Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2011-12-20-1522·Kunngjort 20. januar 2012·Journalnr. 2012-0012

I kraft fra: 2012-02-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-6

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

§ 13-1 skal lyde:

Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som høyrer til målgruppa, jf. § 13-2, får tilbod om opplæring, arbeid, andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Tilboda skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

§ 13-2 skal lyde:

ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass, eller avbryt slik opplæring, eller ikkje er i arbeid, eller har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt eller opplæringskontrakt i samsvar med opplæringslova § 4-6.

§ 13-3 skal lyde:

ha oversikt over alle i målgruppa, jf. § 13-2, og aktuelle tilbod for målgruppa. Registrering av ungdom som høyrer til ansvarsområdet for oppfølgingstenesta, og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året. gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving. etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging. gi alle i målgruppa tilbod i samsvar med § 13-1, eventuelt i samarbeid med andre aktørar. etter behov følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta gjennom ei eller fleire rettleiingssamtaler.

Pliktene her gjeld så lenge ungdommen er i målgruppa for oppfølgingstenesta.

§ 13-4 skal lyde:

Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Aktuelle instansar for samarbeid er særleg grunnskolane og dei vidaregåande skolane, den pedagogisk-pykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen, arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og sosialtenestene.

Oppfølgingstenesta kan bistå i arbeidet med å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med grunnskole og vidaregåande opplæring.

II

Endringane trer i kraft 1. februar 2012.