Forskrift om endring i forskrift om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler
I kraft fra: 2012-06-18
I
I forskrift 17. februar 2010 nr. 187 om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler gjøres følgende endringer:
I EØS-henvisningsfeltet tilføyes følgende:
nr. 65 (forordning (EU) nr. 1160/2011), nr. 66 (forordning (EU) nr. 1170/2011) og nr. 67 (forordning (EU) nr. 1171/2011).
I § 2 tilføyes EØS-avtalen vedlegg II kapittel XII nr. 67 (forordning (EU) nr. 1171/2011) til den kronologiske opplistingen av forordninger.
I § 3 tilføyes EØS-avtalen vedlegg II kapittel XII nr. 65 (forordning (EU) nr. 1160/2011) og EØS-avtalen vedlegg II kapittel XII nr. 66 (forordning (EU) nr. 1170/2011) til den kronologiske opplistingen av forordninger.
II
Denne forskriften trer i kraft straks.
Forordninger
Avsnittet «Forordninger» endres til «Forordninger og vedtak».
I avsnittet «Forordninger og vedtak» tilføyes følgende:
Nedenfor gjengis til informasjon norsk oversettelse av forordning (EU) nr. 1160/2011 med de endringer og tillegg som følger av EØS-tilpasningen av rettsakter i samsvar med vedlegg II kapittel XII nr. 65.
KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1160/2011
av 14. november 2011
om godkjenning og avslag på godkjenning av visse helsepåstandar om næringsmiddel som viser til redusert sjukdomsrisiko
EUROPAKOMMISJONEN HAR –
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1924/2006 av 20. desember 2006 om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler, 1 særleg artikkel 17 nr. 3 og
I medhald av forordning (EF) nr. 1924/2006 er helsepåstandar om næringsmiddel forbodne med mindre dei er godkjende av Kommisjonen i samsvar med den nemnde forordninga og førde opp i ei liste over påstandar som er tillatne. Ved forordning (EF) nr. 1924/2006 er det òg fastsett at driftsansvarlege for næringsmiddelføretak kan sende søknader om godkjenning av helsepåstandar til den rette nasjonale styresmakta i ein medlemsstat. Den rette nasjonale styresmakta skal sende gyldige søknader vidare til Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik (EFSA), heretter kalla «Styresmakta». Etter at søknaden er motteken, skal Styresmakta straks melde frå til dei andre medlemsstatane og Kommisjonen om dette og gje ei fråsegn om den aktuelle helsepåstanden. Kommisjonen skal ta omsyn til fråsegna frå Styresmakta når han tek avgjerd om godkjenning av helsepåstandar. Etter ein søknad som CreaNutrition AG sende inn i medhald av artikkel 14 nr. 1 bokstav a) i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av havrebetaglukan med omsyn til å senke blodkolesterolet (spørsmål nr. EFSA-Q-2008-681). 2 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde følgjande ordlyd: «Eit balansert kosthold som inneheld havrebetaglukan kan aktivt senke/redusere innhaldet av LDL (lav-densitet-lipoprotein) og det samla innhaldet av kolesterol i blodet». På grunnlag av dei opplysningane som vart lagde fram, konkluderte Styresmakta i den vitskaplege fråsegna si som Kommisjonen og medlemsstatane mottok 8. desember 2010, at det er ein årsakssamanheng mellom inntak av havrebetaglukan og senking av innhaldet av LDL-kolesterol i blodet. Ein helsepåstand som svarar til denne konklusjonen, kan difor reknast å oppfylle krava i forordning (EF) nr. 1924/2006 og bør førast opp på EU-lista over påstandar som er tillatne. I artikkel 16 nr. 4 i forordning (EF) nr. 1924/2006 er det fastsett at ei fråsegn om godkjenning av ein helsepåstand bør innehalde visse opplysningar. Desse opplysningane bør difor førast opp i vedlegg I til denne forordninga for dei godkjende påstandane og, der det høver, omfatte den reviderte ordlyden til påstandane, særskilde bruksvilkår for påstandane, og eventuelt vilkår eller restriksjonar for bruk av næringsmiddelet og/eller ei