Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing

LTI/forskrift/2010-02-05-117·Kunngjort 9. februar 2010·Journalnr. 2010-0103

I kraft fra: 2010-03-01

Endrerforskrift/2006-11-08-1227

I

I forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing blir det gjort følgjande endring:

§ 6 skal lyde:

Tilskot til avløysing ved sjukdom mv. etter § 7 – § 10 kan gjevast føretak med husdyrhald, heilårs veksthusproduksjon, planteproduksjon eller honningproduksjon. For føretak med planteproduksjon eller honningproduksjon kan tilskot kun gjevast til avløysing i onnetida.

Slikt tilskot gjevast til dekking av dokumenterte lønsutgifter til avløysar, utgifter til landbruksvikar eller utgifter til kjøp av avløysartenester frå eit avløysarlag eller ein avløysarring.

Det kan kun gjevast eitt tilskot til avløysing ved sjukdom mv. etter § 7 – § 10 for same sjukdomsperiode mv.

ha ei næringsinntekt frå jordbruk/gartneri mv. frå føretaket på minimum 1/2 G, vera sjukmeldt mv. utover den delen det vert motteke arbeidsavklaringspengar for, eller teke i mot uførepensjon for, ta i mot mindre enn 75 % arbeidsavklaringspengar og/eller uførepensjon, og vera under 70 år.

II

Endringa trer i kraft frå og med 1. mars 2010.