Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og regionaldepartementet

Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag

LTI/forskrift/2010-12-15-1694·Kunngjort 23. desember 2010·Journalnr. 2010-1164

I kraft fra: 2013-01-01

§ 1 . Sikring mot tap av felleskostnadar

Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.

§ 2 . Krav til produktet

Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto. Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet. Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet. Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.

§ 3 . Ikrafttredelse

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2013.