komitémedlemmene eller i tillegg til medlemmene. Ein som har vore kandidaten sin medforfattar, rettleiar eller andre som er inhabile etter forvaltningslova § 6, kan ikkje oppnemnast som medlem eller leiar av komiteen.
Kandidaten skal få informasjon om kven som er med i komiteen.
§ 28 . Tilbaketrekking og retting av avhandling
Eit arbeid som er levert, kan ikkje trekkjast tilbake før det er endelig avgjort om det er verdig til å forsvarast for doktorgraden. Kandidaten kan likevel retta formelle feil i avhandlinga etter innlevering. I slike tilfelle må han/ho senda inn ei oversikt over alle rettingar som er gjorde seinast ein månad før disputasen.
§ 29 . Opplysningsplikt
Rettleiar kan kallast inn til møte i komiteen for å gjera greie for rettleiinga og arbeidet med avhandlinga.
Komiteen kan krevja å få lagt fram kandidaten sitt grunnlagsmateriale og utfyllande eller oppklarande tilleggsinformasjon.
Kapittel IX. Komitéinnstillinga og behandling av innstillinga
§ 30 . Fristar
Komiteen skal så langt råd er gi si innstilling innan tre månader etter at avhandlinga er levert til vurdering, med mindre fakultetet har bestemt noko anna. Dersom kandidaten får høve til omarbeiding av avhandlinga etter § 32 eller § 33, går det ny frist frå den datoen avhandlinga vert levert på nytt. Det same gjeld ved eventuell ny levering etter § 34. Disputasen skal så langt råd er haldast innan fire månader etter at avhandlinga er levert til vurdering.
§ 31 . Innstilling
Komiteen gir innstilling om arbeidet er verdig til å forsvarast for doktorgraden. Innstillinga og eventuelle dissensar skal vera grunngitte.
Kandidaten skal få kopi av innstillinga med frist på 14 dagar til å komma med skriftlege merknader. Eventuelle merknader til innstillinga skal fakultetet senda til komiteen med ein kort frist for merknader.
Dersom kandidaten ikkje ynskjer å fremja skriftlege merknader, skal komiteen få melding om det.
§ 32 . Samrøystes innstilling
Føresett at eit fleirtal av programstyret stemmer for det, skal ei samrøystes komitéinnstilling takast til følgje.
Dersom eit fleirtal finn at det – trass i ei samrøystes positiv komitéinnstilling – er velgrunna tvil om ei avhandling bør godkjennast, skal programstyret be om nærare avklaring frå komiteen og/eller oppnemna to nye sakkunnige, som gir individuell uttale om avhandlinga. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsett ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare.
Eventuelle merknader frå kandidaten skal leggjast ved. Etter dette gjer programstyret vedtak i saka på grunnlag av innstillinga og dei utgreiingane som er innhenta.
Programstyret kan delegera til leiar eller til komiteen å gjera vedtak i saka når komitéinnstillinga er samrøystes.
Kandidaten skal få melding om resultatet av behandlinga.
§ 33 . Delt innstilling
Ved dissens i komiteen gjer fakultetet (programstyret) vedtak utan tilleggsvurdering eller etter å ha søkt nærare avklaring frå komiteen.
oppnemnast to nye sakkunnige som gir individuell uttale om avhandlinga. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsette ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare. oppnemnast ny komité.
Den første innstillinga og eventuelle merknader frå kandidaten skal leggjast ved til eventuelle sakkunnige/ny komité.
godkjenna avhandlinga for forsvar. gi kandidaten høve til å omarbeida avhandlinga dersom eit fleirtal av komiteen har tilrådd det. Han/ho skal få ein frist for slik omarbeiding på seks månader eller kortare. vedta å ikkje godkjenna avhandlinga.
Kandidaten skal få melding om resultatet av behandlinga.
§ 34 . Ny levering
Ei doktoravhandling som ikkje vert godkjend, kan leverast til ny vurdering i omarbeidd form ein gong. Slik ny levering kan skje først seks månader etter at det første vedtaket vart gjort.
Komiteen skal informerast om at avhandlinga har vore levert tidlegare, og kan få den første innstillinga på førespurnad.
