Hopp til innhold
Forskriftsendring
Olje- og energidepartementet

Forskrift om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV nr. 30 til EØS-avtala (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr)

LTI/forskrift/2010-06-25-940·Kunngjort 25. juni 2010·Journalnr. 2010-0627

I kraft fra: 2010-07-01

§ 1 . Gjennomføring av forordning (EF) nr. 106/2008

EØS-avtala vedlegg IV nr. 30 (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr) gjeld som forskrift med dei endringar og tillegg som følgjer av vedlegg IV, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

§ 2 . Tilsyn

Noregs vassdrags- og energidirektorat fører tilsyn med at forskrifta vert overhalde.

§ 3 . Ikraftsetjing

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2010. Frå same tidspunkt vert forskrift 23. mai 2005 nr. 458 om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV til EØS-avtala nr. 18 (forordning (EF) nr. 2422/2001) om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr gjeld som forskrift med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg IV og protokoll 1 til avtala og avtala elles oppheva.

Forordning (EF) nr. 106/2008

For å lese forordning (EF) nr. 106/2008 sjå her: (pdf)