tilleggsfråsegn eller -åtvaring, i samsvar med føresegnene i forordning (EF) nr. 1924/2006 og i tråd med fråsegnene til Styresmakta. Eit av måla med forordning (EF) nr. 1924/2006 er å sikre at helsepåstandar er sannferdige, tydelege og pålitelege og nyttige for forbrukaren, og at det vert teke omsyn til ordlyd og presentasjon i denne samanhengen. Når ordlyden til ein påstand gjev den same meininga for forbrukarane som ein godkjend helsepåstand fordi han syner det same sambandet mellom ei næringsmiddelgruppe og eit næringsmiddel eller ein av ingrediensane i næringsmiddelet, og helse, bør påstanden vere omfatta av dei same bruksvilkåra som er nemnde i vedlegg I til denne forordninga. Etter ein søknad som HarlandHall Ltd (på vegner av Soya Protein Association, European Vegetable Protein Federation og European Natural Soyfood Manufacturers Association), sende inn i medhald av artikkel 14 nr. 1 bokstav a) i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av soyaprotein med omsyn til å redusere innhaldet av kolesterol i blodet (spørsmål nr. EFSA-Q-2010–00672). 3 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde følgjande ordlyd: «Soyaprotein har vist seg å senke/redusere blodkolesterolet. Senking av blodkolesterolet kan redusere risikoen for (koronar) hjartesjukdom». På grunnlag av dei opplysningane som vart lagde fram, konkluderte Styresmakta i den vitskaplege fråsegna si som Kommisjonen og medlemsstatane mottok 30. juli 2010, at det ikkje er ein årsakssamanheng mellom inntak av soyaprotein og den påståtte verknaden. Ettersom påstanden ikkje oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1924/2006, bør han difor ikkje godkjennast. Etter ein søknad som Danone France sende inn i medhald av artikkel 14 nr. 1 bokstav a) i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av Actimel®, eit surmjølksprodukt som inneheld Lactobacillus casei DN-114 001 og yoghurtsymbiose, med omsyn til å redusere førekomsten av Clostridium difficile -toksin i tarmen (spørsmål nr. EFSA-Q-2009–00776). 4 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde følgjande ordlyd: «Surmjølk som inneheld probiotisk Lactobacillus casei DN-114001 og yogurtsymbiose minskar førekomsten av Clostridium difficile -toksin i tarmen (hjå eldre menneske som er mottakelege). Førekomst av Clostridium difficile -toksin er knytt til tilfelle av akutt diaré». På grunnlag av dei opplysningane som vart lagde fram, konkluderte Styresmakta i den vitskaplege fråsegna si som Kommisjonen mottok 8. desember 2010, med at dei opplysningane som er lagde fram, ikkje er tilstrekkelege til fastslå at det er ein årsakssamanheng mellom inntak av Actimel® og reduksjon av risikoen for C. difficile -diaré ved å minske førekomsten av C. difficile -toksin. Ettersom påstanden ikkje oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1924/2006, bør han difor ikkje godkjennast. Ved fastsetjinga av tiltaka i denne forordninga er det teke omsyn til dei kommentarane som Kommisjonen har motteke frå søkjarane og andre personar i samsvar med artikkel 16 nr. 6 i forordning (EF) nr. 1924/2006. Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa og verken Europaparlamentet eller Rådet har sett seg imot dei –
1 TEU L 404 av 30.12.2006, s. 9.
2 EFSA Journal 2010; 8(12):1885.
3 EFSA Journal 2010; 8(7):1688.
4 EFSA Journal 2010; 8(12):1903.
VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:
1. Den helsepåstanden som er førd opp i vedlegg I til denne forordninga, kan nyttast på næringsmiddel på marknaden i Den europeiske unionen i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i det nemnde vedlegget.
2. Den helsepåstanden som er nemnd i nr. 1, skal ikkje førast opp i den EU-lista over påstandar som er tillatne, som er nemnd i artikkel 14 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1924/2006.
