Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot

LTI/forskrift/2012-05-23-447·Kunngjort 25. mai 2012·Journalnr. 2012-0381

I kraft fra: 2012-07-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:

§ 3 andre stykke skal lyde:

Forbruksutgiftene skal setjast i fire aldersgrupper: 0–5 år, 6–10 år, 11–14 og 15–18 år, og skal reknast ut frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) sitt referansebudsjett for forbruksutgifter. Endringane i forbruksutgiftene skal setjast til 1. juli det året barnet fyller 6, 11 eller 15 år.

«Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot» skal lyde:

Grunnlagstala her blir endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år .

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11-14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 274 4 541 5 256 6 126 Buutgifter 2 190 2 190 2 190 2 190

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 495 Deltid, park 198

Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 519 SFO inntil 10 timar per veke 324

Frådrag

Barnetrygd

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)

Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 7 614 6 446 Buutgifter 7 295 4 800

Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 2 931 1 466

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 28 prosent og trygdeavgifta til 7,8 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11-14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 197 284 343 403 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 653 940 1 134 1 336 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 1 753 2 154 2 426 2 707 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 201 2 704 3 045 3 398

II

Endringa gjeld frå 1. juli 2012.