Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

LTI/forskrift/2009-12-17-1806·Kunngjort 12. januar 2010·Journalnr. 2009-1382

I kraft fra: 2010-01-01

Endrerforskrift/2005-12-19-1718
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-2lov/2005-04-01-15 § 3-3lov/2005-04-01-15 § 3-4lov/2005-04-01-15 § 3-5lov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 3-8lov/2005-04-01-15 § 3-9lov/2005-04-01-15 § 3-10lov/2005-04-01-15 § 3-11lov/2005-04-01-15 § 4-2lov/2005-04-01-15 § 4-5lov/2005-04-01-15 § 4-6lov/2005-04-01-15 § 4-7lov/2005-04-01-15 § 4-8lov/2005-04-01-15 § 5-1lov/2005-04-01-15 § 5-2lov/2005-04-01-15 § 5-3lov/2005-04-01-15 § 7-1

§ 1 . Bruksområde og definisjonar

Denne forskrifta gjeld alle utdanningar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. For utdanningstilbod organisert som betalingstilbod, kan høgskulen gjera unntak frå rangeringsreglane for opptak og nokre andre ordningar som gjeld ordinære studentar.

I denne forskrifta betyr «lova» lov 1. april 2005 nr. 15: Lov om universiteter og høyskoler. Opptak vil seia at ein person har søkt, fått vurdert kompetansen sin og er innvilga studierett til eit studieprogram, studium eller emne. Grunnutdanning er eit studieprogram eller studium der opptak ikkje føreset anna grunnlag enn det ein kan ta i vidaregåande skule eller med hjelp av realkompetanse. Eit studieprogram er ei samling emne som er fastsett i studieplan, som studentar kan få opptak til, og som fører fram til grads- eller yrkesutdanning. Eit studium er ei samling emne som er fastsett i studieplan, som studentar kan få opptak til, og som har omfang minst 30 studiepoeng. Emne er ei eining innafor eit studieprogram eller studium. Eit emne har eit definert innhald i ein emneplan og gjev utteljing i form av studiepoeng. Som student vert rekna den som gjennom opptak i samsvar med § 3-6 og § 3-7 i lova er teken opp til eit studieprogram eller studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Som emnestudent vert rekna den som gjennom opptak har fått studierett til eitt eller fleire emne. Som privatist vert rekna den som etter § 3-10 i lova melder seg til eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane utan å vera oppteken som student. Rammeplan er ein nasjonal plan som fastset mål, innhald og organisering av visse utdanningar og einskildfag som inngår i ei utdanning. Departementet fastset rammeplanar. Studieplan er ein plan som fastset opptakskrav, læringsutbytte, fagleg innhald, organisering, undervisnings- og læringsformer, arbeidskrav, pensum, vurderingsformer og kompetanse for eit studieprogram eller studium. Studieplanen er eit juridisk bindande dokument for både studenten og høgskulen. For rammeplanstyrte studieprogram skal studieplanen stetta dei krava rammeplanen set til det som der vert kalla fagplan. Studieplanen har omtale av emne som inngår i studiet (emneplan). Studieplanen skal til vanleg også omfatta omtale av praksis dersom dette er ein del av utdanninga. Dersom det er sterke grunnar for det, kan praksis omhandlast i ein eigen plan som i så fall er eit vedlegg til studieplanen. Emneplan er ein plan som fastset opptakskrav, læringsutbytte, fagleg innhald, undervisnings- og læringsformer, arbeidskrav, vurderingsformer og pensum for eit emne. Utdanningsplan er ein avtale mellom student og institusjon som synleggjer kva rettar og plikter høgskulen har overfor studenten, og dei rettar og plikter studenten har overfor institusjon og medstudentar. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen. Studentar som er tekne opp til studieprogram eller studium på 60 studiepoeng eller meir, skal inngå utdanningsplan, jf. lova § 4-2. Arbeidskrav er obligatorisk arbeid som må vera gjennomført og godkjent før ein framstiller seg til eksamen. Arbeidskrav er vilkår for å gå opp til eksamen og kan ikkje vera ein del av eksamen. Døme på arbeidskrav er skriftlege oppgåver, munnlege framføringar, kurs, øvingar, ekskursjonar og obligatorisk undervisning. Arbeidskrav skal gå fram av studie-/emneplan. Godskriving vil seia at ein student som har teke utdanning ved ein institusjon som tilbyr akkreditert høgre utdanning, kan få godskrive dette som del av ei ny utdanning dersom vilkåra for godskriving er oppfylte, jf. lova § 3-5 (1). Fritak vil seia at ein student kan få fritak for delar av utdanninga, jf. lova § 3-5 (2). Studiepoeng er mål på omfanget av eit studieprogram, studium eller emne der eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng. Eksamen er prøving med påfølgjande vurdering. Som eksamen vert rekna alle skriftlege, munnlege, praktiske eller kunstnarlege arbeid, framføringar og prøver som gir grunnlag for fastsetjing av karakter på vitnemål eller karakterutskrift. Diploma Supplement er eit vitnemålstillegg på engelsk, og skal synleggjera namn og personalia for studenten, informasjon om studiet vedkomande har gjennomgått og norsk utdannings- og vurderingssystem. Diploma Supplement inneheld ikkje vurdering av prestasjonar for den einskilde student. Diploma Supplement skal følgja det originale vitnemålet, og er berre gyldig i lag med dette.

Rektor har det øvste ansvaret for alle administrative vedtak etter denne forskrifta. Rektor er ansvarleg overfor styret for at alle avgjerder er i samsvar med overordna vedtak og føringar og kan derfor overprøva avgjerdene til underordna. I saker der vedtaksmynde i denne forskrifta ikkje eksplisitt er lagt til annan instans, er det rektor eller den rektor gir fullmakt som har avgjerdsrett.

§ 2 . Gradar og yrkesutdanningar

Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler graden høgskulekandidat på grunnlag av fullført toårig utdanning (120 studiepoeng) som i følgje vedtak i styret for høgskulen gir graden høgskulekandidat.

Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler bachelorgrad på eitt av følgjande grunnlag: Fullført 3-årig rammeplanfesta studieprogram (180 studiepoeng) som i følgje rammeplan eller forskrift gir bachelorgrad. Fullført 3-årig studieprogram (180 studiepoeng) som i følgje vedtak i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane gir bachelorgrad. Graden må innehalda eit fagleg sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng. Studieutvalet kan gjera unntak for denne regelen dersom særskilde tilhøve tilseier det. Tre års normert studieprogram (180 studiepoeng) med fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng. Graden må innehalda eit fagleg sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng som er relevant i høve den faglege fordjupinga. I tillegg er det krav om fordjuping i eit anna fag/emne på minimum 30 studiepoeng

Høgskulen i Sogn og Fjordane tildeler mastergrad som er godkjent av departementet i samsvar med lova § 3-2. Mastergradar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er regulert av forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrader, fastsett av Utdannings- og forskingsdepartementet. Nærare reglar om det sjølvstendige arbeidet i graden, vurderingsordningar og anna skal gå fram av studieplan. Studieutvalet fastset studieplan.

Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr grunnskulelærarutdanning (240 studiepoeng) på grunnlag av gjeldande rammeplan.

