Forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i Finnmark og Troms
I kraft fra: 2011-03-08
§ 1 . Formål
Formålet med denne forskrifta er å gjennomføre ein kapasitetsauke for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i Finnmark og Troms.
§ 2 . Verkeområde
Forskrifta gjeld eit tidsavgrensa høve til auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn med 5 % av den maksimalt tillatne biomassen mot vederlag, i Finnmark og Troms. Høve til auke gjeld ikkje løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn til særlege formål.
§ 3 . Kunngjering av tilbod
Tilbodet skal offentleggjerast på fylkeskommunane og Fiskeridirektoratet sine internettsider minimum ein månad før fristutløp.
Fylkeskommunane skal også seinast 14 dagar før fristutløp kunngjere tilbodet i brev til innehavarar av akvakulturløyve slik dei går fram av akvakulturregisteret på dåverande tidspunkt.
§ 4 . Melding og frist for å sende melding
Innehavar av løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i Finnmark og Troms skal etter § 6 sende melding til fylkeskommunen i det fylket løyvet er heimehøyrande dersom han ønskjer å utvide løyvet.
Meldinga skal sendast seinast 9. mai 2011. Reglane i domstolloven § 146 og § 149 kjem til bruk så langt dei passar.
§ 5 . Vederlag
For utviding etter denne forskrifta skal det betalast vederlag til staten.
For utviding av løyve med avgrensing som fastsett i laksetildelingsforskrifta § 15 er vederlaget 150 000 kroner i Finnmark og 500 000 kroner i Troms.
Vederlaget skal vere innbetalt seinast 9. mai 2011 til Fiskeridirektorat, Økonomiseksjonen, Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen, kontonummer 7694 05 09048, og vere merka «Vederlag 2011 – [nummer på løyve]».
Vederlaget blir ikkje refundert ved eventuell seinare inndraging av akvakulturløyvet på bakgrunn av forhold nemnde i akvakulturloven § 9.
§ 6 . Krav til sending og melding
Meldinga skal sendast per rekommandert brev. Meldinga skal merkast med: «Melding om kapasitetsauke 2011».
Meldinga skal skje på fastsette skjema og innehalde:
a) kva løyve meldinga gjeld,
b) dokumentasjon på innbetalt vederlag jamfør § 5.
§ 7 . Vedtak
Fylkeskommunen i det fylket løyvet er heimehøyrande skal behandle meldinga og gjere vedtak. Fiskeridirektoratet er klageinstans.
Fylkeskommunen skal gjere positivt vedtak dersom søkjaren oppfyller krava i § 4, § 5 og § 6.
Vedtak om avvising kan påklagast. Dersom vedtaket vert oppretthalde etter at saka er endeleg avgjort i forvaltninga, skal vederlaget refunderast.
§ 8 . Ikraftsetjing
Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same tidspunkt vert forskrift 13. oktober 2009 nr. 1267 om særskilte tiltak i enkelte områder for akvakulturrelatert virksomhet, oppheva.