Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien

LTI/forskrift/2010-03-16-395·Kunngjort 19. mars 2010·Journalnr. 2010-0248

I kraft fra: 2010-03-16

I

I forskrift 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien blir det gjort følgjande endringar:

I EØS-tilvisningsfeltet føyes til:

vedtak 2010/57/EF.

§ 15 skal lyde:

Det er berre tillate å ha dyr av hestefamilien i transitt frå eit tredjeland gjennom Noreg til det samme, eller til eit anna tredjeland dersom dyra kjem frå eit tredjeland som er godkjent for import eller mellombels opphald for registrerte dyr, jf. kolonne 6 og 8 i vedlegg A. I tillegg må slike dyr følgjast av eit «Dyrehelsesertifikat for transitt av dyr av hestefamilien» som er godkjent av Mattilsynet og godtgjer at krava til transitt er innfridde.

del I, II og III av relevant sertifikat slik det er vist i vedlegg II til vedtak 92/260/EØF, som er relevant for den landgruppa i kolonne 5 i vedlegg A som avsenderlandet eller eit område i avsenderlandet høyrer til, med unntak av krava for virusarteritt hos hest (EVA) i del III punkt (e)(v), og en ny del IV og del V i helsesertifikatet som er utforma slik: «IV. Dyr av hestefamilien som kjem frå: ............................ ....................................... (Navn på tredjeland/avsendarland) som skal vidare til: .................................................. ................................................. (Navn på tredjeland/mottakarland) V. Stempel og offentlig veterinærs signatur: .......................... .......................................»

Når det gjeld registrerte hestar, skal landlista i helsesertifikatmalen i vedlegg II, del III, punkt d, tredje strekpunkt til vedtak 92/260/EØF, erstattast med opplisting av dei land som tilhøyrer den landgruppa dyret kjem frå, jf. gruppe A-E i kolonne 5 i vedlegg A.

II

Endringane trer i kraft straks.