Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2012-08-01 – 2016-07-31
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:
Nytt femte ledd i § 1-8 skal lyde:
Skoleeigarar kan tilby arbeidslivsfaget til elevar som begynner på 8. trinn i skoleåret 2012/2013, som eit alternativ til eitt framandspråk til, eller til språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Skoleeigarar som vel å tilby arbeidslivsfaget for elevar på 8. trinn i skoleåret 2012/2013, må tilby faget for desse elevane gjennom alle dei tre åra på ungdomstrinnet. For arbeidslivsfaget gjeld første ledd, andre, tredje og fjerde punktum og fjerde ledd tilsvarande. Føresegna får ein tilsvarande bruk for elevar som er omfatta av § 1-9 første ledd i forskrifta.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgende endringer:
Nytt femte ledd i § 2A-6 skal lyde:
Skolen kan tilby arbeidslivsfaget til elevar som begynner på 8. trinn i skoleåret 2012/2013, som eit alternativ til eitt framandspråk til, eller til språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Skolar som vel å tilby arbeidslivsfaget for elevar på 8. trinn i skoleåret 2012/2013, må tilby faget for desse elevane gjennom alle dei tre åra på ungdomstrinnet. For arbeidslivsfaget gjeld første ledd, andre, tredje og fjerde punktum og fjerde ledd tilsvarande.
III
Endringene i pkt. I og II trer i kraft 1. august 2012.
IV
Endringene i pkt. I og II opphører 31. juli 2016.