Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien

LTI/forskrift/2010-10-21-1357·Kunngjort 22. oktober 2010·Journalnr. 2010-0906

I kraft fra: 2010-10-21

I

I forskrift 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien gjøres følgende endringer:

I EØS-henvisningsfeltet tilføyes følgende:

direktiv 2010/613/EU.

Dersom det har vore utbrot av vesikulær stomatitt eller viral arteritt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt mindre enn 10 dagar før sending for vesikulær stomatitt og mindre enn 21 dagar før sending for viral arteritt. Ukastrerte registrerte hingstar som ikkje tilfredsstiller krava i første punktum og § 10, tredje ledd nr. 3 som gjeld viral arteritt kan likevel få mellombels opphald dersom dei skal delta i den førolympiske testkonkurranse i 2011, dei olympiske leikar eller dei paralympiske leikar i 2012 i Storbritannia, og dei tilfredsstiller krava i vedlegg D.

Nytt vedlegg D skal lyde:

Følgjande skal føyast til helsesertifikatets avsnitt (e)(v) (jf. kommisjonsvedtak 92/260/EØF) som gjeld viralarteritt: «Eller: Den registrerte hesten skal innførast i samsvar med kommisjonsvedtak 2010/613/EU.» Følgjande skal føyast til helsesertifikatets avsnitt om helseopplysningar som skrivast ut av den lokale offentlege veterinæren (jf. kommisjonsvedtak 92/260/EØF): «Hesten skal delta i ridekonkurransane under den førolympiske testkonkurranse i juli 2011/Dei olympiske leikar i juli og august 2012/Dei Paralympiske leikar i august og september 2012 (det gjeldande strekast under, og det ikkje-gjeldande strekast over).» «Det er treft tiltak for å transportere hesten ut av EØS straks etter ridekonkurransens avslutning under den førolympiske testkonkurranse i juli 2011/Dei olympiske leikar i juli og august 2012/Dei Paralympiske leikar i august og september 2012. (det gjeldande strekast under, og det ikkje-gjeldande strekast over) den..........................(dato setjast inn) gjennom utførselstaden..................................(namnet på utførselstaden setjast inn).» «Hesten er ikkje bestemt til avl eller sædoppsamling under opphaldet på høgst 90 dagar i eit medlemsland i EØS.» Medlemslanda setjer ikkje i verk alternativ kontrollordning for hestane som fastsett i artikkel 6 i direktiv 90/426/EF. Hestane kan ikkje få endra status frå mellombels opphald til varig opphald. Offentleg veterinær på grensekontrollstaden som skriver ut CVED-dokumentet, jf. forskrift 30. november 2005 nr. 1348 om innføring av et dokument for deklarering og veterinær grensekontroll av levende dyr som innføres til EØS-området fra tredjestater, skal fylle ut rubrikk 20 i dette dokumentet slik at utførselstaden, jf. punkt 2 b ovanfor, er orientert om tidspunktet for utførsel. I tillegg skal lokal veterinæreining på konkurransestaden (GB04001 Surrey) gis melding om hestanes framkomst pr. telefax eller e-post. Medlemslanda sørgjer for at hestane under transporten frå det første bestemmelsesmedlemsland som er oppført i CVED-dokumentet til eit anna medlemsland eller til konkurransestaden har med seg følgjande dokument: Helsesertifikatet, fylt ut i samsvar med punkt 1 og 2 ovanfor. Helsesertifikatets del II punkt 4 (sertifikatmodell i TRACES) med omsyn til løyve til transport mellom medlemslanda skal vere fylt ut (det same punktet har nummer VII i helsesertifikatet som ligg ved kommisjonsvedtak 92/260/EØF). Helsesertifikat for samhandel i EØS-området, jf. rådsdirektiv 90/426/EØF. Dette helsesertifikatet skal innehalde ei krysstilvising til del I, punkt I, 6 i helsesertifikatet for midlertidig innførsel frå tredjeland, jf. punkt a. Medlemsland som har fått melding om transporten av hestane jf. punkt 6, stadfester framkomsten ved å fylle ut rubrikk 45 i CVED-dokumentets del 3.

II

Endringene trer i kraft straks.