Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og regionaldepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2012-05-23-486·Kunngjort 8. juni 2012·Journalnr. 2012-0418

I kraft fra: 2012-07-01

Endrerforskrift/2009-06-19-699

I

I forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte blir det gjort følgjande endring:

§ 9 skal lyde:

Alle får trekte 17 800 kroner per år frå i dei buutgiftene som i medhald av § 6 til § 8 blir tekne med i utrekninga.

For inntekter over 90 000 kroner blir det òg trekt 17 prosent av den inntekta som overstig 90 000 kroner.

For inntekter over 156 000 kroner er det i tillegg rekna ut eit trekk av heile inntekta. Dette blir rekna med 0,3 prosent av ei inntekt på 156 001 kroner, deretter aukande med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner i auka inntekt.

Inntektsgrensa i tredje ledd er 193 000 kroner for husstandar med medlem som har ordinær, ikkje tidsavgrensa, uførestønad etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12 eller tilsvarande pensjon med yrkesskadedekning etter kapittel 13, og om i tillegg er uføre etter lov om folketrygd § 3-21.

II

Denne forskrifta settes i kraft frå 1. juli 2012.