Emne/studieeiningar som skal inngå i ein grad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal normalt ha eit omfang på minst 10 studiepoeng. Studieutvalet kan gjera unntak for denne regelen dersom særskilde tilhøve tilseier det.

I ein bachelorgrad kan fagleg overlapping maksimalt ha omfang tilsvarande 5 studiepoeng. I ein mastergrad med omfang inntil 120 studiepoeng, er fagleg overlapping ikkje tillate.

Utdanning frå annan institusjon kan vurderast som fagleg jamgod med utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og dermed gi grunnlag for tildeling av grad, jf. lova § 3-5 (3). Når ein student er kvalifisert for vitnemål for fullført utdanning eller grad på grunnlag av godskriving av utdanning frå annan institusjon, må studenten ha avlagt minst 60 studiepoeng ved Høgskulen i Sogn og Fjordane for å få tildelt vitnemålet, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning. Når ein student er kvalifisert for vitnemål for ei utdanning/grad og denne byggjer på tidlegare vitnemål for utdanning/grad, må studenten ha avlagt minst 60 nye studiepoeng som ikkje er med i grunnlaget for tidlegare vitnemål. For einskilde utdanningar kan det vera krav om 90 nye studiepoeng for å få tildelt nytt vitnemål.

Høgskulen i Sogn og Fjordane kan tildela fellesgrader i samarbeid med andre institusjonar.

§ 3 . Planar for studieprogram, studium og emne

Det skal vera godkjend plan for alle studieprogram, studium og emne som gir utteljing i form av studiepoeng og som vert tilbydde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller som høgskulen har fagleg ansvar for. Emnenivå skal gå fram av emnekode/-namn slik: 100-emne er grunnivå (grunnemne). 200-emne er fordjupingsnivå (fordjupingsemne på bachelornivå). Fordjupingsemne byggjer på grunnemne. 300-emne byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande og inngår i mastergrad eller er godkjent som del av ein mastergrad ved annan institusjon.

Studieutvalet fastset mal for utforming av studieplanar og emneomtalar. Planane skal byggja på det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Høgskulen sine studie- og emneplanar skal utarbeidast med utgangspunkt i at eit fullt årsstudium (60 studiepoeng) skal innebera ei arbeidsmengde som tilsvarar 1600 arbeidstimar (40 arbeidstimar per veke i 40 veker). Høgskulen sine studieplanar skal byggjast opp slik at ein student ved å gjennomføra studiet på normert tid kan få jamn utteljing i form av studiepoeng; dvs. 60 studiepoeng per studieår ved eit heiltidsstudium.

Styret oppnemner komité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye bachelor- og masterprogram og eittårige vidareutdanningar på høgre nivå. Dekan oppnemner komité og gir mandat for arbeid med planar for studium og emne til og med 60 studiepoeng på bachelornivå. Ein studieplankomité ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal, i tillegg til representantar for tilsette og studentar, ha ekstern representasjon for alle studieprogram og studium på meir enn 30 studiepoeng.

Studieutvalet ved HSF gjer vedtak om godkjenning av nye studieplanar med omfang over 30 studiepoeng. Dekan gjer vedtak om godkjenning av nye studie- og emneplanar med omfang til og med 30 studiepoeng.

Styret gjer vedtak om etablering av nye studieprogram og studium med omfang over 30 studiepoeng. Rektor førebur saka for styret i samråd med dekan på aktuell avdeling på bakgrunn av komitéinnstilling og framlegg til studieplan. Dekan gjer vedtak om etablering av studieprogram, studium og emne med omfang til og med 30 studiepoeng. Når eit studieprogram eller studium er sett saman av emne frå fleire avdelingar, skal styret ved vedtak om etablering avgjera kva avdeling som skal ha det samla faglege ansvaret for studieprogrammet/studiet.

Vedtak om å starta opp eit studieprogram/studium som er fullfinansiert over ordinært budsjett vert gjort av styret i samband med årleg budsjettvedtak. Rektor har fullmakt til å gjera vedtak om oppstart av studieprogram/studium som er heilt eller delvis eksternt finansiert.

Alle høgskulen sine studieplanar skal gjennomgå ein årleg revisjon. Studiedirektøren fastset tidspunkt og prosedyrar for revisjonen.

Alle studieplanar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vert publiserte elektronisk. Studiedirektøren er redaktør for studiehandboka.

§ 4 . Opptak

Styret kan regulera opptakskapasiteten til kvart einskild studieprogram/studium, jf. lova § 3-7. Til grunnskulelærarutdanning, bachelorgrader og andre studium som er lyst ut i Samordna Opptak, gjeld den sentrale opptaksforskrifta (forskrift om opptak til høyere utdanning). Denne forskrifta gjeld også for andre studieprogram/studium på lågare grads nivå i lokale opptak, der opptakskravet er generell studiekompetanse. Andre opptakskrav skal gå fram av studieplanen. Ein person må søkja innan fastsett frist og på fastsett måte for å få opptak til eit studium. Søknadsfristane i lokale opptak følgjer normalt fristane i Samordna Opptak. Studiedirektøren kan fastsetja andre fristar i dei lokale opptaka dersom situasjonen tilseier det. Opptak til studium gir studierett i samsvar med høgskulen sine reglar for det, jf. § 6. Ein student kan søkja om utsett studiestart (reservert studieplass) i eitt år, eller eventuelt eitt semester dersom studieopplegget gjer det mogeleg og dersom det ligg føre viktige grunnar, som til dømes innkalling til sivil-/militærteneste, graviditet eller sjukdom. Studiedirektøren avgjer slike søknader. Studentar ved høgskulen som har studierett på utdanningar der andre studium kan inngå som valfag, vert rangerte føre eksterne søkjarar.

For opptak og rangering av søkjarar til grunnutdanningar, gjeld lova § 3-6 og forskrifter fastsette av departementet.

For opptak til vidareutdanningar med rammeplan, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i rammeplanen. For opptak til vidareutdanningar utan rammeplan, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i studieplanen.

For opptak til masterstudium gjeld forskrift om krav til mastergrader, fastsett av departementet. Nærare spesifikasjon av det faglege grunnlaget for opptak skal gå fram av studieplanen. Studieutvalet gir retningsliner om rangering av søkjarar til masterutdanning.

For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning gjeld minstekrav som er fastsette i rammeplanen. Søkjarar som vert tekne opp med bakgrunn i utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentera kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse. Studieutvalet gir nærare retningsliner om rangering av søkjarar til praktisk-pedagogisk utdanning.

Høgskulen kan gi søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. lova § 3-6 og forskrift fastsett av departementet. Vurdering av realkompetanse er ei individuell vurdering som blir gjort på grunnlag av innsend dokumentasjon. Søkjarar kan bli kalla inn til opptaksprøve og intervju. Søkjar skal senda med ein personleg søknad der det blir gjort greie for motivasjon og forventning til studiet, og ei eigavurdering av kvifor søkjar meiner å kunna gjennomføra studiet. Studieutvalet kan fastsetja nærare retningsliner for realkompetansevurdering innafor dei rammene departementet har fastsett.

Klage over enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom Samordna Opptak vert handsama av felles klagenemnd, jf. forskrift om felles klagenemnd for opptak til grunnutdanninger ved universiteter og høgskoler gjennom Samordna opptak. Unntak frå punkt 1 er klager som gjeld opptak etter lova § 3-6 andre og tredje ledd. Desse vert handsama av Klagenemnda ved høgskulen.

