Forskrift om saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter odelslova § 30 til § 32
I kraft fra: 2011-02-11
§ 1 . Formål og virkeområde
Denne forskrifta har til formål å sikre effektiv og forsvarleg saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (heretter kalla odl.) § 30 til § 32.
§ 2 . Definisjonar
odelseigedom: den eigedom som det blir søkt om odelsfrigjering av. odelsfrigjering: eit vedtak som inneber at kvar og ein av odelsrettshavarane på tidspunktet for vedtaket, misser sin odelsrett. odelsfrigjerar: den som har søkt om odelsfrigjering etter odl. § 30, § 31 eller § 32. odelsløysar: den som har teke ut stemning mot eigaren etter odl. § 60. odelsrettshavar: den som har odelsrett til eigedomen.
§ 3 . Generelle krav til søknad om odelsfrigjering
Skriftleg søknad om odelsfrigjering etter odl. § 30 til § 32 skal sendast til kommunen der odelseigedomen ligg. Kopi av odelsfrigjeraren sitt ervervsdokument med løyver og forkynt stemning i odelsløysingssaka skal leggjast ved søknaden. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva som er formålet med odelsfrigjeringa.
Dersom kommunen eigedomen ligg i står som odelsfrigjerar, skal saka etter vanleg saksførebuing, jf. forskrift 8. desember 2003 nr. 1480 om saksbehandling mv. i kommunen i saker etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven § 1, sendast til Fylkesmannen som avgjer om det skal takast steg til odelsfrigjering.
§ 4 . Særlege krav til søknad om odelsfrigjering etter § 31
alt landbruksareal odelsfrigjeraren eig eller disponerar på anna grunnlag med spesifisering av gards- og bruksnummer og kor mykje av areala som fell innanfor kvar av kvalitetskategoriane fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, utmarksbeite, produktiv skog og areal ute av drift og kva slag produksjon det er på areala.
§ 5 . Frist for å søkje om odelsfrigjering
Søknad om odelsfrigjering etter odl. § 30 til § 32 må setjast fram innan to månader etter at stemning i løysingssak blei forkynt for eigaren. Kommunen kan gi oppfrisking for oversitting av fristen etter odl. § 30 og § 32. Det kan ikkje gjevast oppfrisking for oversitting av fristen etter odl. § 31.
§ 6 . Varsling av odelsrettshavarane om deira rett til å gi uttale
Kommunen skal straks søknaden er motteke, så langt det lar seg gjere, gi odelsrettshavarane høve til å uttale seg om odelsfrigjeringsspørsmålet.
Overfor den som det er vanskeleg å gi individuelt varsel, er det nok med kunngjering i Norsk Lysingsblad og i ei avis som er ålment lesen på staden.
§ 7 . Frist for odelsrettshavarane til å gi uttale
Kommunen skal setje ein uttalefrist på ein månad. Denne fristen skal gjelde både for den som får individuelt varsel og den som får varsel gjennom kunngjering som nemnt i § 6 andre ledd.
Kommunen skal be odelsrettshavarane om å sende uttalen til kommunen.
§ 8 . Kommunen si plikt til å innhente opplysningar
Kommunen skal innhente opplysningar som ikkje går fram av odelsfrigjeringssøknaden når opplysningane kan ha noko å seie for avgjerda i saka.
§ 9 . Kommunen skal vurdere om det skal takast steg til odelsfrigjering og varsle retten
Når kommunen meiner saka er godt nok opplyst, skal den utan ugrunna opphald avgjere om det skal takast steg til odelsfrigjering.
I alle saker etter odl. § 30 til § 32 skal kommunen kontrollere om søknad om odelsfrigjering er sett fram av eigaren innan 2 månader rekna frå stemning i løysingssaka blei forkynt for han.
den aktuelle eigedomen er odelsjord, og om staten eller ein kommune har teke over, eller vil ta over slik jord.
«odelsrett vil skiple ei eigedomstileigning», og om ervervet er «godkjent av di kjøparen bør få tilleggsjord». Kjem kommunen til at det ikkje ligg føre ei slik godkjenning, må kommunen ta stilling til om kjøparen bør få tilleggsjord.
nokon friviljug har «late frå seg odelsjord», overtakar har søkt om odelsfrigjering.
Kjem kommunen til at vilkåra er oppfylte for den aktuelle søknaden, skal kommunen varsle retten om at det vil bli teke steg til odelsfrigjering, og be om at løysingssaka blir stansa, jf. odl. § 33 andre ledd. Kommunen skal varsle partane om at det vil bli teke steg til odelsfrigjering og at løysingssaka blir stansa.
Kjem kommunen til at vilkåra ikkje er oppfylte, skal kommunen avslå søknaden om odelsfrigjering. Avslaget kan påklagast til Fylkesmannen.
§ 10 . Kommunen si uttale når det gjeld spørsmålet om odelsfrigjering (realiteten)
Kjem kommunen til at det skal tas steg til odelsfrigjering, skal den gi uttale om sitt syn på spørsmålet om odelsfrigjering (realiteten) og sende saka til Fylkesmannen. Kommunen skal sende kopi av uttala si til partane og dei andre odelsrettshavarane. Kommunen skal be dei senda sine merknader til uttala til Fylkesmannen.
§ 11 . Fylkesmannen si behandling
Fylkesmannen skal avgjere odelsfrigjeringssøknaden når saka er så godt opplyst som mogleg.
Fylkesmannen skal innhente uttale i saker etter odl. § 30 og § 32 frå det departementet som odelsfrigjeringsformålet høyrer inn under.
Blir vedtaket påklaga, skal Fylkesmannen behandle klaga etter reglane i forvaltningslova.
Tek ikkje Fylkesmannen klaga til følgje, skal klagesaka sendast til Statens landbruksforvaltning. Statens landbruksforvaltning skal foreleggje klaga for det departement som odelsfrigjeringsformålet høyrer inn under.
§ 12 . Varsel til retten om det endelege utfallet av odelsfrigjeringssaka
Det organet som treffer det endelege vedtaket i odelsfrigjeringssaka, skal varsle retten om utfallet av odelsfrigjeringssaka.
§ 13 . Ikraftsetjing
Denne forskrifta trer i kraft straks.
§ 14 . Overgangsreglar
Har departementet med forvaltaransvar for formålet med odelsfrigjeringa starta førebuing av odelsfrigjeringssak for Kongen etter odl. § 30 før forskrifta her tok til å gjelde, skal saka behandlast etter dei tidlegare reglane.
Søknader etter odl. § 31 som er innkomne til Fylkesmannen før forskrifta her tok til å gjelde, men som ikkje har vore gjenstand for førebels vurdering av Fylkesmannen, skal hansamast etter reglane i forskrifta her. Søknaden skal såleis sendast til kommunen i dei tilfella Fylkesmannen ikkje har gjort den førebelse vurderinga, slik at kommunen kan avgjere om det skal takast steg til odelsfrigjering.
Har forvaltningsorganet med avgjerdsmyndigheit etter odl. § 32 starta førebuing av søknad om odelsfrigjering før forskrifta her tok til å gjelde, skal saka behandlast etter dei tidlegare reglane.