Forskrift om endring i forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter privatskolelova (økonomiforskrift til privatskolelova)
I kraft fra: 2010-07-01
I
I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter privatskolelova (økonomiforskrift til privatskolelova) blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 første ledd skal lyde:
Ein søknad om godkjenning etter privatskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett. Budsjettet skal vise korleis drifta skal finansierast og kva for kostnader som vil kome på det året skolen startar opp, første heile driftsår og ved fullt utbygd skole. Budsjettet skal m.a. vise kostnader til lønn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader, materiell, inventar, husleige og finanskostnader. I tilknyting til budsjettet skal det leggjast fram ein prognose for elevtal, ei oversikt over korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut, og ei utgreiing om planlagde investeringar. Budsjettet skal følgje Norsk Standard 4102.
§ 3 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Årsrekneskap, årsberetning, jf. rekneskapsloven § 3-1, og revisjonsberetning skal sendast utan oppmoding til Utdanningsdirektoratet innan 1. juni året etter rekneskapsåret. Driv skolen anna verksemd etter privatskolelova § 2-2 første ledd andre og tredje punktum, skal skolen også sende inn avdelingsrekneskap.
For norske skolar i utlandet som har plikt til å føre rekneskap etter lovgivinga i vertslandet, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad gi dispensasjon frå tidsfristen i tredje ledd.
§ 6 første og andre ledd skal lyde:
Statstilskot blir utbetalt på grunnlag av prognose fram til rapportering av faktisk elevtal ligg føre, jf. § 15 første ledd. Dersom faktisk elevtal er lågare enn prognosen, skal for mykje utbetalt statstilskot betalast attende til Utdanningsdirektoratet.
Dersom det blir teke avgjerd om nedlegging av skoledrifta, skal skolen omgåande og utan oppmoding gi melding til Utdanningsdirektoratet. For mykje utbetalt statstilskot skal utan oppmoding betalast attende til direktoratet.
§ 14 første ledd skal lyde:
Styret skal syte for at skolen har eit tilfredsstillande administrativt system for registrering av frammøte og fråvær, at registreringa er à jour og at dokumentasjonen er tilgjengeleg for revisor og Utdanningsdirektoratet. Fråvær skal registrerast i dagar og enkelttimar. For deltidselevar skal fråvær registrerast berre i timar. Frammøte og fråvær skal attesterast av ansvarleg undervisningspersonale (faglærar).
§ 15 første ledd skal lyde:
Grunnskolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Vidaregåande skolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober og 1. april kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Det er eit vilkår at elevane har følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3 og § 6A-2, og at dette kan dokumenterast, jf. § 13. Rapportering av elevtalet skal gjerast på skjema utarbeida av Utdanningsdirektoratet og underskrivast av dagleg leiar.
§ 19 andre ledd skal lyde:
Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at skulane har oppgitt korrekt grunnlag for å rekne ut tilskot, og at skulane brukar tilskotet i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga. Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen kan krevje å få utlevert originale rekneskapsvedlegg og annan dokumentasjon som underbyggjer årsrekneskapen og grunnlaget for tildeling av tilskot, mellom anna enkeltvedtak om inntak, frammøte- og fråværeprotokollar, eksamensprotokollar, dokumentasjon/vitnemål og reskontro over betalte skolepengar.
II
Endringane trer i kraft 1. juli 2010.