Studiedirektøren og/eller ein opptakskomité gjer opptaket eller syter for at det blir gjennomført når opptaket er nasjonalt samordna. Opptakskomiteen vert oppnemnt av styret, og skal ha følgjande samansetjing: leiar, nestleiar og ein studentrepresentant er faste medlemmer. I tillegg deltek dekan ved den avdelinga det gjeld, eller den han nemner opp i sin stad. Studiedirektøren er sekretær for opptakskomiteen. Opptakskomiteen skal gjera vedtak om opptak etter pkt. 4.6, nr. 1 i denne forskrifta og rangera søkjarar det ikkje kan reknast poeng for. Opptakskomiteen kan delegera sitt vedtaksmynde til studiedirektøren.

Styret kan gjera vedtak om avlysing av opptak (nullopptak) til eit studieprogram/studium dersom søkinga er for dårleg. Avlysing skal skje i god tid før oppstart, og seinast 1. juni for studieprogram/studium med oppstart i august.

§ 5 . Undervisning

Studieåret er på 40 veker, til vanleg fordelt med 18-19 veker i haustsemesteret og 21-22 veker i vårsemesteret. Juleferie og påskeferie er ikkje del av studieåret. Undervisning og eksamen skal avviklast innafor studieåret. Rektor fastset studieåret kvart år innan 1. januar det året studieåret tek til. Forkurs, deltidsstudium, studium organiserte over tre terminar og eksternt finansierte tilbod kan ha avvikande studieår.

Førelesingar ved høgskulen er som hovudregel offentlege. Denne regelen kan fråvikast dersom saklege grunnar tilseier det, mellom anna dersom det er fastsett eigenbetaling for studiet, jf. lova § 3-8. For kvart semester kan det gjennomførast undervisningsopptak der studentar i fleirårige løp melder seg på undervisning i emne dei planlegg å ta det følgjande semesteret. Dekanen avgjer opptakskapasitet for kvart emnet. Studiedirektøren kan fastsetja rangeringsreglar for undervisningsopptak. For å kunna melda seg på undervisning i eit emne, kan det vera krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vera fullførte med godkjent resultat. Slike krav skal gå fram av emneplanen. Eit emne som ikkje er obligatorisk del av eit studieprogram/studium kan i særskilde tilfelle avlysast. Dekan tek avgjerd om det.

Krav om obligatorisk frammøte i undervisning eller andre aktivitetar skal gå fram av studieplan/emneplan. Med mindre studie-/emneplan seier noko anna, er det krav om 80 % frammøte til obligatorisk undervisning. Fråvær frå obligatorisk undervisning og liknande vert handsama etter regelverket om arbeidskrav, jf. pkt. 8.2.

Dersom planlagt undervisning vert endra eller avlyst, skal studentane det gjeld varslast så tidleg som mogeleg. Dekan tek avgjerd om eventuell avlysing, og om den avlyste undervisninga skal erstattast.

Studentevaluering av undervisninga skal gjennomførast i alle emne i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssystem.

Til vanleg vert undervisninga gitt på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Dersom situasjonen tilseier det, kan heile eller delar av undervisninga i eit emne bli gitt på engelsk. Dekan tek avgjerd om det. Dersom undervisningspråket ikkje er skandinavisk, skal det informerast om det så tidleg som mogeleg.

§ 6 . Studierett

Opptak til eit studium gir studierett; dvs. tilgang til undervisning og eksamen i emne som inngår i studiet og eventuelt praksis og andre obligatoriske eller valfrie element i studiet. Ein student som ikkje fyller dei vilkåra som er knytte til det enkelte studiet ved studiestart, taper studieretten. Slike vilkår skal gå fram av tilbods- eller opptaksbrevet som studenten får. Ein student som taper studieretten av slike grunnar må søkja om nytt opptak. Studieretten er tapt når ein student har brukt opp alle forsøk på å greia ein eksamen eller praksisperiode. Ein student som har tapt studieretten av slike grunnar, kan ikkje få nytt opptak til same studium eller emne som inngår i studiet. Studieretten fell bort når studenten har fullført det studiet han var oppteken til. Studieretten kan gå tapt på grunn av straffbare forhold eller på grunnlag av skikkavurdering, jf. lova § 4-8 og § 4-9.

Retten til å halda fram ved eit studium kan regulerast med særskilde krav for kvart einskilt studium. Slike krav skal gå fram av studieplanen. Ein student kan vera registrert ved eit studium inntil to gonger normert studietid, avgrensa oppover til to år lenger enn normert. Etter denne tid misser studenten dei rettar som følgjer med opptaket. Studentar som ikkje følgjer normert studieprogresjon, må rekna med å følgja gjeldande studieplan og dei eksamensordningar som følgjer av denne. Studentar kan etter søknad få permisjon frå utdanninga, jf. pkt. 6.6.

Høgskulen i Sogn og Fjordane kan ikkje krevja eigenbetaling frå studentar for ordinære utdanningar som fører fram til ein grad eller ei yrkesutdanning, jf. lova § 7-1. Alle som er opptekne til studium/emne som er normerte til minst 15 studiepoeng per semester, skal betala semesteravgift og reelle kostnader knytt til læremiddel, jf. lova § 7-3 («papirpengar»). Ein student med slikt opptak vert rekna som student heile tida, også i semester utan eksamen. Studentar som tek utdanning ved fleire institusjonar, skal betala semesteravgift og papirpengar til den utdanningsinstitusjonen der dei tek flest studiepoeng. Studentar som tek emne med omfang 14 studiepoeng eller mindre betalar semesteravgift og papirpengar i eksamenssemesteret. Desse studentane kan sjølve velja om dei vil betala semesteravgift i semester utan eksamen. I slike tilfelle må studenten sjølv be om dette. Privatistar kan møta fram på alle opne førelesingar, men dei har ikkje rett til oppgåveretting og liknande og vert difor berre rekna som studentar i eksamenssemesteret. Dei betalar såleis semesteravgift i eksamenssemesteret. Deltakarar på studium som fell inn under oppdragsverksemd, betalar ikkje papirpengar. Slike studentar kan også bli fritekne frå kravet om å betala semesteravgift når det etter ei samla vurdering av undervisninga sitt omfang, undervisnings- og eksamensstad og andre forhold verkar rimeleg. Desse kan likevel betala semesteravgift dersom dei ønskjer det, og har då krav på studentkort. Utvekslingsstudentar betalar semesteravgift i heimlandet sitt. Internasjonale studentar som ikkje er knytte til utvekslingsprogram (Nordplus, Erasmus), må betala semesteravgift og papirpengar ved HSF dersom det ikkje eksisterer nokon avtale om fritak. Fastsette avgifter må vera betalte før ein får tildelt studentkort. Deltakarar på etterutdanningskurs og andre kurs som det ikkje er knytt studiepoeng til, betalar ikkje semesteravgift. Styret i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane fastset storleiken på semesteravgifta og Styret for høgskulen fastset «papirpengar».