Kapittel X. Disputas og kreering
§ 35 . Prøveførelesing(ar)
Etter at avhandlinga er godkjent for forsvar, men før forsvaret, skal doktoranden halda prøveførelesing(ar).
Ei prøveførelesing skal vera over oppgitt tema fastsett av komiteen. Temaet skal kunngjerast for doktoranden ti virkedagar før førelesinga.
Dersom doktoranden skal halda to prøveførelesingar, skal den andre vera over eit sjølvvalt tema. Doktoranden skal melda frå om tittel på prøveførelesinga over sjølvvalt tema til fakultetet ein månad før førelesinga.
Prøveførelesinga(ne) skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna. Dei skal haldast etter at avhandlinga er levert, men før disputasen, og skal godkjennast av komiteen.
Dersom prøveførelesinga(ne) ikkje vert godkjend(e), skal det haldast ny(e) prøveførelesing(ar) dersom doktoranden ynskjer det. Prøveførelesinga(ne) skal haldast over nytt/nye emne, snarast mogeleg og seinast innan seks månader. Så vidt mogeleg skal dei vurderast av den opphavlege komiteen.
§ 36 . Forsvar av avhandlinga
Når doktoranden har halde prøveførelesing(ane) og fått dei godkjende, skal han/ho forsvara avhandlinga i offentleg disputas. Tid og stad for disputasen skal offentleggjerast i god tid saman med opplysninga om korleis avhandlinga er offentleggjort.
Disputasen skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna.
Det skal normalt være to opponentar. Dei skal peikast ut av og mellom medlemmene av komiteen. I særlige tilfelle kan fakultetet (programstyret) oppnemna opponentar som ikkje har vore medlemmer av komiteen.
Disputasen vert leia av dekan eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen, gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga. Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Førsteopponent innleier diskusjonen, og andreopponent avsluttar disputasen. Fakultetet kan likevel fastsetja ei anna rekkefølgje og oppgåvefordeling mellom doktoranden og førsteopponenten. Andre som er til stades og som ynskjer å opponera ex auditorio, må gi melding om dette til leiar for disputasen innan det tidspunktet leiar fastset og kunngjer ved opninga av disputasen.
Etter disputasen gjer komiteen skriftleg greie for korleis han vurderer forsvaret av avhandlinga. Meldinga skal konkludera med om disputasen er godkjend/ikkje godkjend.
Dersom disputasen ikkje vert godkjend, skal det gjennomførast ny disputas dersom doktoranden ynskjer det. Ny disputas skal gjennomførast snarast mogeleg og seinast innan seks månader. Så vidt mogeleg skal ny disputas vurderast av den opphavlege komiteen.
Disputasen skal godkjennast før doktoranden kan få diplom.
§ 37 . Kreering og diplom/vitnemål
Når eit fleirtal i komiteen har godkjent disputasen, vert doktoranden kreert til philosophiae doctor (ph.d.) av universitetsstyret.
Universitetet set opp vitnemål, diploma supplement og diplom.
Kapittel XI. Klage
§ 38 . Klage over avslag på søknad om opptak
Avslag på søknad om opptak etter § 5 kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28 flg. Klagen skal sendast til fakultetet. Dersom klagar ikkje får medhald går den til avgjerd i universitetet si klagenemnd.
§ 39 . Klage over underkjenning av opplæringsdelen
Avslag på søknad om godkjenning av kurs eller andre delar av opplæringsprogrammet kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28 flg. Ved klage over sensur på emne, gjeld og universitets- og høgskolelova § 5-3.
§ 40 . Klage over avslag på søknad om vurdering eller underkjenning av avhandling, prøveførelesing eller forsvar
Underkjenning av avhandling, prøveførelesing og forsvar kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28 flg. Grunngitt klage skal sendast fakultetet. Alle sider ved det påklaga vedtaket kan prøvast.
Kapittel XII. Ikraftsetjing
§ 41 . Ikraftsetjing
Forskrifta tek til å gjelda 1. januar 2010.
Samtidig vert forskrift 15. desember 2005 nr. 1780 for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø oppheva.