Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2010-06-22-954·Kunngjort 29. juni 2010·Journalnr. 2010-0621

I kraft fra: 2010-08-01

Endrerforskrift/2006-07-14-932

I

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endring:

Nytt kapittel 9A skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 6-1 fjerde ledd.)

Skolar som er godkjente etter privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav f) får alle driftsutgiftene dekte etter ein normalsats per elev per skoleår, jf. § 6-1 fjerde ledd i lova.

Ein sats for nokså ressurskrevjande elevar, og Ein sats for særleg ressurskrevjande elevar.

Kvar skole får tilskot basert på ein av satsane i andre ledd.

Satsen for nokså ressurskrevjande elevar blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.

Følgjande skolar får tilskot etter denne satsen: Soon Sjøskole, Aglo vidaregående skole, Hop vidaregående skole, Østerbo vidaregående skole, Krokeide vidaregående skole, Seiersborg vidaregående skole og Øvrebø vidaregående skole.

Satsen for særleg ressurskrevjande elevar blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med omfattande generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som fell inn under denne satsen har eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre ulike delar av opplæringssituasjonen.

Følgjande skolar får tilskot etter denne satsen: Helsepedagogisk Rudolf Steinerskole i Oslo, Helsepedagogisk Steinerskole på Hedemarken og Steinerskolen på Skjold, helsepedagogisk avdeling.

Dersom ein elev for ein kortare eller lengre periode er vesentleg meir ressurskrevjande enn kva den satsen skolen får for eleven dekkjer, må det vurderast om eleven har rett til spesialundervisning, jf. privatskolelova § 3-6.

Skolen har ansvaret for at elevane som blir tekne inn har slike lærevanskar som skolen får tilskot etter, jf. § 9A-2 og § 9A-3. Skolen skal derfor sørgje for dokumentasjon av diagnosen og/eller ei vurdering av behovet til søkjaren for å få eit tilrettelagt opplæringstilbod. Ein kompetent instans utanfor skolen skal gje denne dokumentasjonen.

II

Endringa trer i kraft 1. august 2010.