Ein student med opptak til studium med omfang 60 poeng eller meir må stadfesta utdanningsplanen sin for det aktuelle semesteret innan følgjande fristar: 15. september i haustsemesteret 15. februar i vårsemesteret. Alle studentar med studierett på program tilsvarande 60 studiepoeng eller meir skal kvart studieår ha tilbod om samtale med utdanningsrettleiar. Dekan utpeikar rettleiar. Rettleiingssamtalen kan gjennomførast individuelt eller i grupper, men alltid individuelt dersom ein av partane ynskjer det.

Ein student kan søkje om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig.

Studentar som for ein avgrensa periode ikkje har høve til å følgja undervisning og ta eksamen på studiet dei er tekne opp til, kan søkja permisjon frå studiet. Grunnlaget for søknad om permisjon skal dokumenterast. Permisjonstida kjem i tillegg til retten som studenten har til utvida studietid, jf. pkt. 6.2. Permisjon skal gjevast på grunn av svangerskap og omsorg for born. I slike tilfelle har studenten framleis status som student i permisjonstida, og har rett til å ta opp att studia på tilsvarande nivå som før permisjonen, jf. lova § 4-5. Permisjon kan også gjevast på grunn av andre omsorgsoppgåver, sjukdom, verneplikt, krevjande verv i studentorganisasjonar og andre særlege tilhøve. Det vert normalt ikkje gjeve permisjon for å ta anna utdanning eller for å gå over i arbeid. Permisjon vert gjeve for eitt eller fleire semester, og til vanleg ikkje lenger enn for to år. Det vert til vanleg ikkje gjeve permisjon for kortare periodar enn eitt semester. Ved nokre utdanningar, der organisering av praksis eller anna tilseier det, blir det til vanleg ikkje gjeve kortare permisjon enn eitt år. Rett til permisjon gjeld i utgangspunktet berre faste utdanningstilbod med opptak kvart år. Ved utdanningar med opptak av berre eitt kull eller utdanningar der det av andre årsaker er uklårt når neste kull blir starta opp, gjeld ikkje desse reglane. Studiedirektøren avgjer søknader om permisjon i samråd med studieleiar. Ein student som har fått permisjon, har ikkje dei rettar som er definerte som studierett i denne forskrifta. Ein student som har permisjon, har ikkje høve til å gå opp til eksamen. For permisjon i samband med svangerskap og omsorg for born gjeld nr. 2. Ein student med permisjon kan innan fastsett meldefrist for eksamen annullera permisjonen. Ein student som ikkje følgjer normert studieprogresjon må rekna med å følgja gjeldande studieplan og dei eksamensordningar som går fram av denne, jf. pkt. 8.1. Når ein student har fått permisjon, skal høgskulen likevel gjera sitt til at studenten får fullført utdanninga utan vesentlege ulemper. Vedtak i permisjonssaker er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Klageorgan er Styret si klagenemnd.

Ein emnestudent får opptak til eitt eller fleire einskildemne. Emnestudentar må dokumentera at dei tilfredsstiller opptakskravet til emnet. Opptakskravet er til vanleg det same som opptakskravet til det studiet emnet tilhøyrer. Det er ingen søknadsfrist for opptak som emnestudent, men søknad må leverast tidleg nok i forhold til emnepåmelding og framdrift i undervisning og arbeidskrav. Studieleiar avgjer tvilstilfelle. Opptak som emnestudent gir studierett tilsvarande normert studietid for det aktuelle emnet. Opptak som emnestudent gjeld også som oppmelding til eksamen i det aktuelle emnet. Emnestudentar har dei same rettar og plikter som ordinære studentar, men alle rettar er avgrensa til dei emna det er gitt opptak til. Emnestudentar som ynskjer å ta fleire emne i same semester, har sjølve ansvaret for å velja emne som i praksis let seg gjennomføra parallelt i forhold til tidspunkt for undervisning, eksamen og anna. Emnestudentar betalar semesteravgift og papirpengar i samsvar med gjeldande retningsliner.

Privatist er ein person som melder seg til eksamen utan å ha fått opptak til høgskulen, jf. lova § 3-10. Privatistar må betale eksamensavgift i samsvar med styret sitt vedtak. Eksamensavgifta må vera betalt innan fastsett frist. Privatistar må melda seg til eksamen innan fastsette fristar. Dette er 15. februar for eksamenar i vårsemesteret og 15. september for eksamenar i haustsemesteret. Dokumentasjon av generell og eventuelt spesiell studiekompetanse må leggjast ved oppmeldinga. Studiedirektør fastset i samråd med studieleiar eksamensordning for privatistar. Dersom privatisten sine kunnskapar er prøvd på ein annan måte enn for studentar som er tekne opp ved studiet, skal dette gå fram av vitnemål og karakterutskrift, jf. lova § 3-11. Privatistar som tek 15 studiepoeng eller meir pr. semester, må betala semesteravgift. Privatistar som har betalt semesteravgift, har krav på studentkort som viser at avgifta er betalt. Privatistar som har betalt semesteravgift, har tilgjenge til velferdstilbod i regi av studentsamskipnaden.

§ 7 . Eksamen

Vurderingsformer og vekting mellom ulike eksamenar eller deleksamenar som skal danna grunnlag for sluttvurdering med fastsetjing av endeleg karakter, skal gå fram av studieplan/emneplan. Eksamen skal normalt skje i form av individuell prøving. Gruppeeksamen kan nyttast for mindre delar av eit studium. Munnleg eksamen er offentleg med mindre omsynet til gjennomføringa av eksamen eller prøva tilseier noko anna, jf. lova § 3-9. Mappevurdering er vurdering av tekstar eller andre produkt som er produserte gjennom ein viss periode og som skal danna grunnlag for sluttvurdering med fastsetjing av endeleg karakter. Prosess for utveljing av kva for studentarbeid som skal liggja i mappa til sluttvurdering, skal gå fram av studieplan/emneplan. Studieutvalet kan fastsetja utfyllande reglar for mappevurdering.

Omfang av dei ulike delane som utgjer eksamen eller sluttvurdering, skal vera oppgitt i studieplan/emneplan i form av vekting og kor lenge eksamen varer. Skriftleg skuleeksamen under tilsyn har til vanleg eit omfang på inntil seks timar. Studenten får i tillegg 15 minutt til å klargjera eksamenssvaret for innlevering. Dette inkluderer matpause.

Eksamen vert arrangert på høgskulen sine faste studiestader og der undervisninga i det aktuelle emnet/faget har gått føre seg. Studiedirektøren kan i særskilde tilfelle gjera unntak frå dette.

Eksamensplan med tid og stad for eksamen skal vera fastsett seinast to veker før oppmeldingsfristen. Endringar i fastsett eksamensplan skal vera kunngjorde seinast tre veker før eksamen blir arrangert. Eksamen kan arrangerast gjennom heile året. Studiedirektøren fastset eksamensperiode for skuleeksamenar som skal arrangerast ved utgangen av semesteret. Fristar for innlevering av oppgåver og tidspunkt for gjennomføring av praktiske prøver/framføringar som skal inngå i mappe for sluttvurdering, skal fastsetjast av avdelinga. Eksamen i eit emne vert til vanleg arrangert berre ein gong per semester. Når det gjeld ny eksamen, sjå pkt. 8-6 (2). Studentar som følgjer ordinær studieplan og normert studieprogresjon, skal ha minst ein dag mellom kvar eksamensdag. Det kan gjerast unnatak for valfag.

