Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2010-06-30-1046·Kunngjort 6. juli 2010·Journalnr. 2010-0704

I kraft fra: 2010-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 13-7alov/1998-07-17-61 § 9-4lov/1998-07-17-61 § 3-4Privatskolelova – prskol § 7-1e

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjøres følgende endringer:

Nytt kapittel 1A med overskrift skal lyde:

Alle elevar på 1.-4. årstrinn har rett til leksehjelp, jf. opplæringslova § 13-7a. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og medverke til utjamning av sosiale forskjellar i opplæringa.

Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.

Kommunen er ansvarleg for leksehjelpa og veljar korleis leksehjelpa skal organiserast. Det totale omfanget leksehjelp på 1.-4. årstrinn skal til saman vere minimum 8 timar kvar veke. Kvart årstrinn skal ha minimum ein time leksehjelp per veke. Kommunen avgjer korleis dei resterande timane fordelast mellom trinna.

Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.

Kommunen pliktar å sørgje for at elevane har eit godt psykososialt miljø i leksehjelpa som fremjar helse, trivsel og læring. Dersom ein tilsett har kunnskap eller mistanke om at eleven sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle kommunen og om nødvendig og mogleg sjølv gripe inn. Eleven og foreldre kan be om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet. Kommunen pliktar snarast mogleg å behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom vedtak ikkje er fatta innan rimeleg tid kan eleven og foreldre klage som om vedtak vart fatta.

Kommunen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan kommunen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.

§ 3-43 femte ledd skal lyde:

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

Kapittel 15 overskriften skal lyde:

§ 15-1 skal lyde:

Alle som skal tilsetjast i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpa, skal leggje fram attest frå politiet. Kravet gjeld både fast personell og mellombels tilsette.

Kapittel 17 overskriften skal lyde:

§ 17-1 skal lyde:

Eleven har rett til læremiddel på ønskja målform; nynorsk eller bokmål. Kravet til språklege parallellutgåver skal gjere det enklare for eleven å gjere seg nytte av opplæringa og sikre dei språklege rettane som eleven har.

I andre fag enn norsk kan det berre brukast læremiddel som ligg føre på nynorsk og bokmål til same tid, med mindre læremiddelet er omfatta av unntaka i § 17-2. Kravet til språkleg parallellitet gjeld berre for fag med årskull over 300 elevar.

Kravet om språklege parallellutgåver gjeld for læremiddel som skal brukast regelmessig i opplæringa og dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla eller er viktig for dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Med regelmessig meiner ein at læremiddelet blir brukt fast, over ei lengre periode eller jamleg. Når det er tvil om eit læremiddel dekkjer vesentlege delar av læreplanen i fag, skal skoleeigar vurdere saka konkret.

Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere enkeltståande eller gå inn i ein heilskap, og dekkjer aleine eller til saman kompetansemål i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Når det skal vurderast om læremiddelet er omfatta av kravet til parallellitet gjeld dei same vurderingane for trykte og digitale læremiddel.

§ 17-2 skal lyde:

Reglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa.

Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og likande kjem ikkje under kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.

Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve.

§ 17-3 skal lyde:

Skoleeigar har ansvaret for at retten til eleven til læremiddel på si målform blir oppfylt etter § 17-1 og § 17-2. Dette gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar bokmål og nynorsk i kommunen eller fylkeskommunen. Skoleeigar skal ha eit forsvarleg system, jf. opplæringslova § 13-10, for å sikre at retten til eleven blir oppfylt.

§ 17-4 oppheves.

§ 17-5 oppheves.

§ 24-7 andre og tredje ledd skal lyde:

For lærefag med tre års opplæring og halvtanna års verdiskaping, er siste frist for å avlegge fag-/sveineprøve 30. juni 2012 For lærefag med fire års opplæring og eitt års verdiskaping, er siste frist for å avlegge fag-/sveineprøve 31. desember 2012.

Siste sentralt gitte tverrfaglege eksamen på VKI-nivå (7000-serien) for lærlingar, som har teikna lærekontrakt innan fristane gitt i første ledd bokstavane a og b, er våren 2011. Siste sentralt gitte eksamen i avviksfag på VKII-nivå (6000-serien) for lærlingar og for praksiskandidatar som har bestått sentralt gitt teoriprøve for praksiskandidatar innan våren 2009, er våren 2011.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskoleloven gjøres følgende endringer:

Nytt kapittel 2B med overskrift skal lyde:

Alle elevar på 1.-4. årstrinn har rett til leksehjelp, jf. privatskolelova § 7-1e. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og å medverke til utjamning av sosiale forskjellar i opplæringa.

Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.

Skolen er ansvarleg for leksehjelpa og veljar korleis leksehjelpa skal organiserast. Det totale omfanget leksehjelp på 1.-4. årstrinn skal til saman vere minimum 8 timar kvar veke. Kvart årstrinn skal ha minimum ein time leksehjelp per veke. Skolen avgjer korleis dei resterande timane fordelast mellom trinna.

Skolen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.

Skolen pliktar å sørgje for at elevane har eit godt psykososialt miljø i leksehjelpa som fremjar helse, trivsel og læring. Dersom ein tilsett har kunnskap eller mistanke om at ein elev sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle skolen og om nødvendig og mogleg sjølv gripe inn. Eleven og foreldre kan be om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet. Skolen pliktar snarast mogleg å behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom vedtak ikkje er fatta innan rimeleg tid kan eleven og foreldre klage som om vedtak vart fatta.

Skolen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan skolen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.

§ 3-43 femte ledd skal lyde:

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

Kapittel 8 overskriften skal lyde:

§ 8-1 skal lyde:

Alle som skal tilsetjast i grunnskolar og vidaregåande skolar som driv verksemd etter privatskolelova, skal leggje fram politiattest. Det same gjeld personar som tilsetjast i leksehjelpa etter privatskolelova § 7-1e. Kravet gjeld både fast personell og mellombels tilsette. Krava gjeld likevel ikkje vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar.

III

Endringene trer i kraft 1. august 2010.

Rettelser

Publisert: I 2010 hefte 10 (Rettelse)

Det som er rettet er satt i kursiv.

Ved en inkurie ble ledeteksten til endringen i § 24-7 gjengitt feil. Ledeteksten skal lyde:

§ 24-7 tredje og fjerde ledd skal lyde: