Vedtak om formues- og inntektsskatt mv. til Svalbard for inntektsåret 2011
I kraft fra: Inntektsåret 2011
§ 1 . Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2011 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2011, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.
§ 2 . Skatt på formue
Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats). Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 . Skatt på inntekt
Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: Låg sats: 8 pst. Høg sats: 22 pst. Anna inntekt: 16 pst. Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av b. på 20 000 kroner.
§ 4 . Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 . Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 . Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3
For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 2 pst.