Eksamensoppgåver skal liggja føre på nynorsk og bokmål. Etter søknad kan eksamensoppgåver gjevast på andre språk. Dekan avgjer slike søknader. Eksamensvar kan leverast på nynorsk eller bokmål eller eit anna skandinavisk språk. Etter søknad kan eksamensoppgåver leverast på andre språk. Dekan avgjer slike søknader.

Ein student skal få fritak frå eksamen eller arbeidskrav når det kan godtgjerast at tilsvarande eksamen eller arbeidskrav er greidd ved same eller annan institusjon, eller på bakgrunn av dokumentert realkompetanse, jf. lova § 3-5. Søknad om fritak i samsvar med lova § 3-5 blir avgjort av dekan ved den avdelinga som har fagleg ansvar for den aktuelle eksamen eller arbeidskravet det blir søkt fritak for. Saker der ein har presedens, blir avgjort av studiedirektøren. Søknad om fritak for eksamen eller arbeidskrav skal leverast så tidleg som mogeleg i utdanninga og seinast innan frist for oppmelding til eksamen i det semesteret den aktuelle eksamen eller arbeidskravet skal avleggjast. Fritak for eksamen skal gå fram på vitnemål og karakterutskrift, med merknad om på kva grunnlag fritaket er gjeve.

Styret gjev studieutvalet fullmakt til å vedta utfyllande reglar for den praktiske gjennomføringa av eksamen, slik som retningsliner for eksamenskandidatar, eksamensvakter, ansvarlege faglærarar, sensorar og eksamensansvarleg. Studieutvalet får vidare fullmakt til å vedta utfyllande reglar for digital eksamensavvikling inkludert elektronisk innlevering av oppgåver. Ved skuleeksamen kan kandidatar som ikkje rettar seg etter høgskulen sine retningsliner for eksamenskandidatar, visast bort frå eksamenslokalet.

§ 8 . Eksamensrett

Den som fyller dei generelle og eventuelt spesielle opptakskrava og andre krav for å gå opp til eksamen i vedkomande emne, har rett til å gå opp til eksamen. Dette gjeld også personar utan opptak, jf. lova § 3-10. For å ha tilgjenge til eksamen må studenten vera registrert og oppmeld til eksamen innan dei fristane høgskulen fastset. Studentar betalar semesteravgift i samsvar med lov og forskrift om studentsamskipnader innan fastsette fristar. Privatistar og studentar ved eksternt finansierte tilbod må ha betalt dei avgifter som høgskulen fastset. Dersom gjeldande studieplan/emneplan fastset særskilde arbeidskrav eller gjennomført praksis for å gå opp til eksamen, må slike vera gjennomførte og/eller greidde før ein framstiller seg til eksamen. Det same gjeld dersom det er krav om at bestemte eksamenar skal vera avlagte før ein kan gå opp til den aktuelle eksamenen. Informasjon om slike krav og føresetnader skal gå fram av studieplan. Ein student har rett til å framstilla seg til eksamen i same emne eller fag tre gonger så lenge det aktuelle emnet/eksamen eksisterer. Dette gjeld også privatistar, utan at eksamensavgift må betalast på nytt. I særlege tilfelle kan studiedirektøren etter innstilling frå dekan gi løyve til eit fjerde forsøk. For rettleidd praksisstudium er det berre høve til å framstilla seg to gonger for kvar praksisperiode. I særlege tilfelle kan studiedirektøren etter innstilling frå dekan gjera unnatak frå desse reglane. For dei utdanningane som er styrt av rammeplanar, gjeld rammeplanane sine føresegner om praksis. Retten til å ta om att eksamenar, praksis eller arbeidskrav (jf. omtalen i fjerde ledd i denne paragrafen), fell bort når det blir gjort endringar i studieplanen. I slike tilfelle kan siste forsøk etter gamal ordning gjennomførast eitt år etter at den gamle ordninga vart avvikla. Dekan avgjer om eksamen, praksis eller arbeidskrav etter gamal ordning kan gje fritak i forhold til den nye studieplanen.

Faglærar er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrav. Faglærar har ansvar for å utarbeida liste over alle som har fått godkjent arbeidskrav. Slik liste skal leverast eksamensansvarleg seinast to veker før eksamen tek til. Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vera avslutta/innlevert. Så langt det let seg gjera, skal fristen vera slik at studenten har høve til å gjennomføre eitt nytt forsøk før eksamen tek til. Dersom arbeidskravet inneber frammøte i undervisning, laboratoriearbeid, ekskursjonar og liknande som ikkje kan gjerast om att, har faglærar eit særskilt ansvar for å klårgjera dette for studentane, og å varsla eventuelle studentar som kan få arbeidskravet underkjent. Ved denne typen arbeidskrav ligg det også eit særskilt ansvar hjå studenten om å halda seg informert og å ta kontakt med faglærar for å drøfta korleis arbeidskravet kan gjennomførast, dersom studenten ser at det kan bli problematisk å delta i obligatorisk undervisning og liknande. Ved sjukdom eller andre sterke velferdsgrunnar kan studieleiar avgjera at det skal gjennomførast alternative arbeidskrav dersom dette er praktisk mogeleg. Ein student som ikkje har fått godkjent arbeidskrav, har ikkje eksamensrett. I slike tilfelle må studenten ta emnet om att og gjennomføra dei fastsette arbeidskrava og eksamen neste gong emnet vert arrangert. Ein student kan få godkjent tidlegare fullførte arbeidskrav. Det kan også gjevast fritak for arbeidskrav på grunnlag av utdanning frå annan institusjon eller på grunnlag av anna høveleg eksamen eller prøve, jf. pkt. 7.6.

Oppmelding til eksamen skjer i samband med semesterregistreringa og skal gå fram av utdanningsplan for dei studentane som har dette. Oppmelding til eksamen gjeld for eitt semester og skal skje innan 15. september i haustsemesteret og 15. februar i vårsemesteret. Frist for oppmelding til eksamen utanom dei faste eksamensperiodane er ein månad før eksamen tek til. Ein student kan trekkja seg frå eksamen seinast to veker før eksamen tek til. Når eksamen varer ei veke eller meir, er avmeldingsfristen to veker før eksamensperioden tek til. Slik eksamensordning skal gå fram av studie-/emneplanen. Den som trekkjer seg frå eksamen etter fastsett frist og som ikkje har gyldig grunn til det, blir rekna for å ha framstilt seg til eksamen. Gyldig grunn er sjukdom og andre sterke velferdsgrunnar som skal vera stadfesta av sakkunnige og levert høgskulen seinast tre yrkedagar etter at eksamen var avslutta. Studiedirektøren avgjer kva som er gyldig fråværsgrunn. Studenten har sjølv ansvaret for å kontrollera at han eller ho er oppmeld til rett eksamen, korrigera eventuelle feil, og til å halda seg orientert om tid og stad for eksamen.

