Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2012-07-19-753·Kunngjort 24. juli 2012·Journalnr. 2012-0676

I kraft fra: 2012-08-08

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3lov/1998-07-17-61 § 3-4Privatskolelova – prskol § 2-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:

§ 1-15 skal lyde:

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i læreplanverket, jf. § 1-1. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med læreplanverket. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Kommunen gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Før kommunen gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-25 tredje ledd.

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

Nytt tredje ledd i § 3-25 skal lyde:

Elevar på ungdomstrinnet som avsluttar eit fag tidlegare enn det som følgjar av læreplanverket, jf. § 1-15, skal vere med i trekket til eksamen i faget det opplæringsåret faget blir avslutta. Om eleven blir trekt til eksamen etter første punktum, kjem denne eksamen i tillegg til dei eksamenar som departementet har fastsett at eleven skal ha på 10. årstrinn.

Nåværende tredje, fjerde, femte og sjette ledd blir henholdsvis fjerde, femte, sjette og syvende ledd.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgende endringer:

Ny § 2A-11 skal lyde:

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Dagleg leiar gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Fylkesmannen er klageinstans. Før dagleg leiar gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-24 tredje ledd.

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

Nytt tredje ledd i § 3-24 skal lyde:

Elevar på ungdomstrinnet som avsluttar eit fag tidlegare enn det som følgjar av den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, jf. § 2A-10, skal vere med i trekket til eksamen i faget det opplæringsåret faget blir avslutta. Om eleven blir trekt til eksamen etter første punktum, kjem denne eksamen i tillegg til dei eksamenar som departementet har fastsett at eleven skal ha på 10. årstrinn.

Nåværende tredje, fjerde og femte ledd blir henholdsvis fjerde, femte og sjette ledd.

III

Endringene i pkt. I og II trer i kraft 8. august 2012.