Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen i Volda

LTI/forskrift/2011-10-28-1072·Kunngjort 8. november 2011·Journalnr. 2011-0820

I kraft fra: 2011-10-28

Endrerforskrift/2009-03-05-288
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7

I

I forskrift 5. mars 2009 nr. 288 om opptak til Høgskulen i Volda blir det gjort følgjande endring:

Ved opptak til allmennfagleg variant prioriterer vi slik (undervisningsfaga må vere fag som høgskulen tilbyr fagdidaktikk i): Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med minst eitt relevant undervisningsfag. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med to relevante undervisningsfag, der minimum 140 studiepoeng (60 + 80) er samla i desse to faga. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad eller med tre års utdanning med eitt relevant undervisningsfag med minimum 90 studiepoeng samla i dette faget, og derav minimum 30 stp. som fordjuping. Søkjarar med tre års utdanning og med to relevante undervisningsfag, der 150 studiepoeng er samla i desse to faga (t.d. årsstudium og årsstudium med fordjuping). Søkjarar med tre års utdanning og med tre relevante undervisningsfag, med minimum 180 studiepoeng samla i desse tre faga (t.d. tre årsstudium). Søkjarar med tre års utdanning og med to relevante undervisningsfag, med minimum 120 studiepoeng samla i desse to faga (t.d. to årsstudium).

II

Endringa trer i kraft straks.