Studentar som av medisinske eller andre grunnar har behov for særordning i samband med eksamen, må søkja om dette innan fastsette fristar for eksamensoppmelding (15. september/15. februar). Ved akutte lidingar som oppstår etter denne fristen, må søknad sendast snarast råd er. Behov som ikkje er openberre må dokumenterast med legeattest eller attest frå andre sakkunnige. Attestasjonen må innehalda ein spesifikasjon av kva for særordning studenten har behov for og må ikkje vera eldre enn tre år. Det skal søkjast for kvar eksamensperiode. Dersom grunnlaget for særordning er av permanent karakter, kan det gjerast vedtak for ein lengre periode. Studiedirektøren avgjer søknader om særordning ved eksamen etter tilråding frå studieleiar. Særordning kan gjevast m.a. til studentar som har kroniske eller akutte lidingar, fysiske funksjonshemmingar, gravide som har behov for kvile, mødrer som ammar, studentar med lese-/skrivevanskar eller som har norsk som framandspråk. Særordning kan vera spesiell fysisk tilrettelegging, særskilde hjelpemiddel, utvida tid til eksamen, opplesing av oppgåvetekst ved skuleeksamen og vedlegg av attestasjon med eksamenssvaret. For skuleeksamen som varer meir enn fire timar, vert det gitt ein time ekstra tid. For eksamenar som varer fire timar eller mindre, vert det gitt ½ time ekstra tid. Ved heimeeksamen kan det gjevast inntil 24 timar utvida tid. Laurdag og søndag tel som vanlege dagar. Særordning kan også vera alternativ eksamensform. Ved særlege omstende (sjukdom og andre sterke velferdsgrunnar) kan studentar få høve til å avleggje eksamen andre stader. Studentane må dekkja alle ekstrautgifter i samband med den desentraliserte eksamensavviklinga. Studentar ved andre høgskular/universitet må som hovudregel ha sterke velferdsgrunnar for å kunna ta eksamen ved HSF. Studiedirektøren avgjer slike søknader, og kan fastsetja eiga avgift for å arrangera slike eksamenar. Studieutvalet kan fastsetja utfyllande reglar om særordning ved eksamen.

Faglærar avgjer kva type hjelpemiddel som er lovlege ved skuleeksamen. Oversyn over lovlege hjelpemiddel ved skuleeksamen skal vera oppført for kvart einskilt emne eller fag i studieplan/emneplan, og det skal tydeleg gå fram av eksamensoppgåva. Hjelpemiddel under skuleeksamen kan omfatta skrivne og trykte hjelpemiddel, kalkulator, teikneutstyr m.m. Dersom det er tillate med trykte hjelpemiddel, skal dei vera frie for private notat utanom lovlege referansar og markeringar. I eksamenslokalet er det ikkje tillate å ha med utstyr som kan nyttast til å oppretta samband eller på anna vis kommunisera internt i eksamenslokalet eller med omverda. Bruk av ulovlege hjelpemiddel blir sett på som fusk. Har studenten ulovlege hjelpemiddel til disposisjon etter at eksamen er sett i gang, blir det sett på som forsøk på fusk.

Høgskulen arrangerer ny eksamen når det er studentar som har godkjend grunn for fråvær ved ordinær eksamen eller som strauk ved siste ordinære eksamen. Eventuelt fråværsgrunnlag skal vera dokumentert og skriftleg stadfesta, og skal leverast høgskulen så raskt som mogeleg og seinast tre yrkedagar etter at eksamen/sluttvurdering har funne stad. Studentar som har godkjend grunn for fråvær, blir rekna som ikkje å ha framstilt seg til eksamen. Vanlegvis vert ny eksamen arrangert ved utgangen av påfølgjande semester. Dersom ordinær eksamen vert arrangert i første halvdel av semesteret, skal ny eksamen arrangerast ved utgangen av same semester. Ved nokre utdanningar, der greidd eksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste semester eller studieår, vert ny eksamen arrangert før eller i samband med oppstart av nytt semester/studieår. Det kan ikkje arrangerast meir enn ein ny eksamen i eitt og same fag i same semester. I særskilde tilfelle kan studiedirektøren gjera unntak frå denne regelen. Når det blir arrangert ny eksamen, er denne open for alle studentar på line med ordinær eksamen. Unnateke frå denne regelen er ny eksamen som vert arrangert i samband med oppstart av nytt studieår ved utdanningar der greidd årseksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste studieår. Slike eksamenar er opne berre for dei som har godkjend grunn for fråvær ved ordinær eksamen eller som strauk ved ordinær eksamen. Studentar som stryk eller har gyldig grunn til ikkje å levera mappe som grunnlag for sluttvurdering, skal ha tilbod om å levera ny mappe innan utgangen av påfølgjande semester. Studie-/emneplan skal klårgjera om ein kandidat som stryk i delar av mappa må ta heile mappa på ny, eller om han må ta om att dei delane han stryk i. Kandidatar som får karakteren F eller ikkje greidd på masteroppgåve, bacheloroppgåve, semesteroppgåve, prosjektoppgåve eller liknande kan levera revidert versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F/ikkje greidd også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Dekan avgjer tvilstilfelle. Det er ikkje høve til å få vurdert oppgåva på ny innafor same studieprogram når studenten tidlegare har fått vurdert oppgåva med greidd resultat. Ved ny eksamen skal det vera same pensum og vurderingsform som ved ordinær eksamen. Når studieplanen vert endra, blir siste eksamen etter gamal ordning arrangert eitt år etter at den gamle ordninga vart avvikla. I slike tilfelle er eksamen open for alle registrerte studentar som fyller vilkåra for å framstilla seg til den aktuelle eksamen. Dersom ein kandidat har godkjent sjukefråvær når slik eksamen vert arrangert, og vedkomande ikkje har greidd den aktuelle eksamen, kan det etter søknad arrangerast endå ein ny eksamen etter gamal ordning. Studiedirektøren avgjer slike søknader etter innstilling frå dekan.

For utdanningar med rammeplan gjeld rammeplanen sine føresegner om praksis. I alle studium/emne med praksis skal studieplanen ha kriterium for gjennomføring og vurdering av praksis. For å kunna starta i praksis, kan det vera krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vera fullførte og godkjente. Studieplanen skal gjera greie for dette. Ein student kan trekkja seg frå praksis seinast to veker før praksis tek til. Den som trekkjer seg frå praksis etter fastsett frist og som ikkje har gyldig grunn til det, har brukt opp eit forsøk på å greia den aktuelle praksisperioden.

§ 9 . Resultatet av eksamen

Vurderingsuttrykket ved eksamen/sluttvurdering er greidd/ikkje greidd eller karakter etter ein skala frå A til F med A som beste karakter. Karakteren F blir rekna som ikkje greidd. Høgskulen i Sogn og Fjordane legg til grunn følgjande generelle forståing av karakterskalaen: Karakter Nemning Omtale A Framifrå Framifrå prestasjon som klårt utmerkar seg. B Mykje god Mykje god prestasjon som ligg klårt over det som er forventa. C God Prestasjon som oppfyller læringsmåla på ein god måte. D Nokså god Akseptabel prestasjon som ligg over minstekrava. E Tilstrekkeleg Prestasjon som tilfredsstiller minstekrava, men heller ikkje meir. F Ikkje greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minstekrava. Prestasjonen skal vurderast opp mot dei læringsmåla som er sett for emnet, og dei fag- og nivåspesifikke karakteromtalar som måtte gjelde. Alle deleksamenar som skal inngå i utrekninga av ein samla karakter for eit fag eller emne, vert omrekna etter følgjande verdiar: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. Ved utrekning av samla karakter vert det nytta vanlege matematiske opphøgingsreglar. Når karakterskalaen greidd/ikkje greidd vert brukt, skal dette vera eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med den graderte skalaen (A-F).

