Forskrift om endring i forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter privatskolelova (økonomiforskrift til privatskolelova)
I kraft fra: 2010-10-01
I
I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter privatskolelova (økonomiforskrift til privatskolelova) blir det gjort følgjande endringar:
Heimelsfeltet skal lyde:
Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 19. desember 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 6-1 femte ledd og § 7-1.
§ 7 skal lyde:
Dersom rekneskapen eit år viser overskot og elevane har fått opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, kan styret gjere vedtak om å føre over inntil 10 % av det mottekne statstilskotet frå eit rekneskapsår til det neste. Statstilskot som er overført, må brukast til å dekkje driftsutgifter i det komande rekneskapsåret, og tilskotet må kome elevane til gode, jf. privatskolelova § 6-3.
§ 13 tredje ledd skal lyde:
Heilårselevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter privatskolelova § 2-1, er elevar som minst har eit årstimetal som svarer til det årstimetalet som gjeld for tilsvarande offentlege vidaregåande programområde.
§ 15 første ledd skal lyde:
Grunnskolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Vidaregåande skolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober og 1. april kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Det er eit vilkår at elevane har følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og at dette kan dokumenterast, jf. § 13. Rapportering av elevtalet skal gjerast på skjema utarbeida av Utdanningsdirektoratet og underskrivast av dagleg leiar.
II
Endringane trer i kraft 1. oktober 2010.