Forskrift om endring i forskrift om handelsverksemd med brukte eller kasserte ting mv.
I kraft fra: 2009-12-28
I
I forskrift 22. desember 1999 nr. 1379 om handelsverksemd med brukte eller kasserte ting mv. blir det gjort følgjande endringar:
§ 3 nytt andre ledd skal lyde:
Ved behandlinga av søknaden kan det leggjast vekt på tidlegare domfellingar eller bøteleggingar når dei kan gi grunn til å frykte for misbruk av løyvet. Domfelling eller bøtelegging for ran, tjuveri, heleri e.l. dei siste to åra, vil under alle omstende føre til avslag på søknad om løyve. Politiet vil kunne gi ei førehandsvurdering av vandelen til søkjaren.
§ 3 noverande andre til fjerde ledd blir nye tredje til femte ledd.
Ny § 3a skal lyde:
For søknad om løyve etter brukthandellova § 2, jf. § 3 i brukthandelsforskrifta skal saksbehandlingsfristen, som nemnt i tenestelova § 11 første ledd første punktum, være åtte veker.
Tenestelova § 11 andre ledd om at løyve vert rekna for gitt når saksbehandlingsfristen er gått ut, gjeld ikkje for søknad om løyve til å drive brukthandelsverksemd.
II
Endringane trer i kraft 28. desember 2009.