Dei helsepåstandane som er nemnde i vedlegg II til denne forordninga, skal ikkje førast opp i den EU-lista over påstandar som er tillatne, som er nemnd i artikkel 14 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1924/2006.
Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .
Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 14. november 2011. For Kommisjonen José Manuel BARROSO President
Søknad – relevante føresegner i forordning (EF) nr. 1924/2006 Søkjar – adresse Næringsstoff, stoff, nærings- middel eller nærings- middelgruppe Påstand Bruksvilkår for påstanden Vilkår og/eller restriksjonar for bruk av nærings- middelet og/eller ei tilleggs- fråsegn eller -åtvaring Referanse- nummeret til EFSA-fråsegna Artikkel 14 nr. 1 bokstav a) – helsepåstand om redusert sjukdoms- risiko CreaNutrition AG, Business Park, 6301 Zug, Sveits Havrebeta- glukan Havrebeta- glukan har vist seg å senke/redusere blodkolesterolet. Høgt blodkolesterol er ein riskofaktor i utviklinga av koronar hjartesjukdom. Forbrukaren skal få opplysningar om at den gunstige verknaden vert oppnådd ved eit dagleg inntak på 3 g havrebetaglukan. Påstanden kan nyttast på nærings- middel som inneheld minst 1 g havrebetaglukan per oppgjevne porsjon. Q-2008-681
Søknad – relevante føresegner i forordning (EF) nr. 1924/2006 Næringsstoff, stoff, næringsmiddel eller næringsmiddelgruppe Påstand Referansenummeret til EFSA-fråsegna Artikkel 14 nr. 1 bokstav a) – helsepåstand om redusert sjukdomsrisiko Soyaprotein Soyaprotein har vist seg å senke/redusere blodkolesterolet. Senking av blodkolesterolet kan redusere risikoen for (koronar) hjartesjukdom. Q-2009–00672 Artikkel 14 nr. 1 bokstav a) – helsepåstand om redusert sjukdomsrisiko Actimel® Lactobacillus casei DN-114 001 og yoghurtsymbiose Surmjølk som inneheld probiotisk Lactobacillus casei DN-114001 og yogurtsymbiose minskar førekomsten av Clostridium difficile -toksin i tarmen (hjå eldre menneske som er mottakelege). Førekomst av Clostridium difficile -toksin er knytt til tilfelle av akutt diaré. Q-2009–00776
Nedenfor gjengis til informasjon norsk oversettelse av forordning (EU) nr. 1170/2011 med de endringer og tillegg som følger av EØS-tilpasningen av rettsakter i samsvar med vedlegg II kapittel XII nr. 66.
KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1170/2011
av 16. november 2011
om avslag på godkjenning av visse helsepåstandar om næringsmiddel som viser til redusert sjukdomsrisiko
EUROPAKOMMISJONEN HAR –
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1924/2006 av 20. desember 2006 om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler, 1 særleg artikkel 17 nr. 3 og
I medhald av forordning (EF) nr. 1924/2006 er helsepåstandar om næringsmiddel forbodne med mindre dei er godkjende av Kommisjonen i samsvar med den nemnde forordninga og førde opp i ei liste over påstandar som er tillatne. Ved forordning (EF) nr. 1924/2006 er det òg fastsett at driftsansvarlege for næringsmiddelføretak kan sende søknader om godkjenning av helsepåstandar til den rette nasjonale styresmakta i ein medlemsstat. Den rette nasjonale styresmakta skal sende gyldige søknader vidare til Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik (EFSA), heretter kalla «Styresmakta». Etter at søknaden er motteken, skal Styresmakta straks melde frå til dei andre medlemsstatane og Kommisjonen om dette og gje ei fråsegn om den aktuelle helsepåstanden. Kommisjonen skal ta omsyn til fråsegna frå Styresmakta når han tek avgjerd om godkjenning av helsepåstandar. Etter ein søknad som prof. dr. Moritz Hagenmeyer og prof. dr. Andreas Hahn sende inn i medhald av artikkel 14 nr. 1 bokstav a) i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av vatn med omsyn til å redusere risikoen for dehydrering og påfølgjande nedsett yteevne (spørsmål nr. EFSA-Q-2008–05014). 