Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2011-07-27-805·Kunngjort 5. august 2011·Journalnr. 2011-0636

I kraft fra: 2011-08-04

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3lov/1998-07-17-61 § 3-4lov/1998-07-17-61 § 4a-4

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:

§ 3-3 tredje ledd skal lyde:

Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærlingen og lærekandidaten sin kompetanse i faget. Læraren og instruktøren skal leggje til rette for at han eller ho får eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten, slik at den retten eleven, lærlingen og lærekandidaten har etter § 3-1, blir oppfylt. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.

II

§ 4-3 tredje ledd skal lyde:

Deltakaren skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag til å vurdere deltakaren sin kompetanse i faget. Læraren skal leggje til rette for at han eller ho får eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til deltakaren, slik at den retten deltakaren har etter § 4-1, blir oppfylt. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.

III

Endringene i pkt. I og II trer i kraft 4. august 2011.