Alle eksamenar/sluttvurderingar i emne eller fag som skal inngå på vitnemål eller karakterutskrift, skal vera sensurerte av minst to sensorar. Det skal vera to sensorar, der ein er ekstern, ved minst ein deleksamen som inngår i eksamen/sluttvurdering for eit studium normert til 60 studiepoeng. Det skal vera to sensorar, der minst ein er ekstern for minimum ein eksamen i kvart studieår i fleirårige utdanningar, gradsstudium og yrkesutdanningar og ved vurdering av kandidatar sitt sjølvstendige arbeid i høgre grad. Ved ny sensur (klagesensur) skal det vera minst to nye sensorar, der minst ein er ekstern, jf. lova § 3-9. Det skal vera ekstern evaluering av vurderinga eller vurderingsordninga, jf. lova § 3-9. Dekan har ansvar for dette. Ekstern evaluering kan vera: Ekstern sensor deltek i sluttvurdering/eksamen for alle kandidatane etter ein fastsett plan. Ekstern sensor evaluerer vurderingsformene slik dei kjem til uttrykk i fag- og studieplanar, eksamensoppgåver og eventuelle sensorrettleiingar. Ekstern sensor deltek ved vurdering av eit tilfeldig utval eksamensoppgåver (stikkprøver). Ein ekstern sensor skal til vanleg ikkje vera sensor samanhengande i same fag eller emne ved høgskulen i meir enn fem år. Ekstern sensor kan ikkje vera tilsett eller ha hatt undervisningsoppgåver av vesentleg omfang ved høgskulen innan det aktuelle fagområdet i same studieår som eksamen vert arrangert. Ekstern sensor må ha minst ein av følgjande kvalifikasjonar: Vera tilsett på minimum høgskulelektornivå ved annan utdannings- eller forskingsinstitusjon. På annan måte ha dokumentert vitskapeleg kompetanse på tilsvarande nivå. Ha røynsle som sensor i vedkomande fag, emne eller kurs ved universitet eller høgskule. Gjennom yrkespraksis vera særleg kvalifisert innan vedkomande fag. Den som tek på seg sensoroppdrag, tek samstundes på seg å vera sensor ved eventuell ny eksamen (kontinuasjonseksamen). Dekan nemner opp sensorar. Det skal oppnemnast mange nok sensorar til å ta hand om både ordinær sensur og eventuell klagesensur, jf. pkt. 9-3 (4). Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk mogeleg. Reglar for utrekning av endeleg karakter på grunnlag av fleire deleksamenar i eit emne eller fag skal gå fram av studie-/emneplan. Det same gjeld dersom det er bestemte vilkår for å framstilla seg til deleksamenar, eller at dei må vera greidde i ei bestemt rekkjefølgje. Alle deleksamenar må vera greidde før det kan gjevast endeleg karakter. Ved mappevurdering skal studie-/emneplan gjera greie for om mappa skal vurderast med ein samla karakter, eller om det skal gjevast karakter for ulike delar. Sensurfrist er 15 yrkedagar frå innleveringsdato for eksamenssvaret. Styret sjølv kan gjera unntak frå dette kravet på visse vilkår, jf. lova § 3-9. I emne eller fag der eksamen/sluttvurdering er sett saman av fleire delar: skriftleg eksamen og//eller mappevurdering og ein munnleg prøve, og munnleg prøve fungerer som grunnlag for å justera karakter frå skriftleg eksamen og/eller mappevurdering, skal sensur frå skriftleg eksamen/mappevurdering liggja føre før munnleg prøve tek til. Ein student som ikkje har greidd skriftleg eksamen/mappevurdering, kan ikkje framstilla seg til munnleg prøve. Dersom dei to sensorane ikkje blir samde om vurderinga av eit eksamenssvar, skal vurderinga overlatast til ein tredje sensor til avgjerd. Dette skal vera ein ekstern sensor. Den nye sensoren har rett til å gjera seg kjend med dei første sensorane si vurdering og eventuelle grunngjeving. Karakterfastsetjinga er i utgangspunktet individuell også ved gruppeeksamen. Denne regelen er tiltenkt situasjonar der det kan dokumenterast eller gjerast sannsynleg at ein eller fleire medlemer av gruppa ikkje har medverka til eksamenssvaret slik det var føresett. I slike tilfelle kan einskildpersonar eller gruppa kallast inn til tilleggseksamen Dersom ein student meiner at ein gruppeeksamen ikkje reflekterer hans eige kunnskapsnivå, kan han innan to timar etter eksamen/innleveringsfristen søkja om å gå opp til individuell tilleggseksamen. Dekan avgjer slike søknader. Ein student som har framstilt seg til eksamen/levert eksamenssvar, kan ikkje unndra seg sensur. Når ein student har teke eksamen på nytt, gjeld den beste karakteren. Sensur vert gjort kjent ved elektronisk kunngjering og eventuelt ved oppslag. Sensurlistene skal vera anonyme. Praksisopplæring vert vurdert til «greidd» eller «ikkje greidd». Studenten har krav på vurdering undervegs. Dersom det er tvil om ein student vil få godkjend ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne skal gjevast så tidleg som mogleg og seinast tre veker før praksisperioden etter planen skal vera avslutta. Ved praksisperiodar som varer fem veker eller mindre, skal varsel gjevast midtvegs i perioden. Denne vurderinga skal klart gjera greie for vurderinga så langt og eventuelle vilkår for «greidd» praksis ved sluttevaluering. For utdanningar med rammeplan, gjeld rammeplanen sine reglar om praksis. Ved sensur av det sjølvstendige arbeidet i mastergrad, jf. forskrift om krav til mastergrad § 6, skal studenten sin rettleiar ikkje vera medlem av kommisjonen som sensurerer arbeidet.

Dersom det er utarbeidd skriftlege retningsliner eller sensorrettleiingar for vurderingsarbeidet, skal desse gjerast tilgjengelege for studentane for gjennomsyn etter at sensurvedtaket er fastsett. Studenten har rett til å få skriftleg eller munnleg grunngjeving for sensurvedtaket, jf. lova § 5-3. Når det gjeld retten til å klaga på formelle feil eller fastsetjing av karakter ved eksamen, gjeld § 5-2 og § 5-3 i lova. Alle klager skal vera skriftleg grunngjevne, og dei skal rettast til høgskulen. Ein student kan klaga skriftleg over sensurvedtaket innan tre veker etter at vedtaket er kunngjort, jf. lova § 5-3. Klaga skal vera fagleg grunngjeven, og går direkte til nye sensorar for ny sensur. Ved mappevurderingar undervegs i studiet har studenten klagerett over fastsetjing av karakter når samla vurdering av emnet er kunngjort, jf. lova § 5-3. Ved klage på sensurvedtak som gjeld gruppeoppgåve/-eksamen, må alle som er omfatta av sensurvedtaket skriva under på klaga. Klage på gruppekarakter som inneber krav om individuell karakterfastsetjing, skal handsamast etter reglane i pkt. 9.2 i denne forskrifta. Ved klagehandsaming skal klagekommisjonen ha tilgang til relevant materiale som dokumenterer klaga og den opphavlege sensuren. Klagekommisjonen sitt vedtak skal liggja føre innan tre veker etter at klagefristen er ute. Munnleg eksamen og andre prøveformer som vanskeleg kan etterprøvast, kan berre påklagast på grunnlag av formelle feil. Når det blir halde munnleg eksamen i tilknyting til skriftleg eksamen, og det deretter vert sett ein felles karakter på den samla prestasjonen, er det berre den skriftlege delen av eksamen som kan påklagast. Dersom sensurvedtaket blir endra, må det haldast ny munnleg eksamen for fastsetjing av endeleg karakter. Klage over formelle feil ved eksamen må setjast fram innan tre veker etter at studenten er eller burde vore kjent med det forholdet som ligg til grunn for klaga. Studiedirektøren kan avgjera at klaga skal takast til følgje dersom det er opplagt at klaga er rettkomen, og det påklaga forholdet berre kan ha hatt konsekvensar for klagaren. I anna fall, eller dersom klagaren ikkje får medhald, skal saka handsamast av Klagenemnda ved høgskulen. Klagenemnda ved høgskulen kan gjera vedtak om ny sensurering eller annullering av eksamen sjølv om det ikkje er framsett klage.

