Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing

LTI/forskrift/2012-11-30-1113·Kunngjort 4. desember 2012·Journalnr. 2012-0912

I kraft fra: 2013-01-01

Endrerforskrift/2006-11-08-1227

I

I forskrift 8. november 2006 nr. 1227 vert det gjort følgjande endring:

§ 8 skal lyde:

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for er gravid og tek i mot svangerskapspengar.

Det kan gjevast tilskot når den det vert søkt tilskot for tek i mot foreldrepengar etter folketrygdlova. I to veker før fødsel til tre veker etter at barnet er kome heim, kan det òg ytast tilskot til faren i inntil 14 samanhengande dagar dersom han bur saman med mora til barnet, og ho ikkje tek i mot tilskot for desse dagane. Same rett gjeld òg ved adopsjon.

Elles gjeld reglane i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) § 14-4 til § 14-18 så langt dei høver.

II

Endringa trer i kraft fra og med 1. januar 2013.