Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2012-08-06
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endring:
§ 3-21 skal lyde:
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om det. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurderinga i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.
Skoleeigaren skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgende endring:
§ 3-20 skal lyde:
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om det. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i ein innføringsklasse, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringsklassen. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i ein innføringsklasse kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurdering i heile perioden han eller ho er i innføringsklassen. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.
Styret ved skolen skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
III
Endringene i pkt. I og II trer i kraft 6. august 2012.