Forskrift om bustøtte
I kraft fra: 2013-01-01
§ 1 . Utrekning av bustøtte
Utbetalt bustøtte er 70 prosent av differansen mellom godkjente buutgifter etter § 2 og § 3 og ein eigendel etter § 4, § 5, § 6, § 7 og § 8. For dei som bur i utleigebustader som kommunen disponerer til sosiale føremål, er bustøtta 80 prosent av differansen.
§ 2 . Utrekning av godkjente buutgifter
Husleige for leigde bustader Felleskostnader og utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden for bustader i burettslag, eigarseksjonssameige, aksjeleilegheiter og obligasjonsleilegheiter For andre bustader er godkjente buutgifter driftsutgifter med kr 12 000 per år utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden utgifter til kommunale avgifter som er fastsett på grunnlag av innhenta opplysningar om gjennomsnittet frå kvar kommune eigedomsskatt festeavgift. For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 000 per år.
§ 3 . Øvre grense for buutgifter
kr 61 000 i ein husstand med ein person kr 65 500 i ein husstand med to personar kr 70 000 i ein husstand med tre personar kr 74 500 i ein husstand med fire personar kr 79 000 i ein husstand med fem personar eller fleire.
kr 22 000 høgare i Oslo kr 15 000 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 10 000 høgare i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.
Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 3 000 per år.
§ 4 . Utgangspunktet for fastsetting av eigendelen
Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.
Minste eigendel er kr 17 800 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 90 000 blir 17 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 90 000 lagt til eigendelen.
Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 156 000. Det er 0,3 prosent av ei omrekna inntekt på kr 156 001. Satsen aukar deretter med 0,3 prosentpoeng for kvar kr 1 000 den omrekna inntekta aukar.
Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 193 000 for husstandar som har eit medlem som har varig uførepensjon eller yrkesskadepensjon, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapitla 12 og 13, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 3-21 i loven.
§ 5 . Opplysningar om inntekta og formuen til husstanden
Inntekta og formuen til alle i husstanden blir lagt til grunn ved fastsetting av den omrekna inntekta som er grunnlaget for utrekninga av eigendelen, jf. § 4.
Inntekta som blir nytta er det høgste beløpet av personinntekt (grunnlaget for trygdeavgift til folketrygda) og allmenn inntekt (arbeids-, kapital- og næringsinntekter, med dei frådrag som følgjer av skattereglane) med tillegg av eit beløp som svarar til minstefrådraget i skattelikninga.
Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt.
Barn under 18 år kan ha ei inntekt på kr 30 000 per år utan at ho blir teke med i grunnlaget for bustøtte.
All inntekt og formue i eller frå utlandet, som ikkje går fram av likninga, blir rekna med brutto beløp i norske kroner.
§ 6 . Formue som blir lagt til inntekt
Til inntekta blir det lagt 16 prosent av netto formuen til husstanden, med fråtrekk for eit fribeløp. Fribeløpet er kr 250 000 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 500 000.
§ 7 . Omrekning av inntekt etter talet på personar i husstanden
Det blir fastset ei omrekna inntekt som blir nytta ved utrekninga av eigendel, jf. § 4. Inntekta til husstanden, medrekna tillegg for formue, blir dividert med ei vekt etter kor stor husstanden er. Vekta til husstanden kjem fram ved å summere dei einskilde vektene til personane i husstanden. Første person i husstanden har vekta 1,0 og kvar einskild av dei andre personane har ei vekt på 0,1.
§ 8 . Inntektsperiode
Inntektsopplysningar frå sist tilgjengelege skattelikning blir nytta i utrekninga, jf. § 5.
Eit overslag over omrekna inntekt i det kalenderåret, der perioden det er søkt om bustøtte for inngår, skal likevel nyttast dersom overslaget for den omrekna inntekta er meir enn kr 50 000 over den øvre grensa for å få bustøtte. Retten til bustøtte fell då bort.
Dersom forventa inntekt for den perioden det blir søkt om bustøtte for ligg 10 prosent under det som følgjer av den siste likninga, kan eit overslag for omrekna inntekt i perioden bli lagt til grunn for utrekninga av bustøtte.
§ 9 . Søknaden
Ein søknad om bustøtte skal setjast fram på søknadsskjema og innan fristen Husbanken har fastsett. Ufullstendige søknader blir rekna som om dei ikkje er komne innan søknadsfristen. Blir søknaden retta innan éin månad etter søknadsfristen, blir han likevel rekna som komen innan fristen.
§ 10 . Opplysningar om husstanden og bustaden
Den første i kvar månad er utgangspunktet for alle opplysningar om husstanden og bustaden ved utrekninga av bustøtte for denne månaden.
Både dei som faktisk bur i bustaden og dei som er registrerte i folkeregisteret som busette på adressa, blir rekna med i husstanden. Det kan i særlege høve gjevast fritak frå kravet om registrering som busett i bustaden.
§ 11 . Opplysingsplikt om endringar
Søkjaren skal gje opplysningar til kommunen om endra forhold som søkjaren forstår eller bør forstå har verknad for utrekning og utbetaling av bustøtte.
§ 12 . Utlevering av opplysningar
NAV, likningskontor og andre kommunale instansar som i sakshandsaminga si treng opplysningar om dei som får bustøtte og kor mykje bustøtte dei får revisjon eller anna form for kontroll av verksemda til Husbanken og kommunane.
§ 13 . Utbetaling
Bustøtte blir utbetalt på etterskot rundt den tiande i kvar månad. Minste utbetaling er kr 300 per månad.
Husbanken betaler bustøtte direkte til søkjaren. Utbetalinga skal skje direkte til kommunen dersom søkjaren og kommunen har inngått avtale om det, jf. lov om bustøtte § 9.
§ 14 . Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake
Dersom etterkontroll syner at husstanden har hatt ei omrekna inntekt i kalenderåret, som er kr 100 000 over den øvre inntektsgrensa som gjev rett til bustøtte, kan støtta for heile året krevjast tilbake utan omsyn til skuld. Krav under kr 10 000 skal likevel ikkje betalast tilbake.
§ 15 . Rett til motrekning
Bustøtte kan bli nytta til motrekning av eit krav som Husbanken har på tilbakebetaling av feil utbetalt bustøtte.
§ 16 . Ikraftsetjing
Forskrifta blir sett i kraft 1. januar 2013. Frå same tidspunkt blir forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte oppheva.
§ 17 . Overgangsordningar
Krava til bustad i bustøttelova § 5 bokstav b og c gjeld ikkje for mottakarar som fekk bustøtte for same bustad i juni 2009.
Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt etter omlegginga som følgje av endra reglar for bustøtte eller som følgje av auka trygder og pensjonar i 2008. § 13 om minste utbetaling skal likevel gjelde.
For andre enn unge uføre, jf. § 4 siste ledd, blir overgangsordninga trappa ned med 20 prosentpoeng kvart år over fem år.
Overgangsordningane gjeld mellom anna ikkje dersom bustøttemottakaren flyttar, husstanden endrar seg eller som følgje av anna inntektsauke enn endringar i trygder eller pensjonar eller nedgang i buutgifter.