Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2012-06-05
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova vert det gjort følgjande endring:
Ny § 23-4 skal lyde:
Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-42 andre ledd.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova vert det gjort følgjande endring:
Ny § 3-38b skal lyde:
Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-41 andre ledd.
III
Endringane i punkt I og II trer i kraft 5. juni 2012.