Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fiskeridepartementet

Forskrift om endring i forskrift om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar

LTI/forskrift/2010-08-13-1188·Kunngjort 20. august 2010·Journalnr. 2010-0774

I kraft fra: 2010-08-15

Endrerforskrift/2010-04-30-641
Hjemmellov/1951-12-14-3 § 1lov/1951-12-14-3 § 2lov/1951-12-14-3 § 5forskrift/2010-04-30-641 § 4

I

I forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endring:

§ 1 nytt fjerde ledd skal lyde:

Forbodet i første ledd mot å utføre viltlevande marine ressursar omfattar ikkje viltlevande marine ressursar hausta av og bringa i land frå fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union. Unntaket er avgrensa til fangst bringa i land på nærare angjevne stader og på dei verksemder Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formål, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Det er eit vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.

II

Endringa trer i kraft 15. august 2010.