§ 10 . Vitnemål og karakterutskrift

Det vert skrive ut vitnemål og Diploma Supplement for avslutta grad eller yrkesutdanning, jf. § 2 i denne forskrifta. For andre studium eller eksamenar tildeler høgskulen karakterutskrift, jf. lova § 3-11. Ein student får normalt utskrive berre eitt vitnemål for ei og same utdanning. Dersom ein student betrar karakterar som inngår på vitnemålet, kan studenten krevja å få utskrive nytt vitnemål. Alle karakterutskrifter frå Høgskulen i Sogn og Fjordane skal – i tillegg til informasjon om karaktersystemet og opplysningar om personalia – innehalda opplysningar om kvart einskilt emne og om nokon eksamen er avlagt ved ein annan institusjon. Vitnemålet og karakterutskrift som dannar grunnlag for vitnemål skal – i tillegg til det som gjeld alle karakterutskrifter – gje opplysningar om: Emne som inngår i grunnlaget for graden eller yrkesutdanninga, inkludert eventuell praksis. Fagleg fordjuping. Eventuelt sjølvstendig arbeid med eit omfang på minst 15 studiepoeng. Vitnemål skal vera utskrive i høgskulen sitt namn. Vitnemål skal underskrivast av rektor og studiedirektør. Denne fullmakta kan delegerast.

Dersom ein student tek eksamen i emne som heilt eller delvis overlappar kvarandre, skal det normalt føra til reduksjon av studiepoeng, jf. pkt. 2.6. Reduksjon blir gjort i det emnet eller faget som gjev det gunstigaste resultatet for studenten. Fagleg overlapping mellom høgskulen sine eigne studietilbod skal normalt gå fram av emneplan. Dekan avgjer spørsmål om reduksjon av studiepoeng.

Utskriving av vitnemål føreset at minst 60 av studiepoenga som skal inngå i grunnlaget for vitnemålet må vera avlagde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning § 2.

Høgskulen i Sogn og Fjordane kan tildela fellesgrader basert på samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar. I slike tilfelle kan styret gjera unntak for reglane om vitnemål i denne forskrifta. Slike unntak skal gå fram av studieplan.

§ 11 . Annullering av eksamen. Utestenging og bortvising. Klagenemnda ved høgskulen

Lovlege hjelpemiddel ved skuleeksamen er omtalte under pkt. 8.5. Dersom det under eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at dette vil bli rapportert. Det gjeld også student som eventuelt yter hjelp. Studenten vel sjølv om ho/han vil halda fram eller avbryta eksamen. Ved heimeeksamen og skriftlege arbeid som inngår i mappevurdering kan kopiering eller avskriving av litteratur utan tilvising bli vurdert som fusk. Fusk eller forsøk på fusk ved eksamen kan medføra annullering av eksamen, utestenging frå institusjonen og tap av retten til å gå opp til eksamen ved institusjonar under lova i inntil eitt år, jf. lova § 4-7 og § 4-8. Klagenemnda ved høgskulen handsamar saker om fusk ved eksamen. Studiedirektøren er ansvarleg for handsaming av saker om fusk ved eksamen.

Klagenemnda ved høgskulen kan annullera eksamen eller prøve eller godkjenning av kurs dersom studenten har gjort seg skuldig i forfalsking eller anna uærleg framferd, jf. lova § 4-7.

Klagenemnda ved høgskulen kan gjera vedtak om bortvising eller utestenging i inntil eitt år dersom ein student fer fram på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentar eller for verksemda ved institusjonen, jf. lova § 4-8. Klagenemnda kan gjera vedtak om utestenging i inntil tre år for studentar som fer fram på ein grovt klanderverdig måte i samband med praksisopplæring, jf. lova § 4-8. Ein student som er dømd, sikta eller tiltalt for visse straffbare forhold kan nektast opptak til eller utestengjast frå praksisopplæring ved visse studium, jf. lova § 4-9. Ved utdanningar der Kongen har fastsett at det skal vera «skikkethetsvurdering», kan klagenemnda etter innstilling frå ei eiga nemnd vedta at ein student skal utestengast frå studiet, jf. lova § 4-10. Ein student har klagerett på vedtak om bortvising, utestenging og «skikkethetsvurdering». Ein student kan bringa vedtak om bortvising, utestenging og «skikkethetsvurdering» inn for prøving i tingretten, jf. lova § 4-11.

Klagenemnda ved høgskulen er oppnemnt med heimel i lova § 5-1. Klagenemnda handsamar klager frå studentane over enkeltvedtak. Klagenemnda avgjer også klager og saker etter lova § 4-7, § 4-8, § 4-9, § 4-10 og § 5-2. Klagenemnda skal ha fem medlemer med personlege vararepresentantar. To av medlemene skal vera studentar. Leiar og vararepresentant for leiar skal fylla dei lovbestemte krava for lagdommar. Leiar og vararepresentant for leiar skal ikkje vera tilsette ved høgskulen. Medlem av høgskulen sitt styre kan ikkje vera medlem i klagenemnda. Medlem som har medverka i sakshandsaming eller avgjerd i det påklaga saksforholdet, kan ikkje delta i handsaming av klage over dette i klagenemnda. Styret nemner opp leiar og medlemer i klagenemnda med vararepresentantar. Studentrepresentantane vert oppnemnde etter framlegg frå Studentparlamentet. Eksterne medlemer og medlemer som er tilsette ved høgskulen med vararepresentantar, har ei funksjonstid på fire år. Studentrepresentantar og deira vararepresentantar har ei funksjonstid på eitt år. Klagenemnda er vedtaksfør når leiar eller vararepresentant for leiar og tre to andre medlemer er til stades. Klagenemnda sine vedtak i klagesaker kan ikkje påklagast. Departementet kan skipa særskilde nasjonale klageorgan som handsamar klager over enkeltvedtak for visse saksområde.

§ 12 . Iverksetjing og oppheving av tidlegare forskrifter

Denne forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.

Frå 1. januar 2010 vert følgjande forskrifter oppheva: Forskrift 19. desember 2005 nr. 1718 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.