Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og regionaldepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2010-06-23-958·Kunngjort 29. juni 2010·Journalnr. 2010-0628

I kraft fra: 2010-07-01

Endrerforskrift/2009-06-19-699

I

I forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte blir det gjort følgjande endring:

§ 9 skal lyde:

Alle får trekte 15 000 kroner per år frå i dei buutgiftene som i medhald av § 6 – § 8 blir tekne med i utrekninga.

For inntekter over 90 000 kroner blir det i tillegg trekt 17 prosent av den inntekta som overstig 90 000 kroner.

For inntekter over 142 000 kroner kjem i tillegg eit trekk som blir rekna av heile inntekta. Dette blir rekna med 0,3 prosent av ein inntekt på 142 001 kroner, deretter aukande med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner i auka inntekt.

Inntektsgrensa i tredje ledd er 178 001 kroner for husstandar med medlem som har ordinær, ikkje tidsavgrensa, uførestønad etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, eller tilsvarande pensjon med yrkesskadedekning etter kapittel 13, og som i tillegg er ung ufør etter lov om folketrygd § 3-21 og § 3-22.

II

Endringa trer i kraft 1. juli 2010.