Forskrift om endring i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn
I kraft fra: 2011-01-01
I
I forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn blir det gjort følgjande endringar:
§ 1 skal lyde:
Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som leveveg åleine eller saman med anna næring eller anna arbeid.
§ 3 nr. 5 nytt sjette punktum skal lyde:
Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
§ 3 nr. 6 skal lyde:
Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uførepensjon etter ein uføregrad på 100 %.
§ 5 nr. 5 nytt sjette punktum skal lyde:
Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
§ 5 nr. 7 skal lyde:
Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter ein uføregrad høgre enn 60 %.
§ 11 første ledd andre punktum skal lyde:
Dersom årsaka er at personen ikkje lenger fyller vilkåra i § 3 nr. 5 sjette punktum, § 3 nr. 6, § 5 nr. 5 sjette punktum eller § 5 nr. 7, kan vedkomande likevel bli ståande i manntalet ut kalenderåret.
II
Endringane trer i kraft 1. januar 2011.