Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranseloven for avtaler om klinisk veterinærvakt
I kraft fra: 2011-01-01 – 2012-06-30
§ 1 . Føremål
Føremålet med denne forskrifta er å avgrense bruken av forboda i konkurranseloven slik at det kan lagast rammeavtaler og avtaler om organisering av og godtgjering for deltaking i klinisk veterinærvakt. Slike avtaler kan nyttast når kommunane og veterinærane skal forhandle om godtgjering og vilkår for deltaking i og organisering av slik vakt.
§ 2 . Unnatak for samarbeid mellom veterinærar om avtaler med kommunar om etablering og drift av klinisk veterinærvakt
Konkurranseloven § 10 og § 11 vert ikkje nytta på avtaler, avgjerder, samordna praksis mellom veterinærar, eller einsidige handlingar gjort av veterinærar eller deira organisasjonar. Dette gjeld berre når handlingane er naudsynte for å kunne forhandle fram og gjennomføre avtaler mellom desse og kommunane for å oppfylle ansvaret kommunane har for å syte for ei veterinærvaktordning etter lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell med seinare endringar. Vilkår som svarar til dei som er tekne inn i avtala mellom KS og Den norske veterinærforening reknast som naudsynte etter andre punktum.
§ 3 . Plikt til å påvise heimel
På førespurnad frå konkurransestyresmaktene pliktar alle som vil nytte unnataket i § 2 å gjere greie for kva for avtale nemnd i § 2, som regulerer forholdet.
§ 4 . Virketid
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2011 og gjeld til 30. juni 2012.