Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova
I kraft fra: 2010-01-01
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 19-7 skal lyde:
Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon etter barnevernlova ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-2 andre ledd.
Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5. Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5. Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for fylkesmannen i fylkeskommunen der institusjonen ligg.
Overskrift til ny § 19-8 skal lyde:
Ny § 19-8 skal lyde:
Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon for rusmiddelavhengige eller institusjon innanfor psykisk helsevern ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-3a andre ledd.
Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5. Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5. Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for fylkesmannen i fylkeskommunen der institusjonen ligg.
II
Endringane trer i kraft 1. januar 2010.