Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen i Volda

LTI/forskrift/2010-03-04-381·Kunngjort 19. mars 2010·Journalnr. 2010-0253

I kraft fra: Opptak til studieåret 2010–2011

Endrerforskrift/2009-03-05-288
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7

I

I forskrift 5. mars 2009 nr. 288 om opptak til Høgskulen i Volda blir det gjort følgjande endringar:

Søkjarar som ikkje fyller dei ordinære opptakskrava, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse eller be om individuell vurdering av annan kompetanse som likeverdig.

Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje undervisningsopptak til dei avsluttande emna «Forskingsmetode og vitskapsteori» og «Masteroppgåve». Alle obligatoriske emne må vere fullførte med karakteren C eller betre, for å få opptak til dei avsluttande emna. Ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet sitt. Lik rangering vert avgjord ved loddtrekking.

§ 13 punkt 1 nytt andre ledd skal lyde:

Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for utanlandske studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest – høyere nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.

Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje undervisningsopptak til dei avsluttande emna «Forskingsmetode og vitskapsteori» og «Masteroppgåve». Alle obligatoriske emne må vere fullførte med karakteren C eller betre, for å få opptak til dei avsluttande emna. Ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet sitt. Lik rangering vert avgjord ved loddtrekking.

II

Endringane gjeld for opptak til studieåret 2010–2011.