Forskrift om endring i forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta)
I kraft fra: 2010-01-01
I
I forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 skal lyde:
Fylkeskommunen kan etter søknad tildele løyve til havbeite og særskilt løyve til fôring og andre tiltak.
§ 6 skal lyde:
Fylkeskommunen kan krevje dei opplysningar frå søkjaren som dei finn naudsynt for å handsame søknaden.
Søknad skal fyllast ut på skjema fastsett av Fiskeridirektoratet. Søknad etter denne føresegna skal fyllast ut i fem eksemplar som skal sendast til fylkeskommunen i det fylket lokaliteten ligg.
Søkjaren skal etter tilvisning frå kommunen syte for at beskriving av art og lokalisering av den omsøkte verksemda vert kunngjort i Norsk Lysingsblad og i to aviser som er fast lesne i området.
Kvittering for betalt sakshandsamingsgebyr, jf. § 34. Kartkoordinatar for dei omsøkte lokalitetane samt kart kor desse er teikna inn. Opplysningar om i kva for utstrekning søkjar ynskjer å gjennomføre tiltak før og i driftsfasen med tanke på å klargjere lokaliteten. Plan for opprydding ved avslutning av verksemda. Opplysningar om den planlagde drifta, her medrekna driftsplan, tilgang på havbeitedyr for utsett o.a. Miljøtilhøve, her medrekna dokumentasjon av opphavet til havbeitedyra og dokumentasjon av miljøtilstanden på omsøkte lokalitetar, jf. § 7 andre og tredje ledd. Opplysningar om lokaliteten, her medrekna planstatus for lokaliteten, avstand til vassdrag, verneområder, andre lokalitetar og anna akvakulturverksemd samt tilhøvet til allemannsretten o.a. Opplysningar om i kva grad omsøkt drift vil kunne komme i konflikt med andre brukarinteresser i området.
Ny § 8a skal lyde:
Forvaltningsmyndigheiter for fiskeri-, vilt-, naturvern- og friluftsinteresser skal ha høve til å uttale seg før løyve vert tildelt i høve til § 7 og § 8.
§ 10 skal lyde:
Fôring av havbeitedyr og andre tiltak i samband med verksemda skal godkjennast av fylkeskommunen etter samråd med Mattilsynet. Det må søkjast særskilt om slikt løyve. Søknaden skal sendast i to eksemplar, eventuelt elektronisk. Ved tildeling av særskilt løyve til fôring og andre tiltak skal sjukdomsfaglege og miljømessige tilhøve tilleggjast vesentleg vekt.
§ 19 skal lyde:
Fylkeskommunen kan fastsetje i det enkelte løyve at innehavar av løyve skal utføre målingar av den utsette arten. Det nærare innhaldet av måleplikta (kor ofte det skal målast, omfang, o.a.) skal gå fram av løyvet.
§ 27 skal lyde:
Fylkeskommunen kan i det enkelte løyvet fastsetje krav om merking av havbeitedyr før utsetjing eller i samband med hausting.
§ 29 skal lyde:
Fylkeskommunen kan påleggje merking av havbeitelokalitet og godkjenne merking etter søknad frå innehavar av løyvet.
II
Endringane trer i kraft 1. januar 2010. Søknader innkomne til Fiskeridirektoratet sine regionkontor før 1. januar 2010, skal sendast over til fylkeskommunen i det fylket det blir søkt om løyve.