Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2010-09-14-1269·Kunngjort 17. september 2010·Journalnr. 2010-0838

I kraft fra: 2010-10-01

Endrerforskrift/2006-07-14-932

I

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endringar:

Heimelsfeltet skal lyde:

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 14. juli 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-1 sjette ledd, § 2-3 andre ledd, § 3-1 femte ledd, § 3-7 tredje ledd, § 3-11, § 4-3 fjerde ledd, § 6-1 tredje ledd og fjerde ledd andre punktum, § 6-2 første ledd, § 7-1b, § 7-1c, § 7-1d, § 7-1e og § 7-2 tredje ledd.

§ 2-1 skal lyde:

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Skolen sitt styre har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

Heimelstilvisinga i kapittel 10 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 6-2 første ledd).

§ 10-1 skal lyde:

I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. privatskolelova § 6-2 første ledd.

§ 11-1 første ledd nr. 1 opphevast. Noverande § 11-1 nr. 2 blir ny § 11-1 nr. 1.

§ 11-1 første ledd skal lyde:

Særskilde skolar for funksjonshemma, jf. privatskolelova § 3-1 andre ledd 2. punktum.

Heimelstilvisinga i kapittel 12 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 2-1 sjette ledd).

II

Endringane trer i kraft 1. oktober 2010.