Forskrift om endring i forskrift om bustøtte
I kraft fra: 2011-07-01
I
I forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte blir det gjort følgjande endringar:
§ 8 skal lyde:
61 000 kroner for husstandar med 1 person 65 500 kroner for husstandar med 2 personar 70 000 kroner for husstandar med 3 personar 74 500 kroner for husstandar med 4 personar 79 000 kroner for husstandar med 5 personar eller fleire.
22 000 kroner høgare i Oslo 15 000 kroner høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum 10 000 kroner høgare i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.
Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene bli auka med inntil 3 000 kroner per år.
§ 9 skal lyde:
Alle får trekte 16 600 kroner per år frå i dei buutgiftene som i medhald av § 6 til § 8 blir tekne med i utrekninga.
For inntekter over 90 000 kroner blir det òg trekt 17 prosent av den inntekta som overstig 90 000 kroner.
For inntekter over 149 000 kroner er det i tillegg rekna ut eit trekk av heile inntekta. Dette blir rekna med 0,3 prosent av ei inntekt på 149 001 kroner, deretter aukande med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner i auka inntekt.
Inntektsgrensa i tredje ledd er 185 000 kroner for husstandar med medlem som har ordinær, ikkje tidsavgrensa, uførestønad etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12 eller tilsvarande pensjon med yrkesskadedekning etter kapittel 13, og som i tillegg er ung ufør etter lov om folketrygd § 3-21.
II
Denne forskrifta settes i kraft frå 1. juli 2011.