Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2012-08-06
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:
§ 1-12 skal lyde:
Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg. Rektor si avgjerd er eit enkeltvedtak.
§ 1-13 tredje ledd skal lyde:
Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring særskild organisert for dei etter kapittel 4A, er fritekne frå opplæring i faget kroppsøving.
§ 3-3 annet ledd skal lyde:
I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten trekkjast inn. I faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering.
§ 3-23 skal lyde:
Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak .
§ 4-16 oppheves.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgende endringer:
§ 3-3 annet ledd skal lyde:
I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær eller andre forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven trekkjast inn. I faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering.
§ 3-22 skal lyde:
Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak.
§ 5a-2 oppheves.
Ny § 5a-2 skal lyde:
Dagleg leiar kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg. Dagleg leiar si avgjerd er eit enkeltvedtak.
III
Endringene i pkt. I og II trer i kraft 6. august 2012.