Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien

LTI/forskrift/2010-05-25-724·Kunngjort 28. mai 2010·Journalnr. 2010-0460

I kraft fra: 2010-05-25

I

I forskrift 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien blir det gjort følgjande endringar:

EØS-tilvisingsfeltet skal lyde:

EØS-avtalen vedlegg I (vedtak 92/260/EØF, vedtak 93/195/EØF, vedtak 93/197/EØF, vedtak 2004/211/EF (samtlige sist endra ved vedtak 2010/266/EU), vedtak 93/196 EØF, direktiv 2004/68/EF, vedtak 2008/698/EF, vedtak 93/623/EØF (som endra ved vedtak 2000/68/EF), direktiv 90/426/EØF og vedtak 2010/57/EF).

Registrerte hestar frå Kina og Thailand skal i tillegg ha testa negativt mot vondarta beskjelarsjuke og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) innan 10 dagar før sending.

§ 14 overskriften skal lyde:

§ 14 . Innførsel av registrerte dyr og avls- og bruksdyr

§ 14 første ledd første punktum skal lyde:

Registrerte dyr og avls- og bruksdyr kan innførast dersom området dei kjem frå tilfredsstiller krava i § 10.

Registrerte hestar frå Kina og Thailand skal i tillegg ha testa negativt mot vondarta beskjelarsjuke og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) innan 10 dagar før sending.

Vedlegg A skal lyde:

For å lese vedlegg A se her: (pdf)

Vedlegg B skal lyde:

SA Saudi-Arabia SA-1 Avgrensning av tryggleik- og overvakingsoner: 1. Provinsen Jizan – tryggleiksone: hele provinsen, unntatt den delen som ligger nord for vegkontrollposten i Ash Shuqaiq ved veg nr. 5, og nord for veg nr. 10. – overvakingsone: den delen av provinsen, som ligger nord for vegkontrollposten i Ash Shuquaiq ved veg nr. 5, som kontrolleres av vegkontrollposten i Al Qahmah, og nord for veg nr. 10. 2. Provinsen Asir – tryggleiksone: den delen av provinsen, som er avgrensa av veg nr. 10 mellom Ad Darb, Abha og Kamis Mushayt mot nord, unntatt rideklubbane ved luft- og militærbasene, og den delen av provinsen, som er avgrensa mot nord av veg nr. 15, som fører frå Kamis Mushayt gjennom Jarash, Al Utfah og Dhahran Al Janoub til grensen til Najran-provinsen, og den delen av provinsen, som er avgrensa mot nord av vegen frå Al Utfah gjennom Al Fayd til Badr Al Janoub (Najran-provinsen). – overvakingsone: rideklubbane ved luft- og militærbasane, den delen av provinsen, som ligger mellom grensa til tryggleiksonen og veg nr. 209 frå Ash Shuquaiq til vegkontrollposten i Muhayil ved veg nr. 211, den delen av provinsen, som ligger mellom vegkontrollposten ved veg nr. 10 sør for Abha, byen Abha og vegkontrollposten i Ballasmer 65 km frå Abha på veg nr. 15 i nordlig retning, den delen av provinsen, som ligger mellom Khamis Mushayt og vegkontrollposten 90 km fra Abha ved veg nr. 255 til Samakh og vegkontrollposten i Yarah, 90 km frå Abha, på veg nr. 10 i retning mot Riyadh, og den delen av provinsen, som ligger sør for en rett linje mellom vegkontrollposten i Yarah ved veg nr. 10 og Kashm Ghurab ved veg nr. 177 opp til grensa til Najran-provinsen. 3. Provinsen Najran – tryggleiksone: den delen av provinsen, som er avgrensa av vegen frå Al Utfah (Asir-provinsen) til Badr Al Janoub og til As Sebt og frå As Sebt langs Wani Habunah til krysningspunktet med veg nr. 177 mellom Najran og Riyadh mot nord og frå dette krysningspunktet ved veg nr. 177, som fører mot syd til krysningspunktet med veg nr. 15 frå Najran til Sharourah, og den delen av provinsen, som ligger syd for veg nr. 15 mellom Najran og Sharourah og grensa til Yemen. – overvakingsone: den delen av provinsen, som ligger syd for en linje mellom vegkontrollposten i Yarah ved veg nr. 10 og Khashm Ghurab ved veg nr. 177 frå grensa til Najran-provinsen og til vegkontrollposten i Khashm Ghurab, 80 km frå Najran, og vest for veg nr. 175 i retning mot Sharourah. ZA Sør-Afrika ZA-1 Avgrensing av hovudstadsområdet Cape Town (ZA-1) Nordgrensa: Blaauwberg Road (M14). Østgrensa: Koeberg Road (M14), Plattekloof Road (M14), Highway N7, Highway N1 og Highway M5. Sydgrensa: Ottery Road, Prince George's Drive, Wetton Road, Riverstone Road, Tennant Road, Newlands Drive, Paradise Road, Union Drive, Rhodes Drive fram til Newslands Forestry stasjon og over Echo Gorge of Table Mountain til Camps Bay. Vestgrensa: Kystlinjen frå Camps Bay til Blaauwberg Road. CN Kina CN-1 Den særlege hestesjukdomsfrie sona i Guangdong-provinsen med følgjande avgrensing: Kjernesone: – rideområde i landsbyen Reshui, kommunen Lingkou i Conghua by og området omkring innafor ein radius på fem km som kontrollerast av vegkontrollposten ved riksveg 105. Overvakingsone: – alle administrative inndelingar i Conghua by som omgir kjernesona, og som dekkjer eit område på 2009 km 2 . Tryggleiksone: ytre grenser for følgjande administrative inndelingar som grensar til og omgir overvakingsona: – distriktet Baiyun, distriktet Luogang i Conghua by – distriktet Huadu i Guangzhou by – Zengcheng by – dei administrative inndelingar i distriktet Qingcheng i Qingyuan by – Fogang fylket – Xinfeng fylket – Longmen fylket. Biotryggleikskorridor: – frå rideområdet i den sentrale sona til Baiyun internasjonale lufthamn i Guangzhou via riksveg 105, Jiebei-hovudvegen, lufthamn-motorvegen, inklusiv utestengingsona for dyr av hestefamilien på ein km omkring Baiyun internasjonale lufthamn i Guangzhou by – frå rideområdet i den sentrale sona til Huanggang hamn, Shenzhen, på grensa mellom Kina og Hongkong via riksveg 105, Jiebei hovudvegen, den nordlege ringmotorveg nr. 2 og Guang-Shen-hovudvegen med ei utestengingsone for dyr av hestefamilien på minst ein km breidd på begge sider av denne ruta Karantene før innførsel: – karantenefasilitetar som den kompetente styresmakta har peika ut i tryggleiksona med tanke på å førebu dyr av hestefamilien frå andre delar av Kina til innførsel i den hestesjukdomsfrie sona.

II

Endringane trer i kraft straks.