2 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde følgjande ordlyd: «Jamleg inntak av rikelege mengder vatn kan redusere risikoen for å utvikle dehydrering og påfølgjande nedsett yteevne». I artikkel 2 nr. 2 punkt 6 i forordning (EF) nr. 1924/2006 tyder påstand om redusert sykdomsrisiko «enhver helsepåstand som angir, antyder eller gir inntrykk av at inntak av en næringsmiddelgruppe, et næringsmiddel eller én av dets bestanddeler, i betydelig grad reduserer en risikofaktor for utvikling av sykdom hos mennesker». Som svar på ei oppmoding om presisering, la søkjaren fram tap av vatn i vev eller redusert vassinnhald i vev som risikofaktorar med omsyn til dehydrering. På grunnlag av dei opplysningane som vart lagde fram, konkluderte Styresmakta i den vitskaplege fråsegna si som Kommisjonen og medlemsstatane mottok 16. februar 2011, at dei framlagde risikofaktorane er indikatorar på vassmangel og dermed indikatorar på sjukdom. Ettersom det ikkje er påvist at ein risikofaktor for utvikling av ein sjukdom vert redusert, oppfyller ikkje påstanden krava i forordning (EF) nr. 1924/2006 og bør ikkje godkjennast. Etter ein søknad som FrieslandCampina sende inn i medhald av artikkel 14 nr. 1 bokstav a) i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av syrleg fruktjuice som inneheld kalsium med omsyn til å redusere tanndemineralisering (spørsmål nr. EFSA-Q-2009–00501). 3 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde mellom anna følgjande ordlyd: «Redusert risiko for tannerosjon». I artikkel 2 nr. 2 punkt 6 i forordning (EF) nr. 1924/2006 tyder påstand om redusert sykdomsrisiko «enhver helsepåstand som angir, antyder eller gir inntrykk av at inntak av en næringsmiddelgruppe, et næringsmiddel eller én av dets bestanddeler, i betydelig grad reduserer en risikofaktor for utvikling av sykdom hos mennesker». Som svar på ei oppmoding om presisering, la søkjaren fram tanndemineralisering som en risikofaktor for tannerosjon. På grunnlag av dei opplysningane som vart lagde fram, konkluderte Styresmakta i den vitskaplege fråsegna si som Kommisjonen og medlemsstatane mottok 18. februar 2011, at det ikkje er ein årsakssamanheng mellom inntak av syrleg fruktjuice som inneheld kalsium, og reduksjon av tanndemineralisering. Ettersom påstanden ikkje oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1924/2006, bør han ikkje godkjennast. Ved fastsetjinga av tiltaka i denne forordninga er det teke omsyn til dei kommentarane som Kommisjonen har motteke frå søkjarane og andre personar i samsvar med artikkel 16 nr. 6 i forordning (EF) nr. 1924/2006. Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa og verken Europaparlamentet eller Rådet har sett seg imot dei –
1 TEU L 404 av 30.12.2006, s. 9.
2 EFSA Journal 2011; 9(2):1982.
3 EFSA Journal 2011; 9(2):1983.
VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:
Dei helsepåstandane som er nemnde i vedlegget til denne forordninga, skal ikkje førast opp i den EU-lista over påstandar som er tillatne, som er nemnd i artikkel 14 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1924/2006.
Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .
Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 16. november 2011. For Kommisjonen José Manuel BARROSO President
Søknad – relevante føresegner i forordning (EF) nr. 1924/2006 Næringsstoff, stoff, næringsmiddel eller næringsmiddelgruppe Påstand Referansenummeret til EFSA-fråsegna Artikkel 14 nr. 1 bokstav a) – helsepåstand om redusert sjukdomsrisiko Vatn Jamleg inntak av rikelege mengder vatn kan redusere risikoen for utvikling av dehydrering og påfølgjande nedsett yteevne Q-2008–05014 Artikkel 14 nr. 1 bokstav a) – helsepåstand om redusert sjukdomsrisiko Fruktjuice som inneheld kalsium Redusert risiko for tannerosjon Q-2009–00501
Nedenfor gjengis til informasjon norsk oversettelse av forordning (EU) nr. 1171/2011 med de endringer og tillegg som følger av EØS-tilpasningen av rettsakter i samsvar med vedlegg II kapittel XII nr. 67.
KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1171/2011
av 16. november 2011
om avslag på godkjenning av visse andre helsepåstandar om næringsmiddel enn dei som viser til redusert sjukdomsrisiko og til utviklinga og helsa til barn
EUROPAKOMMISJONEN HAR –
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1924/2006 av 20. desember 2006 om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler, 1 særleg artikkel 18 nr. 5 og
I medhald av forordning (EF) nr. 1924/2006 er helsepåstandar om næringsmiddel forbodne med mindre dei er godkjende av Kommisjonen i samsvar med den nemnde forordninga og førde opp i ei liste over påstandar som er tillatne. Ved forordning (EF) nr. 1924/2006 er det òg fastsett at driftsansvarlege for næringsmiddelføretak kan sende søknader om godkjenning av helsepåstandar til den rette nasjonale styresmakta i ein medlemsstat. Den rette nasjonale styresmakta skal sende gyldige søknader vidare til Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik (EFSA), heretter kalla «Styresmakta». Etter at søknaden er motteken, skal Styresmakta straks melde frå til dei andre medlemsstatane og Kommisjonen om dette og gje ei fråsegn om den aktuelle helsepåstanden. Kommisjonen skal ta omsyn til fråsegna frå Styresmakta når han tek avgjerd om godkjenning av helsepåstandar. Etter ein søknad som Yakult Europe BV sende inn i medhald av artikkel 13 nr. 5 i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av levande stammer av Lactobacillus casei Shirota med omsyn til å halde ved lag forsvaret til dei øvre luftvegane mot sjukdomsframkallande stoff ved å halde ved like immunforsvaret (spørsmål nr. EFSA-Q-2010–00137). 2 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde mellom anna følgjande ordlyd: «Dagleg inntak av levande stammer av Lactobacillus casei Shirota i eit surmjølksprodukt medverkar til å halde ved lag forsvaret til dei øvre luftvegane ved å hjelpe immunforsvaret». Kommisjonen og medlemsstatane mottok 18. oktober 2010 den vitskaplege fråsegna frå Styresmakta, der han konkluderte med at det på grunnlag av dei framlagde opplysningane ikkje kunne påvisast nokon årsakssamanheng mellom inntak av Lactobacillus casei Shirota og den påståtte verknaden. Ettersom påstanden ikkje oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1924/2006, bør han difor ikkje godkjennast. Etter ein søknad som Piimandusühistu E-Piim (meierikooperativet E-Piim) sende inn i medhald av artikkel 13 nr. 5 i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart Styresmakta bede om å gje ei fråsegn om ein helsepåstand om verknadene av Lactobacillus plantarum TENSIA TM i halvfast edamerliknande «hjarteost» av merket Harmony TM med omsyn til å halde ved lag eit normalt blodtrykk (spørsmål nr. EFSA-Q-2010–00950). 3 Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde følgjande ordlyd: «Jamleg inntak (minst tre veker) av 50 g/dag Südamejuust («hjarteost») av merket Harmony TM som inneheld probiotisk Lactobacillus plantarum TENSIA TM , medverkar til å halde ved lag hjarte- og karsystemet/eit sunt hjarte ved å senke blodtrykket (hjartesymbol)». Kommisjonen og medlemsstatane mottok 14. februar 2011 den vitskaplege fråsegna frå Styresmakta, der han konkluderte med at det på grunnlag av dei framlagde opplysningane ikkje kunne påvisast nokon årsakssamanheng mellom inntak av Lactobacillus plantarum TENSIA TM i halvfast edamerliknande «hjarteost» av merket Harmony TM og den påståtte verknaden. Ettersom påstanden ikkje oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1924/2006, bør han difor ikkje godkjennast. Alle helsepåstandar som kjem inn under denne forordninga, er helsepåstandar i medhald av artikkel 13 nr. 1 bokstav a) i forordning (EF) nr. 1924/2006 og er difor omfatta av den overgangsperioden som er fastsett i artikkel 28 nr. 5 i den same forordninga. Ettersom Styresmakta konkluderte med at det ikkje var påvist nokon årsakssamanheng mellom inntak av næringsmidla og dei høvesvise påståtte verknadene, er påstandane ikkje i samsvar med forordning (EF) nr. 1924/2006 og vert difor ikkje omfatta av overgangsperioden som er fastsett i den artikkelen. For å sikre at denne forordninga vert oppfylt fullt ut bør både driftsansvarlege for næringsmiddelføretak og dei rette nasjonale styresmaktene gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at produkt som er påførde dei helsepåstandane som er nemnde i vedlegget til denne forordninga, ikkje lenger finst på marknaden seinast innan seks månader etter at denne forordninga har teke til å gjelde. Ved fastsetjinga av tiltaka i denne forordninga er det teke omsyn til dei kommentarane som Kommisjonen har motteke frå søkjarane og andre personar i samsvar med artikkel 16 nr. 6 i forordning (EF) nr. 1924/2006. Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa og verken Europaparlamentet eller Rådet har sett seg imot dei –
1 TEU L 404 av 30.12.2006, s. 9.
2 The EFSA Journal 2010; 8(10):1860.
3 The EFSA Journal 2011; 9(2):1981.
VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:
1. Dei helsepåstandane som er nemnde i vedlegget til denne forordninga, skal ikkje førast opp i den EU-lista over påstandar som er tillatne, som er nemnd i artikkel 13 nr. 3 i forordning (EF) nr. 1924/2006.
2. Produkt som er påførde desse helsepåstandane og som er bringa i omsetning eller merkte før den datoen då denne forordninga tek til å gjelde, kan likevel vere på marknaden i eit tidsrom på høgst seks månader etter den datoen.
Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .
Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 16. november 2011. For Kommisjonen José Manuel BARROSO President
Søknad – relevante føresegner i forordning (EF) nr. 1924/2006 Næringsstoff, stoff, næringsmiddel eller næringsmiddelgruppe Påstand Referansenummeret til EFSA-fråsegna Artikkel 13 nr. 5 – helsepåstand som byggjer på nyutvikla vitskaplege prov og/eller inneheld ei oppmoding om sikring av data som er underlagde eigedomsrett Levande stammer av Lactobacillus casei Shirota Dagleg inntak av levande stammer av Lactobacillus casei Shirota i eit surmjølksprodukt medverkar til å halde ved lag forsvaret til dei øvre luftvegane ved å hjelpe immunforsvaret. Q-2010–00137 Artikkel 13 nr. 5 – helsepåstand som byggjer på nyutvikla vitskaplege prov og/eller inneheld ei oppmoding om sikring av data som er underlagde eigedomsrett Lactobacillus plantarum TENSIA TM «Jamleg inntak (minst tre veker) av 50 g/dag Südamejuust («hjarteost») av merket Harmony TM som inneheld probiotisk Lactobacillus plantarum TENSIA TM , medverkar til å halde ved lag hjarte- og karsystemet/eit sunt hjarte ved å senke blodtrykket (hjartesymbol)». Q-2010–00950
Følgende forordninger legges til i avsnittet «Forordninger og vedtak i pdf» og den innledende teksten oppdateres i samsvar med dette:
Forordning (EU) nr. 1160/2011 Trykk her for å lese oversettelse av forordningen (pdf-fil): (pdf)
Forordning (EU) nr. 1170/2011 Trykk her for å lese oversettelse av forordningen (pdf-fil): (pdf)
Forordning (EU) nr. 1171/2011 Trykk her for å lese oversettelse av forordningen (pdf-fil): (pdf)